
– Opnar nye dører for korleis ein kan tenkje som lærar
Denne hausten får lærarstudentar i Bergen innsikt i Den kulturelle skulesekken.
– Vi har vore så heldige å få til eit samarbeid med Den kulturelle skulesekken, og i dag er første gong vi har ei gjennomkøyring, fortel Anita Torsvik, høgskulelektor ved Høgskulen på Vestlandet (HVL).
Saman med førsteårsstudentane på grunnskulelærarutdanninga har ho nettopp fått sjå ei DKS-framsyning. I tillegg har det vore ein samtale og spørsmålsrunde med DKS-utøvarane, og Charlotte Espeland frå DKS Vestland har fortalt om Den kulturelle skulesekken.
DKS-besøket har blitt til gjennom eit samarbeid mellom HVL, DKS Vestland og Kulturtanken, og er ein del av satsingsarbeidet for å få Den kulturelle skulesekken inn i lærerutdanninga.
Kan bidra til betre møte mellom skulen og kunsten
DKS-produksjonen studentane fekk oppleve var "To hundre og sekstini dagar" med forfattar og musikar Roald Kaldestad og musikar Roy Ole Førland. Framsyninga er basert på barneboka med same namn av Roald Kaldestad og illustratør Bjørn Rune Lie. Litteratur, musikk og visuell kunst blir fletta saman gjennom opplesing, musikk, lydkulissar og illustrasjonar på storskjerm.
Kaldestad er ein svært erfaren DKS-utøvar, som faktisk har reist på skuleturnear heilt sidan 2000, året før DKS blei ei nasjonal ordning. Han trur absolutt at det å få DKS inn i lærarutdanninga kan bidra til at møta mellom skulen og kunsten blir betre.
– Det har vore ein del forsking som har etterlyst tettare samarbeid, så det kan jo umogleg vere dumt å knyte dei tettare saman.
– Det er jo desse studentane som skal ut i skulen om nokre år, så det er jo veldig matnyttig for dei å sjå kva som fungerer og kva dei kan gjere for å ta imot ei framsyning på skulen. Då veit dei litt kva det går i og kva DKS er for noko. Det var gode spørsmål og fin prat, fortel Kaldestad.
Samtidig er han oppteken av at den kunsteriske opplevinga må stå i sentrum for DKS.
– Det trur eg er veldig viktig, at det ikkje går andre vegen, som eit slags bestillingsverk frå læreplanen. Då blir det noko anna.


Ein av studentane som sette stor pris på DKS-besøket var Sebastian Sjøvold, som studerer musikk i grunnskulelærarutdanninga 5.-10. trinn.
– Eg synest det var veldig fint, veldig inspirerande. Det opnar nye dører for korleis ein sjølv kan tenkje som lærar, ved å bruke praktisk-estetiske læringsprosessar. I tillegg gir det litt innblikk i kva elevane kan komme til å møte på. Eg likte spesielt det dei sa om å snakke med elevane i forkant og førebu dei på det dei skal sjå, fortel førsteårsstudenten.
Fint samspel mellom teori og erfaring
Besøket frå DKS er del av ei temaveke om praktisk-estetiske læringsprosessar, og inkluderer førsteårsstudentane som skal bli grunnskulelærarar for både 1.-7. trinn og 5.-10. trinn.
– Det er eit veldig fint samspel mellom det teoretiske som studentane har på pensum og det dei fekk erfare gjennom DKS-produksjonen. Du merka det på stemninga i rommet. Det var ei vemodig historie om sakn, håp og vennskap, som eg trur mange kan kjenne seg igjen i. Studentane var veldig engasjerte og kom med mange spørsmål, fortel Stine Ravnå, førsteamanuensis i pedagogikk på HVL. Ho held fram:
Dei kan få reflektert over betydninga av kunst og kultur i skulen, og det at elevane får lov å erfare det òg.
Stine Ravnå, førsteamanuensis HVL
– Eg trur at denne framsyninga hadde noko å tilby til begge kull, som dei kan ta med seg vidare. Dei kan få reflektert over betydninga av kunst og kultur i skulen, og det at elevane får lov å erfare det òg.
– Studentane får ikkje berre snakke om praktisk-estetiske læringsprosessar, dei får erfare det på kroppen. Dei får eit litt anna blikk, med tanke på danning og overordna del av læreplanen, og at dei får erfare at skulen og lærarrolla er så mykje meir enn det dei kanskje hadde tenkt på førehand, seier høgskulelektor Anita Torsvik.

Ønskjer vidare samarbeid
Denne septemberdagen markerte startskotet for samarbeidet mellom Høgskulen på Vestlandet og Den kulturelle skulesekken, og dei håpar det blir fleire DKS-besøk framover.
– Ja, vi har ein vidare plan. Andre året på lærarutdanninga har studentane PEL-emnet: Læraren og eleven i mangfaldige læringsmiljø, der mangfald, inkludering og tilpassa opplæring er sentral tematikk. Vi har ein dialog med DKS Vestland om å få ei framsyning rundt dette temaet, fortel Torsvik.
– Dette året blir på ein måte ein pilot for oss. Vi gjer oss nokre erfaringar, og så ser vi korleis vi kan ta samarbeidet vidare derfrå. Eg tenkjer DKS-besøka passar veldig godt inn i at det no er ønskjeleg med ein meir praktisk og variert skule, avsluttar førsteamanuensis Stine Ravnå.
