
390 millionar til Den kulturelle skulesekken
Spelemidlane frå Norsk Tipping til kulturformål i 2026 er fordelt.
Spelemidlane frå Norsk Tipping til kulturformål i 2026 er fordelt, skriv Kultur og likestillingsdepartementet i ein pressemelding.
– Arbeidarparti-regjeringa prioriterer leselyst, auka deltaking og mangfald i kulturlivet. Vi vil gje fleire barn og unge moglegheit til å delta i, skape, og oppleve kunst og kultur – uavhengig av bakgrunn og storleiken på lommeboka, seier kultur- og likestillingsminister Lubna Jaffery.
Den kulturelle skulesekken blir tildelt 390 millionar kroner, åtte av desse er øyremerkte Leselyststrategien.
– Vi er glad for at finansieringa til det kanskje aller viktigaste kulturtiltaket for barn og unge er stabil i ei uroleg tid, og at regjeringa satsar på å auke leseferdigheitene og lesegleda til barn og unge, seiar Matias Hilmar Iversen, direktør i Kulturtanken.