Foredrag: Drone – kunst, poesi eller overvaking
Med kunstnar Anders Eiebakke.
Datatilsynets oppgåve er å verne om grunnleggjande individuelle rettar – retten til å ha eit privatliv og til å hindre spreiing av personlege opplysningar. Opphavet til ideala om at personleg informasjon skal hegnast om går heilt tilbake til opplysingstida til 1700-talet, men i dagens høgteknologiske samfunn, ligg forholda meir til rette enn nokosinne for å spreie og samle privat informasjon i enorme omfang.
Kunstnar Anders Eiebakke har interessert seg for problematikken i lang tid og har sidan 2008 arbeidd med dronar. Gjennom åra har han utvikla ein eigen, måkeliknande flygande drone med kamera, og ein av Eiebakkes dronemåsar heng no frå taket i trappeløpet hos Datatilsynet.
Eigebakke seier at det pågåande arbeidet med dei måkeliknande dronane er eit poetisk og maktkritisk prosjekt, og ein kommentar til den pågåande konflikten mellom sivilsamfunnet og militær sektor om definisjonsmakt, kontroll og tilgang til luftrom.