Foredrag: Makropol om VR og XR

Foredrag: Makropol om VR og XR

Med Mads Damsbo, grunnleggjar og sjefsprodusent for MAKROPOL.

MAKROPOL utforskar nye former og område der historier kan utfalde seg. Den 1. mars presenterer dei bruken sin av ny teknologi som Virtual Reality (VR) og Extended Reality (XR) for å lage kunstprosjekt innan film, teater og installasjonskunst. Verkane dei viser er utgangspunkt for ein samtale som tek barn og unge som kunstpublikum på alvor.

Makropol har i ei årrekkje utvikla ulike kunst-, teater- og filmprosjekt med VR, AR og MR teknologi. Dei er verdsleiande på feltet og har vist prosjekta sine på dei største festivalane. For tida held dei på med å byggje den første XR-kinoen i verda i København. Bakgrunnen deira er i tradisjonell filmatisk forteljarkunst, men uttrykka deira spenner over eit vidt spektrum av media- og kunstformer. Produksjonane byggjer på transformerande og formande narrativ gjennom bruk av ny og interaktiv teknologi innan film-, teater- og installasjonskunst.

Foredraget blir halde av Mads Damsbo, som er grunnleggjar og sjefsprodusent for MAKROPOL.

http://makropol.dk/