Monica Boracco - portrett

Foredrag: Om teater i digitale kanalar

Med Monica Boracco frå Applaus Scene.

Monica Boracco står bak Noregs første strøymeplattform for teater. I dette foredraget fortel ho om tenesta Applaus Scene og kva moglegheiter som ligg i digital formidling av teater.

Dramatikar Monica Boracco presenterer Applaus Scene, ei strøymeplattform for teater der skular og andre institusjonar kan sjå kvalitetsframsyningar. Her finst klassikarar og nye aktuelle stykke, alle med bakomfilmar og intervju. For dei som ønskjer å dykke djupare ned i framsyningane er det tilgjengeleg eit kompendium med analyse og oppgåver.

Strøymeplattforma er ei digital løysing som kan verke utjamnande både geografisk og økonomisk, og gi fleire høve til å oppleve teaterframsyningar. Dei har som mål å formidle kjærleik til teater og dramatikk til alle barn og unge i heile landet, ved å gi tilgang til det beste frå norske scener.

Monica Boracco er utdanna manusforfattar frå Den Norske Filmskolen. Ho har skrive film, tv og barnebøker og er gründer av Applaus Scene.