Formålet med Vestland Kulturkrets er å styrke dei frivillige kulturorganisasjonane i Vestland økonomisk, organisatorisk, kompetansemessig og kulturpolitisk. Kulturkretsen skal arbeide for å styrke rammevilkåra for det frivillige kulturlivet og vere ein aktiv aktør i utvikling av regional og nasjonal kulturpolitikk.
Tittel på prosjektet
Inkluderingsdugnad 2025
Målgruppe
Det frivillige kulturlivet i Vestland
Om prosjektet
Kulturkrets Vestland skal kartleggje, gjennomføre verkstader, utvikle rettleiar, og arrangere eit stemne for å styrkje inkluderinga av barn og unge i kulturfrivilligheita, med særlig fokus på dei som i dag fell utanfor aktivitetane på grunn av fattigdom, funksjonsnedsetjing, språkutfordringer m.m.
Mål for prosjektet
Å utvikle ein ny samarbeidsstruktur og nye nettverk innanfor og mellom ulike delar av det frivillige kulturlivet i Vestland.
Å utvikle, produsere og dele ein rettleiar for kreativt inkluderingsarbeid - og gjennom dette styrkje medlemstal og medlemsmangfald i organisasjonane i det frivillige kulturlivet.
Arbeidsmetodikk
- Opprette ei referansegruppe med representanter frå ulike organisasjonar som allereie har tiltak retta mot inkludering av barn og unge
- Kartlegge beste praksis i det frivillige kulturlivet sitt arbeid med inkludering og mangfald, og rekruttering av barn og unge.
- Arrangere tre verkstadar med fokus på erfaringsutveksling om inkludering, mangfald og involvering av barn og unge.
- Utvikle ein rettleiar og ein presentasjon med skildringar av god praksis i det frivillige kulturlivet sitt arbeid med barn og unge, inkludering og mangfald.
- Presentasjon på fylkesstemne om kva som er oppnådd gjennom prosjektet, både når det gjeld involvering av barn og unge, og arbeid med inkludering og mangfald generelt.
Geografisk plassering
Regionalt, Vestland
Korleis prosjektet bidra til auka mangfold i kulturlivet
Prosjektet har potensiale til å auke mangfaldet i kulturlivet i Vestland ved å skape fleire lågterskeltilbod og engasjere organisasjonar som jobbar spesifikt med unge frå ulike bakgrunnar.
Det planlagte fylkesstemnet og nettverksbyggjinga kan styrkje det lokale kulturlivet og skape moglegheitar for flere unge deltakarar.
Den planlagte evalueringa av prosjektet vil òg kunne nyttast som ein modell/veileder for andre organisasjonar.
Nettside: https://www.memoar.no/heim