Performancekunstner Jaap Blonk holder en megafon

Mandatendring for Kulturtanken

Kulturtankens mandat er nettopp revidert. Revisjonen er gjord etter at det vart klart at det ikkje er juridisk grunnlag for at Kulturtanken kan vere ein formell forhandlingspart med kunstnarorganisasjonane på vegne av kommunar og fylkeskommunar.

Biletet er frå samtidsfestivalen RiksUltima 2015, eit samarbeid mellom Ultima, DKS Rogaland og dåverande Rikskonsertene. På biletet ser vi performancekunstner Jaap Blonk. Foto: Lars Opstad/Kulturtanken

Punktet som lydde «Føre forhandlingar med utøvar- og rettsorganisasjonar» er derfor teke ut i revidert mandat. Ei anna vesentleg endring i mandatteksten er at Kulturtanken skal «sikre at innhaldet i DKS-ordninga samspiller med læreplanane i skulen» framfor at det «støttar opp under læreplanane i skulen».

– Eg tek mandatendringa når det gjeld det å føre forhandlingar til etterretning, seier direktør Lin Marie Holvik.
– Men eg er samtidig oppteken av, til liks med kulturministeren, at kunstnarane og utøvarane i DKS skal lønnast i tråd med bransjestandard. I tilskotsbrevet som følgde midlane som gjekk ut frå oss til fylka og direktekommunane i juni understrekar vi også at interessene til rettshavarane skal varetakast i samsvar med åndsverkslova. Sjølv om vi no ikkje skal vere ein forhandlingspart, ser vi fram til samarbeid med Kunstnernettverket i tida framover, seier Holvik.

– Elles er eg begeistra for endringa om at vi no skal samspille og ikkje støtte opp under læreplanane i skulen, og for presiseringa om at vi skal samhandle med alle DKS-aktørar, avrundar ho.

Les Kulturtankens reviderte mandat her.

Spørsmål frå Stortinget

Spørsmålet om Kulturtankens rolle ved forhandlingsbordet var nyleg også oppe i Stortinget. Hege Haukeland Liadal (A) sit i Stortingets familie- og kulturkomité, og i juni sende ho kulturministeren skriftleg spørsmål om punktet i Kulturtankens mandat som handla om å «Føre forhandlingar med utøvar- og rettsorganisasjonar». Ho refererte til at dette punktet ikkje lenger skulle vere gjeldande, og at kunstnarlønningane «står heilt stille i påvente av forhandlingar som ikkje skal finne stad».

Kulturministeren svarte at Kulturtanken, i motsetning til tidlegare Rikskonsertene, er «med få unntak ikkje sjølv arbeids- eller oppdragsgivar for utøvarar i DKS-ordninga. Det er derfor ikkje juridisk grunnlag for at dei kan vere ein formell forhandlingspart med kunstnarorganisasjonane på vegner av kommunar og fylkeskommunar».

Les heile innlegget på Stortingets side.