Unge gutter prøver seg på byplanlegging

Stemmene til barn og unge skal med!

Kulturdepartementet og Kunnskapsdepartementet har gått saman om å levere ei felles stortingsmelding om barne- og ungdomskultur i 2020.

Foto: Lars Opstad / Kulturtanken

– Det er første gong i historia at det blir laga ei stortingsmelding om barn, ungdom og kultur, sa kulturminister Trine Skei Grande til Dagsavisen (13.08.2018) då meldinga vart kjend.

Kulturtanken, som etat under Kulturdepartementet og med eit nasjonalt ansvar for Den kulturelle skulesekken, har fått i oppdrag å involvere barn og unge i arbeidet med meldinga. Oppdraget består i å koordinere og gjennomføre opplegg for involvering av barn og unge, rundt temaa kunst- og kulturformidling, digitale kunst- og kulturuttrykk, kunst og kultur som ytringar og inkludering og sosial mobilitet.

– Vi er veldig begeistra for at departementa har valt å gi Kulturtanken dette viktige oppdraget. Som fagetat for kunst og kultur til barn og ungdom har vi kompetanse, gode nettverk i heile landet og ikkje minst vurderer vi dette som det viktigaste med heile meldinga; å høyre barna og unges eigne stemmer i polititikkutforminga av deira eiga framtid. Ingenting er viktigare enn nettopp det, seier Lin Holvik, direktør i Kulturtanken.

Samarbeid

Kulturtanken skal også samarbeide med andre aktørar, som til dømes Norsk kulturskoleråd og Landsrådet for barne- og ungdomsorganisasjoner, i tillegg til Arendalsuka Ung, Miniøya og andre viktige arenaer i heile landet som samlar barn og unge.

- At dette er eit viktig arbeid, er eit syn eg nok delar med samarbeidspartnarane våre land og strand rundt, derfor er det viktig at dei er med oss i arbeidet. Med eit oppdrag av ein slik storleik og omfang, som strekkjer seg frå å høyre barn frå 3 til 19 år, både organiserte og uorganiserte frå heile landet, må vi inkludere dei nettverka vi har. Dette er ikkje eit oppdrag Kulturtanken verken kan eller skal løyse åleine. Alle vi som jobbar med barn og ungdom skal bidra i fellesskap, så skal Kulturtanken ta ansvar for at det blir eit så bra grunnlag til meldinga som mogleg, avsluttar Holvik.

Innspela skal ferdigstillast innan 1. oktober 2019.
Last ned oppdragsbrevet (PDF / 0,3 MB)


Biletet er henta frå DKS-produksjonen «Byplansjefene», produsert av Nasjonalmuseet i samarbeid med Brendeland & Kristoffersen Arkitekter.