Portrettbilde av Anette Therese Pettersen, stipendiat i Kulturtanken.

Forskar på scenekunstopplevingar i DKS

Anette Therese Pettersen er stipendiat i Kulturtanken. Med lang erfaring som kritikar og scenekunst for barn og unge som spesialfelt, er ho no i gang med ei doktorgrad der ho fordjupar seg i feltet.

Pettersen vil sjå nærmare på publikums opplevingar av scenekunst i Den kulturelle skulesekken (DKS) og skal nytte kritikk for og med barn og unge som metode. I dette intervjuet fortel ho meir om kva ho har sett seg føre å utforske i avhandlinga si.

Kva forskar du på og korleis?

– Eg skal undersøkje kva elevar opplever i møte med scenekunst i DKS. Med fokus på sjølve opplevinga vil eg undersøkje korleis elevane opplever scenekunsten. Kva gjer framsyningane med elevane? Kva for nokre kunstnariske prosessar resonnerer i dei, og korleis speler rom, kontekst, med publikum og sceniske verkemiddel inn på opplevinga deira?

Den kulturelle skulesekken går ut til alle elevar på alle skular i landet. Kvifor ønskjer du å bruke nettop DKS som felt for studiet?

– Det finnes avgrensa med forsking på publikum og resepsjon i DKS. På ei DKS-framsyning vil ein potensielt ha både det interesserte publikummet som ønskjer å sjå scenekunst, og dei som er der motvillig og som i utgangspunktet ikkje er så interessert eller oppteke av dans eller teater. Eg ønskjer å undersøkje kva meining kunstopplevinga gir dei og kva erfaringar dei har som dei tek med seg i kunstopplevinga, og at vi kan seie noko om kva som treffer dei og ikkje, og ikkje minst kvifor.

Kvifor kritikk som metode?

– Kritikk er eit format for kunstrefleksjon i offentleg rom, men kan òg dyrkast som autonom tekst - teksten din, refleksjonen din. Det er eit nyttig verktøy for å komme forbi skildringar som «gøy» eller «kjedeleg». Med kritikken får vi teknikkar for å snakke om framsyninga med elevane. Dessutan er det mogleg å leike med formatet, strekke og tøye det og gjere det til sitt eige.  Men eg ønskjer ikkje å avgrense kritikken til det konvensjonelle avismeldarformatet. Eg vil opne opp for refleksjonen til elevane, uavhengig om formatet blir rim eller ei novelle. Kritikken skal vere lystprega for elevane. Eg vil at dei skal reflektere rundt opplevinga og kvifor ho blei slik, konteksten, som til dømes skulesituasjonen med klassekameratar og lærarar, og opne opp for heile opplevinga.

Korleis speler erfaringa di som kritikar inn i prosjektet?

– Eg vil aktivt bruke praksisen min som scenekunstkritikar i forskingsprosjektet. Først vil eg kartleggje og undersøkje kritikkformat for ungdom, både nasjonalt for å sjå kva kritikkforståing som allereie er i bruk i DKS, men også internasjonalt for å undersøkje kva slags kritikkformat som er i bruk utanfor DKS.

I andre del av prosjektet vil eg forske på opplevinga gjennom skriveverkstad med ungdommane, som hovudsakleg blir elevar i ungdomsskulen og i vidaregåande skule. Vi nyttar kritikktilnærmingar i etterkant av scenekunstframsyningane dei har sett i DKS. Målet er å undersøkje korleis kunsten verkar, kva verksforståing dei har, og opne opp for at eleven kan ha ei scenekunstforståing som eg som voksen - og som kritikar - ikkje har tilgang til. I etterkant av skriveverkstadene vil eg samle inn tekstane som blir produserte, og analysere dei.

Kva er bakgrunnen for at du har valt deg nettopp dette feltet og denne problemstillinga?

– Det er ei tredelt bakgrunn eller interesse for dette. Eg er interessert i korleis DKS og det at ein opplever kunst som ein del av skulekvardagen formar opplevinga og meiningsdanninga. Korleis speler skulekvardagen inn, kva betyr det at du ser ei teaterframsyning saman med klassen din, etc.

Eg er sjølv oppteken av korleis framsyningar verkar, korleis kunsten kan vere transformerande – men også eit startpunkt for ein tanke eller prosess, eller inngå i ein prosess ein allereie er i: korleis kunsten gir meining i livet til den enkelte.

Kritikken som tekstsjanger: som autonom tekst som både dokumenterer eit møte med ei framsyning/verk og som også er det teoretikar og kritikar Diana Damian Martin kallar ein «politisk hending» - ein sjølvstendig prosess der kritikaren i forlenginga av møtet med framsyninga skriv eller lagar sitt eige verk, sin eigen tekst.

Har avhandlinga fått ein tittel?

– Noverande arbeidstittel er: Kritisk distanse eller euforisk omfamning? Med følgjande undertittel: «Undersøking av kvalitetsforståingar i DKS gjennom utprøving av format/metodar for elevutført, performativ scenekunstkritikk»

Om Anette Pettersen

Stipendiat tilsett i Kulturtanken og teke opp ved forskarutdanningsprogrammet Kunst i kontekst ved Fakultet for kunstfag, Universitetet i Agder.

Kjem frå Kristiansand, har stort sett budd i Oslo sidan 2003. Har òg sjølv halde kritikkurs i DKS, og dessutan skrive mykje om scenekunst for barn og DKS meir generelt.

Har ei master i teatervitskap frå UiO (2006), og har sidan verka som scenekunstkritikar. Ho har mellom anna vore redaktør for Kulturrådets prosjektside Kunstløftet.no, og dessutan fagredaktør for Scenekunst.no, og danse- og teaterkritikar for ei rekkje publikasjonar.

Ho har initiert og drive prosjekt som Critics in Conversation og Dansekritikerrørsla, og var kurator for teori i kunstprosjektet TOpublic, og utgjer halvparten av kuratorduoen theisen/pettersen. Redaktør for publikasjonar som Kritikk for ein fråverande lesar (2018, Pettersen og Sandvik) og for ein bokserie i fem bind, om Verk Produksjoner (2018-19, Pettersen og Borch Skolseg).

Doktorgradsprosjektet er delfinansiert av Noregs forskingsråd, Kulturtanken og Universitetet i Agder gjennom ordninga Offentlig sektor-ph.d.