Kulturtankens direktør, Lin Marie Holvik, står på scenen

Vil samle DKS-ordninga!

Meir kunst og kultur av høg kvalitet til det viktigaste publikummet i verda! Det er blant måla med ny nasjonal portal for Den kulturelle skulesekken (DKS), som blei opna i dag.

Alle foto: Knut Sørhusbakken / Kulturtanken

– Vi skal opne dører til kunsten og framtida for alle elevar i landet, og den nye DKS-portalen vil bidra til dotte, sa Kulturtankens direktør, Lin Marie Holvik under lanseringa i Nydalen.

Kulturtanken er nasjonal etat for DKS-ordninga, ei ordning som innebefatter DKS-administrasjonar i alle fylka i landet og ei rekkje kommunar. Gjennom ordninga blir sikra alle elevane i landet profesjonell kunst og kultur i skulen. No har Kulturtanken utvikla ein ny portal for DKS, som mellom anna er for utøvarar og administrasjon, og dessutan synleggjer kunst og kulturproduksjonar i DKS til alle skular og elevar.

Bilder fra åpningen av ny portal for DKS
Bilder fra åpningen av ny portal for DKS
Kulturtankens direktør, Lin Marie Holvik, står på scenen
Bilder fra åpningen av ny portal for DKS
Bilder fra åpningen av ny portal for DKS
Bilder fra åpningen av ny portal for DKS
Bilder fra åpningen av ny portal for DKS
Bilder fra åpningen av ny portal for DKS

Samlande innovasjonsprosjekt

- DKS-portalen er eit nasjonalt digitalt innovasjonsprosjekt, som samlar ordninga i ei felles administrativ ordning. Dette har vore ein dugnad, og denne portalen eig vi saman, sa Holvik under lanseringa.

- Eit moderne og brukarvennleg einskapleg system som kjem til å bli viktig for fylkeskommunane og kommunane, sa Jon Endre Røed Larsen, kultursjef i Buskerud fylkeskommune og påtroppande sjef for kunst og kultur i nye Viken, og takka prosjektgruppa for god involvering i utviklinga av portalen.

Representanten og leiaren for kunstnarnettverket for Norsk Skuespillerforbund, Knut Alfsen, er oppteke av at utøvarane skal få mest mogleg tid og rom til å jobbe med kunst.

- DKS-portalen eit kjærkomme bidrag som både forenklar administrasjonen og sparer tid for utøvaren i DKS, med éin stad for innmelding av forslag og éin frist å ta omsyn til, sa Alfsen.

DKS viktig i oppdraget til skulen

«Meir kunst og kultur av ypparste kvalitet til barn og unge» er noko som varmar hjartet til kulturministeren, sa statssekretær Frida Blomgren, som representerte statsråd Skei Grande under opninga. Ho påpeika at portalen vil bidra til å senke terskelen for deltaking, og heve statusen for kunst og kultur til barn og unge.

Julie Midtgarden Remen, statssekretær for kunnskapsminister Jan Tore Sanner, sa at portalen vil bidra til å styrkje samarbeidet mellom DKS og skulen.

- DKS er eit viktig bidrag i oppdraget til skulen om utdanning og danning, sa Remen.

DKS-ordninga er Noregs største arbeidsplass for kunstnarar og kulturformidlarar. I 2018 fekk 800 000 elevar unike kunst- og kulturopplevingar i skulen, takka vere 3500 utøvarar, med kunst- og kulturproduksjonar innan litteratur, visuell kunst, film, scenekunst, kulturarv og musikk.

Fakta - Dette er DKS-portalen:

  • ein innmeldingsportal for utøvarar med éin frist i året (1. oktober 2019)
  • eitt felles fagsystem for alle som jobbar med administrasjon av DKS (hausten 2019)
  • ein bank med oversikt over alle produksjonar i DKS (skuleåret 2020/2021)
  • visningsrute for elevar og lærarar om deira DKS-tilbod (skuleåret 2020/2021)

Prosjektet er støtta med 9,6 millionar kroner av Direktoratet for forvaltning og IKT (Difi).

Her er nye nettsider og inngang til DKS-portalen: https://www.denkulturelleskolesekken.no/