llustrasjonsbilde med rapportforside

Rapport: Dataspel som kulturuttrykk i DKS

Kulturtanken har gjennomført ei kartlegging av moglegheitsrommet for å inkludere dataspel i Den kulturelle skulesekken.

Det er kjent for mange at dataspel utgjer ein stadig veksande del av barne- og ungdomskulturen. Avdelingsdirektør for kunst, kultur og skule i Kulturtanken, June Breivik, påpeikar betydninga av å ta kunst- og kulturuttrykket til samtida på alvor, og at dataspel er ein del av dette.

– Får mediet ein større plass i DKS, vil ein kunne reflektere kvardagen til barn og unge på ein endå betre måte. Dataspel har òg eit mykje større kunstnarisk og kulturelt uttrykk enn det mange trur. Vi ønskjer å vise fram andre sider av speluniverset, som ikkje berre er e-sport og det ein les i media, seier ho, og legg til at mediet skal passe innanfor rammene i skulesekken.

Høg kunstnarisk kvalitet

Rapporten byggjer på kunnskap frå fleire relevante kjelder. Mellom anna arrangerte Kulturtanken i september i fjor ein nasjonal delingskonferanse kalla Spilltanken: Korleis kan dataspel sjå ut i DKS?, i tillegg blei det i samarbeid med DKS Oslo gjennomført ein dataspelpilot (mobilspelet My Child: Lebensborn) på to ungdomsskular i Oslo. Ein har òg mellom anna hatt lengre samtalar med éin DKS-planleggjar og éin DKS-utøvar, der ulike relevante problemstillingar har blitt diskuterte.

Det er viktig at opplevinga skal vere av høg kunstnarisk og formidlingsmessig kvalitet, men òg at spela ikkje kjem i konflikt med prinsippet om reklamefridom i skulen. I og med at DKS skal dekkje formidling av seks ulike kunst- og kulturuttrykk, vil det vere avgrensa midlar for kva slags spel som vil vere aktuelt å inkludere.

Samtidig vil dataspel ha evna til å presentere dei andre uttrykka i nye former, slik at dei ikkje får redusert nærværet sitt i ordninga.

Vil inkludere VR, AR og appar

Ettersom DKS-administrasjonane har uttrykt at dei per i dag har mangelfull kompetanse om dataspel, og at det dermed vil vere vanskeleg å gjennomføre nødvendige kvalitetsvurderingar, er det mogleg at Kulturtanken ønskjer å følgje opp dataspelpiloten frå i fjor – då skal det i større grad leggjast vekt på kunstnariske orienterte dataspel og eit formidlingsopplegg rundt dette.

I samband med dette bør ein òg vurdere ei lengre prøveordning for eit nytt kunst- og kulturuttrykk i DKS kalla «spel og interaktive medium», der formidlingsteknologien òg kan inkludere eksempelvis VR (Virtual Reality), AR (Augmented Reality) og eigna appar, i tillegg til dataspel. I etterkant kan det evaluerast om kategorien bør innførast permanent på linje med dei seks andre etablerte uttrykka i DKS.

Målet med å setje i gang piloten vil vere å stimulere til utvikling av fleire produksjonar retta mot DKS-ordninga, som eksperimenterer med bruk av ny teknologi i formidlinga av kunst og kultur til barn og unge, inkludert dataspelproduksjonar.

Les og last ned rapporten her (pdf)