– Eit nasjonalt direktiv vil virkelig gjere stor endring for ordninga

– Eit nasjonalt direktiv vil virkelig gjere stor endring for ordninga

Tidlegare fagkoordinator Øyvind Sunde Høstaker i DKS Sogn og Fjordane deler sine tankar om kulturkontakt-rolla og kva han meiner er essensielt for at ho skal fungere.

Tegnet norgeskart. Rune Kvammen uthevet

– Vi ynskjer at kulturkontaktane skal vere godt informerte om det som DKS-administrasjonen sender ut i form av tilbod, lærarrettleiing med meir. Kulturkontakten er også ofte den som må «selje inn» DKS på skulane, seier Høstaker.

Øyvind Sunde Høstaker er no i seksjon for kulturformidling, avdeling for kultur, idrett og inkludering, Vestland fylkeskommune.

Øyvind Sunde Høstaker er tidlegare fagkoordinator i DKS Sogn og Fjordane.

Veit du om det er fleire enn Rune Kvammen i regionen din som både er kulturkontakt og rektor? Kva fordeler kan det vera å ha ein i leiinga i skulen som kulturkontakt?

– I Sogn og Fjordane er også Thomas Poul Reines Hals ved Kjølsdalen Montessoriskule både kulturkontakt og rektor, men dei er nok få utanom det. Det er kanskje ikkje rektorane som har best høve til å prioritere arbeidet med DKS på ein skule, men det er veldig viktig at ordninga blir forankra i leiinga og er med i skulane sine planar.

– Har du inntrykk av at mange kulturkontaktar blir verande i rolla i mange år?

– Ja, mange skular har hatt same kulturkontakt i dei ni åra eg har arbeidd med skulesekken. Det er ofte dei som er mest dedikert til arbeidet med og tilrettelegging av DKS som blir over lang tid.

LES: Intervju med kulturkontakt Rune Kvammen

Om å kompensera kulturkontaktar

– Rune Kvammen får 4000 kroner ekstra i året for arbeidet som kulturkontakt. Veit du om fleire kulturkontaktar får økonomisk godtgjerdsle for arbeidsoppgåvene knytte til rolla?

– Økonomisk godtgjerdsle er kanskje mest avgjerande om DKS fungerer på ein skule eller ikkje. Eg kjenner ikkje til slik godtgjerdsle, men enkelte har det som del av stillinga på linje med samlingsstyrar med meir. Her vil eit nasjonalt direktiv virkelig gjere stor endring for ordninga.

Økonomisk godtgjerdsle er kanskje mest avgjerande for om DKS fungerer på ein skule eller ikkje.
Øyvind Sunde Høstaker

Tilbod til kulturkontaktane

– Vi har hatt eit godt samarbeid med kulturkontaktane i Sogn og Fjordane. Konferansen «Felles barn, felles ansvar» har vore ein årleg møtestad for fagleg påfyll og presentasjon av DKS-tilbodet for grunnskulen. For kulturkontaktane i vgs har det saman med opplæringsavdelinga kvar haust vore arrangert ein fagdag om DKS i vgs.

Om kulturvertar

– Opplæring av elevvertar/kulturvertar har tidlegare vore gjort i ganske stor utstrekning. Mellom anna med kurset elevar som arrangørar frå Rikskonsertane. Mange av skulane har etablert gode ordningar for utveljing og opplæring av kulturvertar. Tilbakemeldingane frå utøvarane er klare på at der dei møter elevar som kulturvertar har skulane og elevane eit tettare eigarskap til framsyningane som kjem.

Nettside


LAST NED:
Ti tips til kulturkontaktar