Tegnet norgeskart med utvhevet "Kenneth Ulla"

– Kulturkontaktar bør ha arbeidsoppgåvene som ein del av stillinga si

Kulturkontakt Kenneth Ulla samarbeider tett med DKS Møre og Romsdal. Rådgivar Camilla Wiik deler tankane sine om rolla og fylkestilbodet til kulturkontaktane.

– Å vera kulturkontakt er ei utruleg viktig rolle. Men det er òg viktig at denne rolla har ein naturleg plass i skulen og at arbeidet er godt forankra hos skuleleiinga, fortel Camilla Wiik, rådgivar i Kulturavdelinga, Møre og Romsdal fylkeskommune.

– Vi ser at kulturkontakten ikkje berre treng støtte frå oss, men også frå si eiga leiing. Dei bør ha arbeidsoppgåvene som ein del av stillinga si. Vi ser der kulturkontaktane jobbar godt med førebuingar, er møta så mykje betre. Dei klarer òg å utnytta kunstmøta mykje betre, ein oppnår i større grad relevans for elevar og lærarar og dei bruker òg meir tid på forarbeid og etterarbeid.

Camilla Wiik, rådgivar Kulturavdelinga - seksjon for kulturformidling, Møre og Romsdal fylkeskommune
Camilla Wiik, rådgivar Kulturavdelinga - seksjon for kulturformidling, Møre og Romsdal fylkeskommune

LES: Intervju med Kenneth Ulla, kulturkontakt på Haramsøy skule

Om samarbeidet

Dere får ros av Ulla for å vera flinke til å finna gode løysingar ved behov – og for kor hyggelege de er. Er dette viktig for de?

– Så hyggeleg. Ja, det er veldig viktig for oss å vera imøtekommande og så løsningsorientert som mogleg. Dei ute i kommunane og på skulane veit kva som fungerer best hos seg, og det blir alltid best viss vi har ein god dialog.

– Eg føler at vi stort sett har eit godt samarbeid med kulturkontaktane våre, informasjonsflyt og opplæring fungerer godt. Kanskje vi burde ha fleire møtepunkt med dei. Nokon seier at dei saknar tettare kontakt med sin eigen kommunekontakt. Kulturkontaktane er jo kontakten vår i skulane, dei er eit viktig bindeledd mellom oss og skulen. Vi burde nok ha brukt med tid på dei og kanskje fått dei til å jobba meir med si eiga skuleleiing.

Tilbodet til kulturkontaktar

– Vi har hatt kulturtorg til og med 2018. I 2019 gjekk vi over til å arrangera ein større konferanse over to dagar. Vi skulle òg gjera dette i 2020, men han vart avlyst på grunn av korona. Innhaldet i kulturtorget er vanlegvis visning av ulike produksjonar, dialogkonferanse, fagleg påfyll og nettverk. Vi gir opplæring til alle nye kulturkontaktar og møtepunkt for alle éin gong i året.

Korleis ordninga er organisert i fylket

Ulla har innbakt arbeidsoppgåvene som kulturkontakt i rektorstillinga si. Veit du korleis andre kulturkontaktar i regionen løyser dette?

– Nokon får det som ein del av stillinga si og ekstra tid. Eg har ikkje høyrt om at nokon får ekstra betalt. Det er alltid best når dei har fått avsett tid til denne oppgåva. Vi ser at dei kulturkontaktane er ofte meir dedikerte og er godt førebudd til besøk. Det er òg veldig bra når skuleleiinga, som rektor, er kulturkontakt. Forankring av ordninga blir mykje betre.

Det er alltid best når dei har fått avsett tid til denne oppgåva. Vi ser at dei kulturkontaktane er ofte meir dedikerte og er godt førebudd til besøk.

— Camilla Wiik

Om Kulturlauget

– Vi har rundt 220 skular i fylket og i år har vi bestillinger frå 155 skular, så det er ganske bra. I kommunar der dei har stor aktivitet i det lokale tilbodet, ser vi at det blir bestilt færre verkstader. Men eg veit ikkje heilt kvifor, det kan vera ulike prioriteringar i dei ulike kommunane.

Fakta
Fylket har cirka 220 skular, det betyr like mange kulturkontaktar. Fylket har ikkje faste produksjonar til ulike trinn. Alle produksjonar turnerer i tre år. Årsaka er at det er cirka den tida det tar å dekka fylket. Derfor er det alltid nokre vidareføringar på programmet, og dessutan nye produksjonar.

LAST NED: Ti tips til kulturkontaktar

Nettside