– DKS gjer skulen til ein betre plass å vere. Det er eg heilt overtydd om

– DKS gjer skulen til ein betre plass å vere. Det er eg heilt overtydd om

Haldningar til DKS heng saman – med den enkelte skules kultur – kva slags skule ein ønsker å være og kva ein vil oppnå, meiner rektor og kulturkontakt Kenneth Ulla.

Når Kenneth Ulla skal helde innlegg og fortelje om Haramsøy skule og kva han brenn for, så henvisar han ofte til Opplæringslova paragraf ein. Der står det at skulen skal være med å opne dører mot verda og fremtida og gi elevane historisk og kulturell innsikt og forankring.

– Skule er så mye meir enn fag. Å få inn eksterne aktørar som DKS gjer skulen til ein betre plass å vere. Det er eg heilt overtydd om, seier han.

LAST NED: Ti tips til kulturkontaktar

Kenneth Ulla er kulturkontakt og rektor på Haramsøy skule - portrett
Kenneth Ulla er kulturkontakt og rektor på Haramsøy skule - portrett

Å etterleve skulens motto

Ulla brenn for skulens rolle i elevars liv. Han siterer ein kollega som ein gong blei spurt om kjenneteknet på at ein driv ei vellykka skule. «Når elevane plystrar på veg til skulen», var svaret.

– Mange skal gå på skulen i 20 år. Vi kan ikkje ta knekken på dei som tiåringar! Vi må halde på gleda dei har ved å gå på skulen.

Han understrekar betydinga aktørar som DKS har for å klare dette. For dei tilbyr noko anna og noko meir.

– Å gje elevane gode opplevingar er ein viktig del av skulekvardagen, påpeikar Ulla.

Haramsøy skule sitt motto er «Sett og verdsett». Visjonen er at alle skal oppleve fagleg og sosial meistring. Kenneth Ulla og kollegaene er opptekne av kva mottoet inneber i praksis.

– Som rektor kan eg setja retning for skulen. Men det er viktig å alltid køyra prosess og få med lærarane. Vi snakkar mykje om kven vi er og kva slags skule vi ynskjer å driva.

Gjev variasjon

Ulla overtok kulturkontakt-rolla då han blei tilsett som rektor. Rett og slett fordi det var to stillingar ledig, og han tenkte det var enklast. I tillegg er han sjølv interessert i kultur. I ettertid meiner han det var ei klok avgjerd. Det er også derfor han fråmleis har begge rollene, ni år seinare.

Skulens førre kulturkontakt hadde litt tid avsett i si stilling til arbeidsoppgåvene. Ulla baker dei inn i rektorstillinga.

– Eg synes det er kjekt – og fint å få variasjonen frå kjedelege ting på kontoret, he-he. Eg gjer det med glede!

Han påpeikar at DKS-besøk er ein fin anledning for han å møte elevane og understrekar gleda han sjølv får av å sjå DKS-produksjonar.

Elevar hjelper til med opp- og nedrigg. Alt anna gjer han stort sett sjølv. Ifølgje Ulla går det heilt fint å kombinere arbeidsoppgåvene med det å være rektor.

– Det er veldig oversiktleg og greitt, særleg viss du er litt i forkant. Eg vil gå så langt som til å seia at det å vere kulturkontakt er ei heilt overkommeleg oppgåve for absolutt alle.

Eg vil gå så langt som til å seia at det å vere kulturkontakt er ei heilt overkommeleg oppgåve for absolutt alle.

Kenneth Ulla

Eigen motivasjon er viktigast

Nokre kulturkontaktar har tatt til orde for nasjonale retningsliner. Så det ikkje er opp til den enkelte skuleleder å måtte finne ressursar til arbeidsoppgåvene.

Ulla meiner det viktigaste er skulen sin eigen motivasjon.

– Som leiar for ein liten distriktsskule er eg ikkje så glad i nasjonale retningslinjer. Å være kulturkontakt blir ikkje enklare dersom skuleledelsen og personalet ikkje har ein eigen drive og synes at DKS er viktig. Da blir det uansett halvhjerta, seier han.

Fornøgde med tilbodet

Haramsøy skulen har 10–15 DKS-produksjonar i løpet av eit år. Dei fleste skjer på skulen.

På ein liten utkantskule som vår har det ein ekstra verdi å få besøk. Det å oppleve flinke folk med ulike fråmsyningar og verkstadar på eigen heimebane, det er luksus, eigentleg!

Han roser utøvaranes profesjonalitet og poengterar kor hektisk mange turnéar er, med til dømes to framsyningar kvar dag i ein trevekers-periode.

– Eg har berre fine ting å si om utøvarane i DKS. Dei er fantastisk proffe!

Haramsøy skule får både tildelt produksjonar kor tilbodet varierer frå år til år, og kan velgje frå lista til Kulturlauget*. I utgangspunket inneber tilbod frå sistnevne ein eigenandel, men stipendordninga til kommunen medfører at tilbodet i praksis har vore gratis.

Å være kulturkontakt blir ikkje enklare dersom skuleledelsen og personalet ikkje har ein eigen drive og synes at DKS er viktig. Da blir det uansett halvhjerta.
Kenneth Ulla

– Vi nyttar oss i stor grad av Kulturlaugets tilbod og veljar fem til ti framsyningar årleg. Som skule er vi veldig fornøgde med totaltilbodet frå Den kulturelle skulesekken Møre og Romsdal.

Legg til rette for lærarane

Reint praktisk så får Ulla ei liste på vårparten frå DKS Møre og Romsdal med info om årets framsyningar, samt lista med Kulturlaugets tilbod. Han går gjennom tilbodet på eit personalmøte, og i etterkant sender lærarane inn sine ønske med tanke på kva dei tenker kan vere fint for eigne elevar.

Så prioriterer Ulla og melder inn skulen sine ønske til DKS Møre og Romsdal.

Han legg seg ikkje opp i kva slags for- og etterarbeid den enkelte lærar gjer, men legg til rette ved å sende ut info med lenker til foreslåtte opplegg som ligg på denkulturelleskulesekken.no.

Nokre produksjonar som kjem er berre ein happening. Og det tenker eg kan vere fint i ein stressande skulekvardag. Ein skal ikkje undervurdera verdien av opplevingar som knyter skulen i lag.

DKS også viktig for personalet

Som rektor set han jamleg fokus på DKS og underbygger verdien av ordninga på personalmøte.

– Vi har fått ein veldig fin kultur på at DKS er noko å sjå fram til. Kvaliteten på produksjonane har dessutan vore fantastisk bra! Det er lett å motivere og engasjere lærarane i tilbodet, fortel han.

Ulla har aldri opplevd at ein lærar har uttrykt at DKS stel tid frå fag. Han meinar det igjen handlar om måten dei tenkjer skule på.

– På Haramsøy skule er vi ikkje så opptatt av å telje timar i fag, det gjeld også ungdomsskulen. Vi ønsker å sjå skulen som ein heilskap. Kulturen vi har opparbeidd over mange år gjer at alle lærarane opplever besøk frå DKS som noko veldig positivt. Det er nok vanskelegare å vere kulturkontakt viss du har ein skuleleiar som ikkje har særleg fokus på skulens rolle utover fag, eller viss han/hun ikkje er oppteken av kva DKS kan bidra med.

Den erfarne kulturkontakten fortel at på lærarrommet på Haramsøy skule blir DKS-produksjonar ofte diskutert i etterkant av eit besøk.

– Å få besøk frå DKS samlar også personalet. Ein skal ikkje kimse av det, avsluttar Kenneth Ulla.

10 tips til kulturkontaktar – last ned

Vi har samla tips fra dei seks kulturkontaktane i ein nedlastbar pdf.

Fakta om Kenneth Ulla:

  • Yrke: Rektor.
  • Arbeidsstad: Haramsøy skule er ein kombinert barne- og ungdomsskule som ligg på Austnes på Haramsøya. Skuleåret 2019/20 hadde skulen 102 elevar og 15 lærarar.
  • Antall år som rektor: Ni (siden 2011), alle på Haramsøy skule.
    Han gjekk sjølv på skulen som barn. Ulla er utdanna lærar og har jobba på fleire skuler. Han har også erfaring frå næringslivet og kommunen. Han vende tilbake til skuleverket i 2009.
  • Antall år som kulturkontakt: Ni.
  • Organisering av kulturkontakt-rolla på skulen: Det er innbaka i rektorstillinga.
  • Tid brukt på kulturkontakt-rolla: Gjennomsnittleg to timar kvar månad.
    – Det går veldig i rykk og napp. Eg deltek sjølv på mange av framsyningane, men det er ein fin personleg oppleving å vere med på til dømes ein konsert, at eg synst det ville vore rart å rekne det som jobb.
  • Antall kulturvertar: Skulen har ikkje utstrekt bruk av ordninga. Ved behov tek elevar frå elevrådet imot gjestane eller ynskjer velkommen til framsyninga. Elevar hjelp også til med opp- og nedrigg.
    – Å involvere elevar meir som kulturvertar er noko me kan bli flinkare til.

*Kultursekken er eit samlebegrep for satsinga på kulturformidling i barnehage, grunnskule og vidaregåande skule i Møre og Romsdal. Kultursekken vert realisert gjennom tiltaka Kulturnista og Kulturlauget, samt gjennom kommunane sine lokale Kultursekkprosjekt. Kultursekken er Møre og Romsdal fylkeskommune sitt svar på Den kulturelle skulesekken.


LES:
DKS Møre og Romsdal om kulturkontakt-rolla

Relaterte artiklar

illustrasjon av et band på en scene

Lanserer digitale kurs for kulturarrangører

– Vi ønsker både å ruste opp kompetansen i mottakerapparatet og å bidra til økt anerkjennelse av viktigheten av å være kulturarrangør. Dette er et steg på veien og vårt bidrag, sier Jim-Raymond Hansen, teknisk produsent i DKS Nordland.

– Det er viktig at DKS-tilbudet ikke fremmedgjør, men heller åpner dører

Hver gang Haugerud skole får besøk av Den kulturelle skolesekken, tror elevene til Ida Hauknes at hun er utøvernes største fan.

Illustrasjon: Norgeskart med tegninger av kulturkontakter.

Kulturkontakt – en essensiell rolle

Seks kulturkontakter landet rundt forteller om gleder og utfordringer ved å være kulturkontakt.