Lin Marie Holvik under lanseringen av DKS

Kulturtankens direktør har fått ny jobb

– Eg vil takke for eit spennande oppdrag, og snart fire utruleg givande år i Kulturtanken, seier Lin Marie Holvik.

Ho har takka ja til å bli rektor på Thor Heyerdal Videregående skule i Vestfold og Telemark fylkeskommune.

Kulturtanken – Den kulturelle skulesekken Noreg er Kulturdepartementets eigen etat for kunst og kultur til barn og unge i skulen. Kulturtanken har det nasjonale ansvaret for DKS-ordninga. Arbeidet skjer i samarbeid med Kunnskapsdepartementet. Kulturtanken blei etablert i 2016, som eit resultat av at Rikskonsertane i 2015 fekk eit nytt og utvida mandat, nytt namn og nye oppgåver som ei nasjonal eining for alle kunstuttrykka i Den kulturelle skulesekken.

– Åra i kunst og kultursektoren har vore viktige. Gjennom samarbeid med dyktige kollegaer og reiser rundt heile landet, besøk på skular, kulturhus eller institusjonar har eg lært og opplevd mykje om eit fagfelt eg no vil prøve å løfte vidare frå perspektivet til skulen. Vi veit jo allereie svært mykje om kva barn og unge ønskjer og vil ha meir av. Det viser Kulturtankens BUSK-rapport ganske tydeleg, seier Holvik.

Som ein del av arbeidet med Barne- og ungdomskulturmeldinga fekk Kulturtanken i oppdrag å få fram stemmene til dei unge for å leggje til rette for politikkutvikling med vekt på synspunkta og perspektiva deira. I 2019 fekk over 1000 barn og unge frå heile landet utrykt sine meiningar om kunst- og kulturformidling, digitale utrykk, kunst og kultur som ytringar, inkludering og sosial mobilitet. Materialet blei samla i BUSK-rapporten som blei overlevert til Kulturdepartementet i oktober 2019.

– Erfaringa mi er at tilsette i fylke og kommunar, kunstnarar, barn og unge sjølv, foreldre og lærarar; alle brenn for at det skal bli meir kunst og kultur for barn og unge både i skulen og på fritida. Så veit vi at for å få dette til må vi ha både engasjement og fakta, og vilje til prioritering. For meg har oppdraget med omstillinga handla nettopp om å etablere ein etat som fremjar gode heilskaplege strukturar for DKS-ordninga på ulike nivå, og ikkje minst knytte den nærmare skulen. Eit viktig oppdrag vidare bør no vere å knyte kunst og kulturfeltet for barn og unge nærmare saman, og dessutan bidra til ytterlegare kunnskapsutvikling. Det trengst, slik eg vurderer det, ei heilskapleg stemme i debatten som viser kor viktig kunst og kultur faktisk ER for barns utvikling. Vi får til mykje meir saman enn kvar for oss. Eg har stor tru på at dette no kjem i Barne- og ungdomskulturmeldinga, seier Holvik.

– Så ønskjer eg sjølvsagt alle kunstnarane lykke til vidare i sitt enormt viktige arbeid. Sjølv om ikkje alle har vore samde i det oppdraget som blei gitt meg i 2016, håpar eg at eg framover kan vere ein ressurs og ei stemme frå ståstaden til skulen. Skal vi klare å skape ei berekraftig verd for barn og unge må alle bidra, og stemma til kunsten kan ikkje vurderast høgt nok i så måte.

Lin Marie Holvik byrjar i den nye jobben seinast 1. april 2020.