Bilder fra avslutningen til tidligere direktør for Kulturtanken, Lin Marie Holvik.

Kulturtankens direktør takka av

– Du har vore ei aktiv stemme og levert svært godt på oppdraget du blei gitt. Dette har vore viktig, særleg for målgruppa barn og unge, sa statssekretær Knut Aastad Bråten i talen sin til Lin Marie Holvik.

Kulturtanken blei etablert i 2016, som eit resultat av at Rikskonsertane i 2015 fekk eit nytt og utvida mandat, nytt namn og nye oppgåver som ei nasjonal eining for alle kunst- og kulturuttrykka i Den kulturelle skulesekken.

Lin Marie Holvik har vore direktør sidan august 2016. Sist fredag blei det halde avslutning for henne, som etter snart fire år gjer seg som direktør i Kulturtanken og går over i ei stilling som rektor ved Thor Heyerdal vidaregåande skule i Larvik frå 1. mars.

Løfta opp det digitale som kan få mykje å seie for barn og unge

Statssekretær Knut Aastad Bråten heldt tale på vegner av Kulturdepartementet under avslutninga, som fann stad i Kulturtankens lokale i Nydalen.

– Du har vore ei aktiv stemme, både inn mot departementet og ut i offentlegheita. Du har levert svært godt på oppdraget du blei gitt og stått i dei kampane som har vore nødvendig å kjempe. Dette har vore viktig – særleg for målgruppa barn og unge, sa statssekretæren.

Han trekte òg fram Kulturtankens arbeid med å samle innspel fra over 1000 barn og unge (BUSK), som blir ein viktig del av den første kulturmeldinga i landet for barn og unge, som blir lagde fram i haust.

– Basert på innspela såg vi at barn og unge opplever mellom anna ei generasjonskløft og manglande forståing frå vaksne for digitale kunst- og kulturuttrykk. Her har eg fått høyre at du sjølv (Lin Marie Holvik, red.mrk.) nok er eit unntak. Kulturtanken har gjennom satsinga på ein kunstlab vore med på å setje desse spørsmåla på dagsorden i DKS, i dialog med utøvande kunstmiljø og kunst- og kulturinstitusjonar. Dette har vore eit nyskapande og framtidsretta arbeid, som potensielt kan få mykje å seie for kunst- og kulturformidlinga til barn og unge, sa Bråten, som også overrekte blomar til hovudpersonen på vegne av Kulturdepartementet.

Bilder fra avslutningen til tidligere direktør for Kulturtanken, Lin Marie Holvik.
Statssekretær i Kulturdepartementet, Knut Aastad Bråten, heldt tale til Lin Marie Holvik

Forpliktinga vår er å vere på lag med dei unge

Lin Marie Holvik takka Kulturdepartementet og dei tilsette for tilliten ho har fått til å utføre oppdraget med omstilling og etablering av ny etat.

–Vi må hugse på at det er viktig å drøyme om ei betre framtid for barna og barnebarna våre. Kultur kan både påverke og utgjere ein stor skilnad for barn og unge, og digitale formidlingsmåtar vil få mykje å seie for kor mange som kan oppleve kunst og kultur uavhengig av kvar dei bur. Vi er heldige som er arbeidstakarar med ein profesjon innanfor kulturfeltet og det er forpliktinga vår kvar dag å gå på jobb for å strekkje oss etter løysingar som er på lag med den kommande generasjonen, sa ho i avslutningstalen sin.

– Erfaringa mi er at tilsette i fylke og kommunar, kunstnarar, barn og unge sjølv, foreldre og lærarar; alle brenn for at det skal bli meir kunst og kultur for barn og unge både i skulen og på fritida. Så veit vi at for å få dette til må vi ha både engasjement og fakta, og vilje til prioritering. For meg har oppdraget med omstillinga handla nettopp om å etablere ein etat som fremjar gode heilskaplege strukturar for DKS-ordninga på ulike nivå, og ikkje minst knytte den nærmare skulen. Eit viktig oppdrag vidare bør no vere å knyte kunst og kulturfeltet for barn og unge nærmare saman, og dessutan bidra til ytterlegare kunnskapsutvikling. Det trengst, slik eg vurderer det, ei heilskapleg stemme i debatten som viser kor viktig kunst og kultur faktisk ER for barns utvikling. Vi får til mykje meir saman enn kvar for oss. Eg har stor tru på at dette no kjem i barne- og ungdomskulturmeldinga, sa Holvik tidlegare i januar da ho bekjentgjorde si avgang.

Øystein Strand, avdelingsdirektør i Kulturdepartementet, vert konstituert som ny direktør for Kulturtanken fra 1. mars 2020.

Bilder fra avslutningen til tidligere direktør for Kulturtanken, Lin Marie Holvik.
Holvik fekk blomar frå Bråten på vegner av Kulturdepartementet.