Gruppebilde: Kultur- og likestillingsminister Abid Q. Raja, Leif-Ove Hansen, generalsekretær i Unge funksjonshemmede , Birgitte Brekke, prosjektleder for Frivillighetens år 2022 i Frivillighet Norge, Kulturtankens direktør Øystein Strand og Jo Morten Weider, Ungdomsrådets kontaktperson i Kulturtanken.

Aukar med fire millionar – totalt ni millionar til inkludering i kulturlivet

Kulturdepartementet aukar budsjettet til den nye tilskotsordninga på grunn av mange gode søknader. Ordninga utgjer dermed ni millionar. Totalt 55 prosjekt får støtte.

Kultur- og likestillingsminister Abid Q. Raja i møte med Kulturtanken, Unge funksjonshemmede og Frivillighet Norge.

Kulturminister Abid Raja besøkte i dag hovudkontoret til Unge funksjonshemmede for å dele nyheita om at tilskotsordninga blir auka med fleirfaldige millionar kroner.

–Eg er glad for å kunne vere her og komme med nyheita om fordelinga av midlane frå den nye tilskotsordninga Inkludering i kulturliv. Inkluderande og brei deltaking skaper samhald og fellesskap. Det frivillige kunst- og kulturlivet i Noreg er ein unik arena for inkludering i heile landet, uavhengig av kjønn, etnisitet, religion, seksuell orientering, funksjonsevne eller sosial og økonomisk bakgrunn. Eg er òg spesielt glad for at Kulturtanken har engasjert sitt eige ungdomsråd i arbeidet med å finne fram til lokale prosjekt i heile landet som får støtte no. Medverknaden til barn og unge er ein nøkkel til å skape eit kunst- og kulturliv der alle kjenner seg heime, sa kultur- og likestillingsminister Abid Q. Raja.

Stor interesse for tilskotsordninga

Den nye tilskotsordninga skal sikre at fleire barn og unge kan delta i organiserte kulturaktivitetar. Det har vore stor interesse for ordninga, og ved utløpet av søknadsfristen var det komme inn 135 søknader med ein samla søknadssum på nærmare 34 millionar. Arbeid med inkludering i kulturlivet vekkjer interesse og engasjement over heile landet, og nesten alle fylke er representerte i søknadsbunken.

– Frivilligheita har vist stor interesse for å inngå samarbeid med aktørar frå ulike sektorar og med profesjonelle aktørar, slik at mange av prosjekta står fram som solide samarbeidsmodellar som kan bidra til at fleire barn og unge deltek i kulturaktivitetar, seier Kulturtankens direktør, Øystein Strand.

Inkluderingsarbeid i kulturlivet inneber arbeid med fleire målgrupper. Prosjekta i tilskotsordninga vil jobbe med tiltak retta mot barn og unge frå låginntektsfamiliar, med minoritetsbakgrunn, nasjonale minoritetar og barn og unge med funksjonsnedsetjingar. Dette er i tråd med satsinga til regjeringa på mangfald.

Nyttig kunnskap for vidareutvikling

Kulturtanken har tildelt 55 prosjekt tilskot i første søknadsrunde. Søknader som er tildelte støtte har vist god forståing for kunsten og det inkluderande potensialet til kulturen og har demonstrert kunnskap om barrierane i dei spesifikke gruppene for deltaking.

Kulturtanken har prioritert prosjekt som er knytt til ein kunst- eller kulturaktivitet som har høve til å sikre rekruttering til kulturfeltet og kulturaktivitetar frå målgruppene på lengre sikt. I tillegg er det lagt vekt på regional fordeling og fordeling på ulike kunst og kulturuttrykk. Dette er i samsvar med overordna prinsipp for ordninga.

– Tiltaka kan gi oss eit godt kunnskapsgrunnlag for vidare utvikling av ordninga og av arbeid med inkludering i kulturlivet generelt. Kulturtanken ønskjer å dele erfaringane som blir gjorde så kunnskapen blir tilgjengeleg for alle aktørar som vil jobbe med inkludering, seier Strand.

Abid Raja sitter ved møtebord.
– Medverknaden til barn og unge er ein nøkkel til å skape eit kunst- og kulturliv der alle kjenner seg heime, sa kultur- og likestillingsminister Abid Q. Raja under dagens lansering.

Medverknaden til barn og unge

Kulturtankens ungdomsråd har gitt faglege råd i utveljingsprosessen - basert på kunnskapen deira om perspektiva og behova til barn og unge. Det er essensielt for Kulturtanken å lytte til målgruppa sine eigne stemmer.

– Det var viktig for oss å involvere Ungdomsrådet. Det handlar om forankring og reel medverknad, om at dei som blir ramma, altså barn og unge, får ta del i avgjerdene. I tillegg gav det oss verdifull ungdomsfagleg kompetanse inn i arbeidet, seier seniorrådgivar Jo Morten Weider, Ungdomsrådets kontaktperson i Kulturtanken.

Emil Johan Stenhaug representerer Ungdom og Fritid i Ungdomsrådet.

Emil Johan Stenhaug - portrett
Emil Johan Stenhaug. Foto: privat

–Noko av det vi vektla mest var at prosjekta var nytenkjande og kreative. Det var viktig at søkjarane hadde konkrete planar for kva som skulle gjerast og eit tydeleg fokus på høvet barna og unge hadde til å påverke innhaldet for prosjektet. Eg tenkjer at vi i Ungdomsrådet bidrog med ei endå høgare forventning om ordentleg medverknad i dei utvalde prosjekta, det at dei hadde konkrete moglegheiter og planar for korleis stemmene til barn og unge skulle bli høyrde, seier Stenhaug.

Det var viktig at søkjarane hadde eit tydeleg fokus på høvet barna og unge hadde til å påverke innhaldet for prosjektet.

— Emil Johan Stenhaug,medlem av Kulturtankens ungdomsråd

Fakta om tilskotsordninga

  • Skal sikre at fleire barn og unge får høvet til å delta i organiserte kunst- og kulturaktivitetar.
  • Lansert hausten 2020.
  • Tilskot blir delt ut i 2020, men aktivitetar kan finne stad i 2021.
  • Neste søkjerunde blir kunngjord våren 2021.

Les meir om ordninga

Unge funksjonshemmede er éin av 55 tilskotsmottakarar. Dei får støtte til å utvikle ein inkluderingsrettleiar for aktivitetstilbydarar.
Samarbeidspartnar er Frivillighetens år, som blir arrangert av Frivillighet Norge.

Pressemelding frå Kulturdepartementet


Oversikt over dei 55 prosjekta som har fått tilskot (PDF)

Toppbilete: Kultur- og likestillingsminister Abid Q. Raja i front. Frå høgre: Leif-Ove Hansen, generalsekretær i Unge funksjonshemma , Birgitte Brekke, prosjektleiar for Frivillighetens år 2022 i Frivillighet Norge, Kulturtankens direktør Øystein Strand og Jo Morten Weider, Ungdomsrådets kontaktperson i Kulturtanken.

Alle bilete: Erik Brandsborg/Kulturtanken