bøker på en benk med røde ballonger bak

Uprisen 15 år – ei historisk analyse

Av Stig Elvis Furset, DKS-ansvarlig for litteratur i Viken fylkesbibliotek

Bilde er tatt i anledning Leseløypa, som var en del av feiringen av 15-årsjubileet for Uprisen. Foto: Vibeke Røgler

Heilt sidan eg begynte i min første bibliotekjobb som ungdomsbibliotekar i 2000, på Rygge bibliotek i gamle Østfold, har ungdomslitteratur vore mi greie. Å pushe bøker på ungdom var den gongen, som no, den ultimate svenneprøven. Den gongen vart det, som no, sett på som ei tilnærma umulig oppgåve. Dette trass i at eg kunne surfe inn i formidlarfaget på Harry Potter-bølgja, og dra nytte av Twilight og Hunger Games i åra etterpå. I denne røynda, der “alle” ungdommar visste kva land Panem var, kor ei felles referanseramme eksisterte i ei ungdomsbok, dukka Uprisen opp. Året var 2007. Idèen, å la ungdom sjølv bestemme prisvinnar, var det Widar Aspeli som stod bak, og Foreningen !les iverksette arbeidet. Så er faren og mora til prisen nevnt.

forsidebildet til boken Handgranateple av Ingelin Røssland
Handgranateple vant Uprisen i 2007

Å pushe bøker på ungdom var den gongen, som no, den ultimate svenneprøven.

Den første vinnaren, Handgranateple av Ingelin Røssland, handla om jakta på eigen identitet. Handgranateple peikte allereie her ut kursen for kva type bøker som har hatt størst sjanse til å vinne: Det er ein lett gjennkjenneleg realistisk roman. For er det noko prisen har gjort, så er det å fyre av skot mot baugen til myta om at unge nærer ein automatisk entusiasme for fantasy. Tygg på dette: I Uprisen si 15 år lange historie, er det kun ein – 1 – klassisk fantasyroman som har stått att som vinnar (meir om den om litt). Og overraskande nok: Den reine sjangerlitteraturen har hatt det trongt på vinnarsida av Uprisen (med unntak for skrekk-dystopiar og Thomas Engers krim).

For er det noko prisen har gjort, så er det å fyre av skot mot baugen til myta om at unge nærer ein automatisk entusiasme for fantasy.

Handgranateple var skriven på nynorsk. I perioden 2007-2012 var nynorskdominansen nesten total på vinnarsida. At ein realistisk nynorskroman skulle danke ut spenningsromanen Alt annet enn pensum av Harald Rosenløw Eeg var overraskande for fleire enn meg. Men eg blir nødt til å stille eit kjettersk spørsmål på mitt eige målføre sine vegne: Møtte Handgranateple og dei komande nynorskvinnarane for liten konkurranse?   

bokomslag til boken Marki Marko av Terje Torkildsen
Marki Marco vant Uprisen i 2009

For dei fire første åra var det ein vaksenjury som nominerte bøkene som dei unge i juryklassane skulle lese. Denne juryen, som vart skifta ut kvart år, ser ut til å ha fungert som vaksenjuryar flest. Stikkordet då er representasjon. Her skal ein ha mest mulig variasjon i utvalg, sjanger og kjønn på forfattaren. Juryen nominerte nynorsk språk, biletbøker/teikneseriar og ikkje minst bøker som i feltet ofte blir kalt for “ungdomsbøker som vaksne likar”.

Alle nynorskvinnarane i desse åra er bøker der underhaldningsverdien sit i førarsetet. Den eine av vinnarane, Marki Marko av Terje Torkildsen frå 2009, var sågar nesten som om Uprisen skulle bedt om eit bestillingsverk.

Ein anna nynorskvinnar med full spiker på underhaldningspedalen i desse åra var fantasy-vinnaren Landet under isen av Lars Mæhle frå 2010. Mæhle har aldri lagt skjul på at han er sjangerforfattar, og at det å skrive sjangerlitteratur kan vere vel så kunstnerisk krevande som anna litteratur. Landet under isen var i alle fall eit svært ambisiøst verk, der den tematiserte tusenårs med religionshistorie på knappe 540 lettleste sider. Eg trur ein mindre sjangerkompetent forfattar ville knekt nakken i forsøket.

Etter 2010 var det slutt på vaksenjuryen sine nominasjonar. Heretter skulle nominasjonane vere basert på ungdom sine eigne anmeldelsar av bøkene på Uprisen.no. Og ungdom sjølv sat i nominasjonsjuryen. Ungdom avgjorde alt frå start til mål. Kva skjedde når vi fekk dette ungdommelege frisleppet på litteraturen? Jau, feil bok vann. Og Uprisens svar på Martin Scorsese vart født.  

Kva skjedde når vi fekk dette ungdommelege frisleppet på litteraturen? Jau, feil bok vann.

Bokomslag til boken Landet under isen av Lars Mæhle
Landet under isen vant Uprisen i 2010

Her trengs det ei forklaring: Martin Scorsese er ein amerikansk filmregissør. Trass i at han stod bak ein større innsjø av klassiske filmar gjennom 70- og 80-talet, vann han aldri Oscar. Men, i 1990 var han endeleg Oscarnominert for Mafiabrødre. Greia var berre den at ein anna film som også var nominert i dei gjeve kategoriane Beste film og Beste regi. Den heitte Danser med ulver. Og Danser med ulver, den handla om “viktige tema”, i dette tilfellet behandlinga av urbefolkninga i USA. Gjett kven som vann. I dag er det ingen som ser Danser med ulver frivillig, medan Mafiabrødre går for å vere Scorsese sin beste film.  [FAN1] 

Same skjebne vart Tor Arve Røssland til del då det ungdommelege frisleppet vart totalt i 2011. Røssland hadde gitt ut meisterverket sitt: skrekkromanen Svarte-Mathilda. Ein vaken nominasjonsjury plukka den ut blant dei fem beste. Men kva skjedde på storjurymøtet på Lillehammer det året? Då juryen las opp grunngjevinga sa dei: “Det er mange tema som tas opp, men de viktigste er kanskje kjærlighet, krig, Afghanistan og jenter i militæret.”

bokomslag til boken Fittekvote av Axel Hellstenius og Morten Skårdal
Fittekvote vant Uprisen i 2011

Vinnaren var ikkje Svarte-Mathilda, men Fittekvote av Axel Hellstenius og Morten Skårdal.

Vann “viktige tema” over ein komande klassikar her også? Eller tenkte storjuryen at no fekk det vere nok nynorsk? Uansett, i dag er det ingen som hugsar Fittekvote, medan Svarte-Mathilda framleis blir lesen av stadig nye ungdomskull. Og Tor Arve Røssland? Han har rekord i antal nominasjonar utan å vinne. Fem gonger har han sete i salen utan å bli ropt opp til slutt. Viss det ein gong skjer, så kjem eg til å tenkje: “Denne, Røssland, den får du for Svarte-Mathilda!”

Men etter dette første feilskjæret, så skapte det å la ungdom stå for alle avgjerder nokre svært forfriskande val på både nominasjons- og vinnarsida. Begge juryane hadde i perioden 2012-2017 ein kompromisslaus viljestyrke som mang ein vaksenjury kan misunne dei. Gjennom alle 15 åra har 11 debutantar vore nominerte, og fem av desse har stått igjen som vinnar. Og berre ein ting til om kjønnsbalansen: Dobbelt så mange menn – 12 – som kvinner – 6 – har vunne.  

Det å la ungdom stå for alle avgjerder skapte nokre svært forfriskande val på både nominasjons- og vinnarsida.

Bildeomslag av boken høst av Marianne Kaurin
Nærmere høst vant Uprisen i 2012
forsidebildet til boken Sammen skal vi holde himmelen av Ellen Fjestad
Sammen skal vi holde himmelen vant Uprisen i 2013

Men er det ein storjury som har redusert den mannlege dominansen, så er det utdelinga i 2013. Dette året ser eg for meg at sveitten må ha drope frå veggane i juryrommet på Lillehammer. For her ville ingen gje ved dørene. Juryen kom ut med to prisvinnarar: Nærmere høst av Marianne Kaurin og Sammen skal vi holde himmelen av Ellen Fjestad. Kaurin si bok er den mest overraskande prisvinnaren eg har vore vitne til. Eg såg ikkje for meg at ei i grunnen stillfaren forteljing om fluktrutene til jødane under andre verdskrig, med eit omslag som signaliserer vaksenroman på Oktober forlag, skulle nå til topps. I alle fall ikkje i konkurranse med den vilt intense og livsbejagande romantikken i Sammen skal vi holde himmelen. Men all ære til dei i storjuryen som eg antar nekta å bøye av, men heldt på sitt til fordel for Nærmere høst. Sikkert til det ikkje var pust igjen i rommet. For dei var også kompromisslause, i det som endte opp i eit kompromiss.

Eg såg ikkje for meg at ei i grunnen stillfaren forteljing om fluktrutene til jødane under andre verdskrig, med eit omslag som signaliserer vaksenroman på Oktober forlag, skulle nå til topps.

forsidebildet til boken Brages historie – I morgen er alt mørkt av Sigbjørn Mostue
I morgen er alt mørkt vant Uprisen i 2015

Storjuryen i 2015 hadde ein lettare jobb. For dette året var nesten alle enig, noko som må ha resultert i denne historia sitt kortaste jurymøte. Her var det berre å skrive grunngjevinga for at Brages historie – I morgen er alt mørkt av Sigbjørn Mostue står att som Uprisens mest suverene vinnar. Dette er ei heilt spesiell bok, og eitterkvart serie. Mostue skrudde opp volden til eit nivå som vi ikkje hadde sett i ungdomslitteraturen her til lands. Endeleg kom det ei norsk bok som møtte utfordringa frå The Walking Dead og Hunger Games. Hovudpersonen Brage blir stilt ovanfor situasjonar kor drap viser seg å vere nødvendig. Mange vaksne rynka på nasa, men som formidlar elska eg det. I morgen er alt mørkt-serien er framleis ei rein gåve for den som prøver å få ungdom, og særskilt unge gutar, til å lese. Jubelbrølet som løfta taket på Kulturhuset Banken då Mostue vart kunngjort som vinnar, kan framleis gi meg frysningar på ryggen.

Bokomslag av boken Svarte-Mathilda av Tor Arve Røssland
Svarte- Mathilda vant Uprisen i 2014

I morgen er alt mørkt-serien er framleis ei rein gåve for den som prøver å få ungdom, og særskilt unge gutar, til å lese.

Ei norm i norsk ungdomslitteratur fortel oss at «ja, litteraturen kan vere mørk, men den skal ha håp». Det blir feil å påstå at Mostue etter dette opna dørene på vidt gap for det motsette. Til det er sannsynlegvis dominansen for dette synet hos redaktørstanden i forlaga for sterk. Men allereie året etter viste vinnaren #alfahann av Jan Tore Noreng, at ungdom fint tåler å lese om det dei uansett ser på fjernsyns-seriar, film og spel. I motsetning til Brage i I morgen er alt mørkt,er Torstein i #alfahann usympatisk. Men nett dette, at den skapte engasjement hos lesaren, enten det var for eller imot, var vesentleg for at boka vann. Det er kanskje Uprisens beste jurytekst.

#alfahann av Jan Tore Noreng viste at ungdom fint tåler å lese om det dei uansett ser på fjernsyns-seriar, film og spel.

Men, har det skjedd eit kulturelt taktskifte for Uprisen etter at Galderstjerna av Asbjørn Rydland vann i 2017, kor alle nominasjonane var handlingsdriven spenning? Eg skal ikkje felle nokon bastant dom, men det ser ut som nominasjonsjuryane etter det har tenkt meir som typiske vaksenjuryar. Lista frå 2019 illustrerer poenget mitt: Her er det ikkje måte på breidde i sjanger, kjønn, tematikk. Og lengde. Dette taktskiftet har i alle fall lagt eit press på nominasjonsjuryen si rolle. Ikkje minst når alle fylka stiller med anmelderklassar til neste år. Viss elevane då ser at anmeldelsar dei skriver ikkje blir teke hensyn til, så vil dei stille spørsmål ved kvifor dei skal delta. Mi personlege bekymring går også på at prisen vil miste både særpreg og sjarm.

Vinnerne av Uprisen 2021 - portrett

Like fullt: Årets vinnar, Arvingen - Halve kongeriket, av Randi Fuglehaug og Anne Gunn Halvorsen er den første som legg seg tett opp til underhaldningsromanen som sjanger. Du veit, den som helst skal lesast for å drømme seg vekk, og elles bidrar til “sindets munterhet”.  

Stig Elvis Furset - portrett

Stig Elvis Furset er norsk forfatter, bibliotekar og Elvis-imitator. Han jobber som DKS-ansvarlig for litteratur i Viken fylkesbibliotek.

Han har i mange år hatt ansvaret for Ungdomsbokgildet.

Foto: DKS Viken

Relaterte artikler

Uprisen 15 år ble feiret med leseløype

Årets nominasjonsjury tok utfordringen og deltok på leseløype gjennom Lillehammer. På veien traff de flere kjente forfattere.

To skuespillere i komiske masker leser fra et ark

Snart KOMMA 2021! Her er våre tre tips

Dette synes fagansvarlig for litteratur Kristin Stoltz Thomassen at du skal få med deg i Lillehammer 25. og 26. mai.

Litteraturformidlere og -kritikere samlet til “Kritikkfadderkurs” hos Kulturtanken

Kritikerfadderne

Når elever skal vurdere og juryere bøker til Ungdommens kritikerpris og Uprisen, får de veiledning av en litteraturkritiker – en «kritikerfadder». Men først må kritikeren på kurs i «filosofiske samtaler».