
Open utlysing: DKS littlab 2025 i Telemark
Ønskjer du å bli ein betre formidlar og gje barn og unge ei god litterær oppleving? Har du ein litterær idé eller eit opplegg du ønskjer å utvikle? Då kan du søkje om å bli deltakar på littlab!
Frå DKS littlab i Skien 2023, då formidlar Tale Østrem deltok med prosjektet «Tikk takk - tiden er inne!». Foto: Trine Ruud Grønningen/Kulturtanken
Med midlar frå Kulturtanken, inviterer Telemark fylkeskommune og Skien bibliotek til eit laboratorium for utvikling av litteraturproduksjonar i Den kulturelle skulesekken. I DKS littlab blir du del av ein prosess der du vekslar mellom sjølvstendig arbeid og arbeid i gruppe.
Deltakarane kan få hjelp til å jobbe med:
- bruk av kropp og stemme
- dramaturgi og estetiske verkemiddel
- medviten bruk av rommet
- målgruppetilpassing
Søknaden må innehalde:
- Ei kort forklaring av ideen din, til formidlingsopplegget
- Kvifor du søkjer
- Kva eigenskapar du ønskjer å utvikle som formidlar
- Kva målgruppe du ønskjer å nå – og kvifor akkurat dei
- Relevant CV
- Vi oppmodar deg til å leggje ved ein kort video der du presenterer deg sjølv og prosjektet ditt
Søknadsfrist: 9. juni 2025
- Send søknaden som Word-fil og/eller video (MP4 format) som vedlegg til e-post mari.camilla.honningdal@telemarkfylke.no
- Deltakarar må setje av fire heile arbeidsdagar: 24. og 25. september 2025 +
to dagar i veke 47 (tysdag, onsdag eller torsdag – datoar kjem) - Aktuelle deltakarar blir kontakta innan utgangen av juni
Lab-dagane går føre seg i Skien, der jobbar vi praktisk og kreativt med:
- idéutvikling
- metodeval
- formidlingstrening
- utprøving på skule
Kven ser vi etter?
Vi søkjer etter deg som har profesjonell bakgrunn innan litteratur eller formidling.
Prosjektet ditt kan ta utgangspunkt i:
- bøker, forfattarskap, forteljingar
- illustrasjonar, biletbøker, teikneseriar
- eigne eller andres verk
- samspel med andre kunstformer
- Format: Opplegget må kunne fungere i eit klasserom, for éin eller to klassar
Kva får du som deltakar?
- Reise, overnatting og diett blir dekt
- DKS-dagshonorar etter gjeldande satsar
- Inntil 10 ekstra honorerte timar ved behov for vidare utvikling
Spørsmål?
Ta kontakt med Mari Honningdal
Tlf. 988 85 050
E-post: mari.camilla.honningdal@telemarkfylke.no