
Open utlysing: DKS littlab 2025 i Trondheim
Har du ein idé til ein litteraturproduksjon for barn og unge? Har du regional tilknyting til Innlandet, Møre og Romsdal eller Trøndelag? Vi søkjer deg!
Ønsker du å utvikle eit nytt formidlingsopplegg innan litteratur i Den kulturelle skulesekken våren 2025? Eller har du eit opplegg du ønsker å vidareutvikle eller gjere betre?
DKS i Innlandet, Møre og Romsdal, Trondheim og Trøndelag inviterer til eit laboratorium for utvikling av gode litteraturproduksjonar.
Søknadsskjema og kriterier
- Regional tilknyting til Innlandet, Møre og Romsdal eller Trøndelag.
- Ei kort beskriving (ca. 200 ord) av idé til formidlingsopplegg og kvifor du søker.
- Kunstnarisk CV
Søknadsfrist: 28. februar
Om DKS littlab
DKS littlab er ein utviklingsarena for litteratur i Den kulturelle skulesekken, viss mål er å bidra til betre føresetnader for å skape nytt innhald til DKS-ordninga.
Dette er den første av fleire DKS littlab’er som blir gjennomførte i 2025, med ulikt fokus og i ulike delar av landet.

Deltakarane må sette av tre heile arbeidsdagar, 28.-30. april 2025. Desse tre dagane skal vi jobbe saman i Trondheim. Deltakarane vil få hjelp til å spisse idear, velje metodar, utvikle formidlinga, beskrive prosjekta og komme langt på veg mot ein ferdig DKS-produksjon. Mot slutten av samlinga testar vi ideane på elevar i aktuelle aldersgrupper.
Vi ønsker søknader frå både forfattarar, formidlarar og andre utøvarar. Litteraturproduksjonar kan ta utgangspunkt i bøker, forfattarskap, forteljingar, illustrasjonar, bildebøker og teikneseriar, eller kanskje noko anna? Det kan vere både eigen eller andre sin litteratur. Og både helt nye idéar eller produksjonar de vil vidareutvikle. Formidlinga kan ha mange former, også på kryss av andre kunstformer.
Målet vidare er at dei ferdige produksjonane blir melde inn i DKS-portalen hausten 2025.
- Alle deltakarar får dekt reise, diett og overnatting.
- Alle deltakarar blir honorerte med DKS-dagshonorar (kr 5913) for dagane vi jobbar saman i Trondheim, til saman kr 17 739.
- Om det er behov for ytterlegare arbeid med produksjonen i etterkant, vil det òg bli honorert med inntil 10 arbeidstimar.
Utvalde deltakarar vil bli kontakta seinast i veke 12, 2025.
Alle spørsmål rundt utlysing og DKS littlab kan rettast til Håvard Nervik, fagansvarleg litteratur i DKS Innlandet, anten på e-post havner@innlandetfylke.no eller telefon 900 44 840.