n person sitter ved et keyboard omgitt av farget lys og teknisk utstyr.

Desse mottar midlar frå tilskotsordninga «Inkludering i kulturliv»

65 prosjekt får tildelt midlar på til saman 13 millionar kroner.

Bilde: «Her e Æ!» er et av prosjektene som mottar støtte. En av prosjektets deltakere er Joel Lumba. Foto: Court Ropp

– Arbeidarparti-regjeringa vil at alle barn og unge skal ha moglegheit til å delta i kulturaktivitetar, uavhengig av kvar dei kjem frå og kor stor lommeboka er. Midlane som blir delte ut gjennom denne ordninga, bidreg til dette, seier kultur- og likestillingsminister Lubna Jaffery.

Lubna Jaffery - portrett
Kultur- og likestillingsminister Lubna Jaffery. Foto: Ilja C. Hendel/KUD

Tilskotsordninga «Inkludering i kulturliv» skal fremje kulturaktivitetar som skaper møteplassar på tvers av bakgrunnar og/eller gir nye tilbod til barn og unge som har begrensa tilgang til organiserte fritidsaktivitetar.

Målet er å sikre at alle kan delta, uavhengig av kjønn, etnisitet, funksjonsevne, sosial og økonomisk status eller bustad.

I 2026 er tilskotsordninga på 13 millionar kroner. Totalt får 65 prosjekt tildelte midlar. Av desse har 25 fått fleirårig støtte.

Skallet mann med hvitt skjegg iført mørk dress og lys skjorte står på fortauet foran murbygninger.
- Direktør i Kulturtanken Matias Hilmar Iversen.

I denne runden er det fire nye fleirårige tilskotsmottakarar: Snakk for deg sjøl AS, Kultur- og teaterverkstaden Fyret, Diversify og Norsk Forbund for Utviklingshemmede.

– Blant dei innvilga prosjekta er det estimert at over 1000 barn og unge vil vere involverte i planlegginga av prosjekta, over 12 000 vil vere deltakarar, og rundt 30 000 vil vere publikum. Det er godt å sjå at tilskotsordninga forsterkar arbeidet med å inkludere fleire, seier direktør i Kulturtanken, Matias Hilmar Iversen.

Oversikt over dei 65 prosjekta som er tildelt midlar (PDF)

Fakta

  • Ordninga er ein del av regjeringa sitt arbeid for å gi fleire barn og unge auka tilgang til fritidsaktivitetar i det frivillige kulturlivet.
  • Kultur- og likestillingsdepartementet har gitt Kulturtanken i oppdrag å forvalte ordninga.
  • I 2026 kom det inn 209 søknader.
  • Dei innvilga søknadene er vurderte basert på kvaliteten i søknadene, og omsyn til geografisk spreiing og variasjon i kulturuttrykk og målgrupper.
  • Innstillinga speglar fordelinga i det totale søknadstilfanget innanfor desse kategoriane, samstundes som det er gjort justeringar for å jamne ut skilnader der det har vore mogleg.
  • Sidan 2020 har 296 prosjekt fått midlar frå ordninga.Les om tilskotsordninga og alle prosjekta som har fått støtte.

Vil du holde deg oppdatert om Kulturtankens søkbare midler?

Les om våre tilskuddsordninger

Elevgruppe står på toppen av et fjell med armene i været.

Søkbare midler

Søk på våre tilskuddsordninger innen kunst og kultur for, med og av barn og unge.