
Improviserer seg til leselyst
Enkle improteknikkar lèt barnehagebarn gå inn i bøker med heile seg. Det som starta som eit utviklingsprosjekt i Karmøy kommune, blir no vidareført til fleire barnehagar i Rogaland.
Eit barn har blitt eit kjøleskap. Ein vaksen går bort og lèt som om ho opnar kjøleskapsdøra. Eit anna barn er ein vask. Då kan ein late som om ein skrur på både varmt og kaldt vatn.
«Ja, og» er mantraet. Dersom nokon foreslår noko, tek du velvillig imot og spelar vidare på det. I prosjektet «Bok + impro = sant» er alt lov og alt er morosamt.
Verdien av fantasileik

Leselyst er på alles lepper. Også i Karmøy kommune.
– Utgangspunktet for prosjektet var at vi ville gjere noko nytt i arbeidet med barnehage og leselyst, seier Astrid Havn Tranøy, kulturrådgjevar i kommunen.
Ho fortel kor viktig eit bredtt samarbeid var då dei skulle klekkje ut idear. I tillegg til Astrid frå kulturavdelinga, var også biblioteket og barnehagesektoren representerte.
Barnehagetilsette er allereie dyktige på høgtlesing. Å bruke dokketeater som metode har også vore vellukka. Men improvisasjon (impro) var ein ny idé. I tillegg fann prosjektgruppa forsking på verdien av fantasileik. Dermed hadde dei funne grunnideen: å kople litteratur med improvisasjon, i regi av profesjonelle utøvarar.
Haugesund Teater (HAUT) hadde allereie lang erfaring med impro og blei kopla på prosjektet. Etter kvart fekk konseptet kortnamnet «Bokimpro».
Utgangspunktet for prosjektet var at vi ville gjere noko nytt i arbeidet med barnehage og leselyst.
Astrid Havn Tranøy
Med tog til Leseland
– Vi brukte lang tid på å lage eit opplegg og ein struktur som til slutt var veldig enkel. Bestillinga var at dette skulle bli noko barnehagen kunne drive med sjølv, så det var med på å forme vala, fortel Ole Leirvik, som har den velklingande tittelen «Improsjef, HAUT».

Med hjelp frå biblioteket landa dei på å bruke Besta og Bo-serien av Anne Folkestad. Bøkene er korte, morosame og konkrete.
– Handlinga går føre seg til dømes inne på eit kjøken, ikkje i tankane til nokon. Det gjer det enklare å bruke historia som utgangspunkt, ved at barna til dømes blir ulike gjenstandar som naturleg finst i eit slikt rom.
Prosjektet blei testa i to pilotbarnehagar. Erfaringane derfrå viste verdien av å skape ein smidig overgang til fantasileik.
Bestillinga var at dette skulle bli noko barnehagen kan drive med sjølv.
Ole Leirvik
Opplegget startar med ein liksomtogtur til Leseland. Undervegs køyrer dei innom ulike dyreland. Barna foreslår eit dyr, som ein katt, og etterliknar så lydane og rørslene til dyret før reisa held fram.
– Togturen fungerer veldig godt for å få dei inn i tanken om at «no skal vi late litt saman», bemerkar improsjefen.
Når dei kjem fram til Leseland, formar barna ein av dei vaksne slik at vedkomande liknar karakteren på bokomslaget. Så begynner ein av dei vaksne å lese boka. Undervegs stoppar dei opp ved utvalde scener i forteljinga og har dramaleikar knytte til scenene. Då kan barna foreslå gjenstandar som til dømes finst på eit kjøken, og så forme dei med kroppane sine. Dei vaksne deltek aktivt ved å bruke «gjenstandane».
Barna frys også i «gruppebilete», der dei til dømes lèt som om dei er dyr eller vikingar, som Ole tek bilete av.
Det heile blir avslutta med ei oppsummering av boka og det dei har opplevd undervegs. Og så må dei sjølvsagt ta toget tilbake til barnehagen. For det er jo litt dumt om vi er i Leseland når mamma og pappa kjem!

Fleire måtar å delta på
Før improsjefen og kollega Ane Skumsvoll besøkte pilotbarnehagane, blei heile personalet invitert til eit forkurs.
Ole fortel at han la vekt på tryggleik og på å ufarleggjere improvisasjon og dramaleikar som metode.
– Nokon trur dei må opp på ei scene, lære replikkar og spele teater. Slik er det ikkje. Eg opplever at når personalet blir trygge, tek dei imot impro med opne armar. Ofte viser det seg at dei som i utgangspunktet var mest skeptiske, er dei som kastar seg mest utpå.
Prosjektet hadde som mål å vere mest mogleg inkluderande.
– Fordi impro er så kroppsleg, blir språket mindre viktig. Dermed kan fleirspråklege barn og/eller barn med ulike funksjonsnedsetjingar delta på lik linje. Samtidig blir språket brukt til å snakke om ting som kan finnast i scena dei er i. Barna finn og repeterer ord under improvisasjonen. Det er ein genial måte å få inn både leselyst og språktrening på, bemerkar Astrid.
– Ein kan delta kroppsleg utan å meistre alt det språklege, samtidig som leiken gir høve til å bruke og repetere ord.
Ofte øver barnehagar inn ei framsyning som dei til dømes skal vise til foreldra. I impro er det ikkje ei framsyning som er målet, men sjølve prosessen.
– Saman skaper barna og dei vaksne ei felles oppleving. I tillegg har ungar veldig godt av å sjå at vaksne kan leike, seier Ole.
For at barnehagetilsette sjølve skal kunne ta teknikken i bruk, er det utvikla ein enkel rettleiar om improvisasjon som metode.
– Ein skal kunne ta med dette vidare til kva barnehage som helst ein jobbar i. Alt du treng, er rettleiaren og ei bok, fortel kulturrådgjevaren.
Eg opplever at når personalet blir trygge, tek dei imot impro med opne armar.
Ole Leirik
Gode tilbakemeldingar
Astrid fortel om gode tilbakemeldingar frå pilotbarnehagane.
– Dei fortel at barna i ettertid er lenger i leik og improviserer spontant også i kvardagslege situasjonar.
Ho fortel at pilotbarnehagane har trykt prosjektet til brystet.
– Dette har treft noko dei kan byggje vidare på sjølve, og som passar inn i barnehagekvardagen. Personalet fortel at dei har lært seg å stoppe opp og berre følgje eit innfall, utan å tenkje så mykje på kva planen var. Det er veldig kjekt å høyre.

Spreier seg i Rogaland
DKS Rogaland fekk høyre om Bokimpro då DKS Karmøy delte erfaringar frå prosjektet på eit nettverksmøte for kommunekontaktar. Det førte til at representantar frå fylket besøkte ein av pilotbarnehagane for å sjå opplegget i praksis. I etterkant tok dei kontakt med Karmøy kommune og HAUT. No skal Bokimpro på DKS-turné i Ryfylke.
Parallelt har Haugesund, Tysvær og Karmøy saman med HAUT fått regionale kulturmidlar til å vidareutvikle satsinga i dei tre kommunane.
Turneen tek utgangspunkt i utvalde barnehagar som har delteke på improkurs med Ole og Ane, og som ønskjer å ta Bokimpro i bruk. Satsinga blir også forankra i ei prosjektgruppe for leselyst i barnehagesektoren.
I Karmøy er det dessutan kjøpt inn rundt 40 eksemplar av Besta og Bo - Tanntrøbbel, slik at alle barnehagane i kommunen får eitt eller fleire eksemplar av boka.
– Eg lurer på om forfattar Anne Folkestad veit kor populære bøkene hennar er blitt her i Karmøy! avsluttar Astrid.
Fakta
- Bok + impro = sant er utvikla av Haugesund Teater i samarbeid med Karmøy kommune, med støtte frå Kulturtanken sin tilskotsordning «Litteraturformidling for dei minste». Kortnavnet Bokimpro blir brukt i den vidare formidlinga av prosjektet.
- Det kombinerer tradisjonell leikestund med dramaleik og improvisasjon.
- Målgruppa er barn i alderen 3–6 år, i grupper på 10–20 barn saman med vaksne. Barnehagepersonalet deltek aktivt saman med barna. Øktene varer i om lag ein halvtime. Produksjonen eignar seg også for elevar i 1.-2. klasse.
- Målet er å gi barnehagetilsette konkrete verktøy for å skape engasjerande, inkluderande og aktive lesestunder der barna sjølve deltek i historia.
- Pilotbarnehagene har saman med HAUG delt kunnskap og erfaringar på to fagdagar i regionen for barnehagepersonell.
- Prosjektet blei også presentert av Ole Leirvik under Kulturtankens konferanse «Inclusion in Action», som sette søkjelys på mangfald, inkludering og kunstnarleg formidling til barn og unge.
Les om flere Leselyst-prosjekter
Vil du holde deg oppdatert om våre søkbare midler?
