To jenter samarbeider om et STEM-prosjekt med en liten robot eller elektronisk enhet i et klasserom.

Ny søkbar ordning: Driftsmiddel til kulturfrivilligheita  

Totalt 3,4 millionar kroner skal delast ut til frivillige organisasjonar som jobbar for eit meir mangfaldig og inkluderande kunst- og kulturtilbod for barn og unge.  

Bilde: Illustrasjonsbilete. Foto: Erik Brandsborg

– Driftsmiddel er veldig etterspurde av feltet, seier direktør i Kulturtanken Matias Hilmar Iversen. 

«Inkludering i kulturliv: Driftstilskudd 2027»  har same formål som tidlegare utlysingar av tilskotsordninga«Inkludering i kulturliv», ved at han skal bidra til at alle barn og unge får høve til å delta i kunst- og kulturaktivitetar.   

Skilnaden er at denne utlysinga er retta mot heilskapen av arbeidet til organisasjonar i kulturfrivilligheita. Det er ikkje eit krav at søknaden blir knytt til eit tidsavgrensa prosjekt.   

Skallet mann med hvitt skjegg iført mørk dress og lys skjorte står på fortauet foran murbygninger.
Matias Hilmar Iversen, direktør i Kulturtanken

– Ofte må prosjekt avsluttast akkurat når dei har funne ut kva som fungerer - fordi det då ikkje lenger blir definert som eit prosjekt. Med denne ordninga ønskjer vi at tiltak som vi veit fungerer godt, skal kunne halde fram, seier Iversen. 

Tilskot gjennom ordninga kan brukast til å finansiere både organisasjonsdrifta og gjentakande aktivitetar.  Døme på utgifter er lønn, husleige og andre driftsutgifter, og dessutan aktivitetsrelaterte kostnader som honorar og reiseutgifter.   

Overordna vil den nye driftstilskotsordninga kunne bidra til:  

  • auka mangfald i kulturlivet og fleire moglegheiter for barn og unge til å delta i lokale kulturaktivitetar  
  • større føreseielegheit i aktivitetar og drift for organisasjonar på feltet, som igjen kan gi større kontinuitet i tilbodet for barn og unge 
  • fagleg utvikling av arbeidet med mangfald og inkludering på systemnivå, ikkje berre gjennom enkeltståande prosjekt og tiltak 

Fakta om «Inkludering i kulturliv: Driftstilskudd 2027»

  • Det overordna formålet med ordninga er å bidra til auka mangfald og deltaking i kulturlivet blant barn og unge, uavhengig av kjønn, seksuell orientering, etnisitet, funksjonsevne, sosial og økonomisk status, bustad og/eller tilhøyrsel til urfolk og nasjonale minoritetar.   
  • Kulturtanken forvaltar midlane på vegner av Kultur- og likestillingsdepartementet.   
  • Ordninga har ei ramme på 3,4 millionar kroner.  
  • Rettleiande søknadsbeløp er opptil 600 000 kroner. Midlane må brukast i løpet av 2027.   
  • Søknadsfristen er 1. oktober kl. 13.00. Søkjarar kan forvente svar i desember 2026.  

Les om dei søkbare midlane til Kulturtanken

Elevgruppe står på toppen av et fjell med armene i været.

Søkbare midler

Søk på våre tilskuddsordninger innen kunst og kultur for, med og av barn og unge.