Nettmøte om medverknad
Erfaringsdeling av medverknadsarbeid i DKS.
Kulturtanken arrangerer nettmøte om medverknad onsdag 6. september 2023 kl. 11.00- 12.30.
Møtet er eit resultat av arbeidet som Kulturtankens Ressursgruppe for medverknad gjorde i 2022. Ressursgruppa bestod av deltakarar frå DKS i fylke og kommunar.
Målet med møtet er kunnskaps- og erfaringsdeling med medverknad som tematikk. Møtet går føre seg på Teams, og målgruppa er DKS- tilsette i fylke og kommunar.
Alle interesserte kan delta. Meld deg på her!
Møtet vil innhelde:
- Bidrag frå ein ekstern foredragshaldar som gir eit forskings- eller erfaringsperspektiv på medverknad.
- Tre DKS- administrasjonar som deler eigne erfaringar.
- Ope forum med moglegheit for innspel og refleksjonar rundt aktuelle tematikkar.
Innhold og bidragsytere 6.september:
Medvirkning og forventningsavklaring:
Merete Jonvik er sosialantropolog og sosiolog. Ho har ein PhD. i sosiologi frå Universitetet i Stavanger og er ansatt som førsteamanuensis i sosiologi ved Institutt for medie- og samfunnsfag. Ho underviser i tema som sosial ulikskap og materiell kultur. Forskingsområda hennar er hovudsakeleg innanfor kunst- og kultursosiologi.
Merete kjem til å prata om medverknad og deltaking med utgangspunkt i to forskingsprosjekt ho har gjennomført. Det eine er Samarbeid mellom små og store vesen, og det andre er ein studie av det nedanfrå-og-opp, radikalt demokratiske kunst- og byutviklingsinitiativet Byverksted.
Samarbeid mellom små og store vesen er eit kunst- og forskingsprosjekt som utforskar korleis barn og vaksne samarbeider om kunstproduksjon i forsøksvis frie rammer.
Byverksted er eit sjølvgroande kunst- og byutviklingsinitiativ som er ope for alle som vil delta, og som er oppteken av aktivt medborgarskap og innbyggarar sine moglegheiter til å påverka byutviklingsprosessar.
Erfaringsdeling om juryarbeid i DKS:
Filmkritikk og juryarbeid i kulturarrangement
Øyvind Anda er avdelingsleiar og koordinator i DKS Trondheim. Øyvind skal presentere arbeidet i kommunen med filmkritikk og juryarbeid. Kommunen har hatt eit lengre samarbeid med filmfestivalen Kosmorama. No ønskjer dei å involvere fleire kulturinstitusjonar i medverknadsarbeidet.
Juryklasser i kunstuttrykka
Kristin Sundelin er koordinator for vgs og har fagansvar for litteratur i DKS Troms og Finnmark. Kristin skal presentere arbeidet i fylket med juryklassar for kvart kunstuttrykk og evaluering av produksjonar. Eit arbeid dei har gjort m.a i samarbeid med Scenekunstbruket og Chris-brook/ Performing Dialogue
Juryarbeid for programmering i vgs
Camilla Wiik er koordinator for DKS Møre og Romsdal. Camilla skal presentere ein ny modell dei har prøvd ut for juryarbeid i samarbeid med vgs. Både elevar, fylket sitt ungdomspanel og kulturkontaktar har vore involverte i arbeidet.