Omslag på DKS årsrapport 2020

DKS Årsrapport 2020

Årsrapporten for Den kulturelle skulesekken (DKS) i 2020 viser korleis DKS-ordninga oppfyller samfunnsoppdraget og målet sitt om å gi alle elevar i norsk skule eit profesjonelt kunst- og kulturtilbod.

Formålet med rapporten er å gjere greie for bruken av spelemidlane løyvd til DKS i 2020. Rapporten er basert på talmateriale og skildringar rapportert av fylkeskommunar, direktekommunar og andre kommunar gjennom Kulturtankens rapporteringskanalar – dksrapportering.no og DKS-portalen.

Sjå video-presentasjon og samandrag av rapporten her

Eit unntaksår

Også Den kulturelle skulesekken merka konsekvensane av pandemien med mange kanselleringar. Men det er gledeleg å kunne rapportere om at det trass alt blei gjennomført mykje aktivitet. I samarbeid med utdanningssektoren fekk DKS-ordninga sett kunst og kultur på dagsorden til alle landets 823 711 elevar i dei til saman 3191 skulane i Noreg.

I gjennomsnitt fekk alle elevar oppleve 1,8 kunstmøte i 2020. Det er nesten ei halvering frå 2019 då snittet låg på 3,1 møte per elev. 2020 har på alle måtar vore eit unntaksår, og tala kan derfor ikkje samanliknast. Samtidig er 1,8 kunstmøte eit relativt høgt aktivitetsnivå i ein så vanskeleg periode.

– Ei av hovudårsakene til at DKS-ordninga fungerer sjølv under ein pandemi er at ordninga er lokalt forankra og styrt. Dermed kunne forholdsvis mykje aktivitet gjennomførast fordi det var mogleg å tilpasse tilbodet heilt ned til kvar enkelt skule, seier Kulturtankens direktør Øystein Strand.

Samisk satsing

Ei positiv nyheit er at trass pandemien viste alle fylka i landet for første gong produksjonar med samisk innhald i 2020. Alle dei seks kunst- og kulturuttrykka var representerte.

Dei rapporterte tala viser at DKS-ordninga stod seg relativt godt i 2020. Erfaringane frå det første året med koronavirus viser at DKS som ordning står sterkt og er tilpassingsdyktig òg ovanfor nye utfordringar og endringar både i kunsten og i verda.

– Eg er verkeleg imponert over det arbeidet som har vore gjort over heile landet gjennom heile 2020 trass i stadig skiftande rammevilkår. Alle som arbeider med DKS har drege lasset saman, delt av erfaringar og gjort kvarandre sterkare, seier Strand.

Fakta om DKS