Plakatlogo for "Det ikke styrte"

Formidlingsseminaret 2019: Det ikkje styrte

Sjå opptak frå begge dagane av Formidlingsseminaret 2019.

For tiande året på rad blei seminar om formidling av kunst arrangert. Formidlingsseminaret 2019 blei halde 2.-3. mai, med tittelen Det ikkje styrte - om kunst, uvisse og formidling. Seminaret er eit samarbeid mellom KORO, Kunstnernes Hus, Kulturtanken og Nasjonalmuseet.

Opptak fra dag 1

Opptak fra dag 2

Meir om seminaret

– Institusjonane våre har alle ulike formidlingssituasjonar, men oppdraget er det same - å nå ut med kunst. Ved å slå kreftene saman håpar vi å oppnå ein vidare horisont for seminaret og å nå ut til endå fleire, seier Per Odd Bakke, spesialrådgivar i Nasjonalmuseets avdeling for formidling og publikum.

Formidlingsseminaret samlar formidlarar, museums- og gallerileiarar, kuratorar, kunstnarar og produsentar frå heile Noreg. Årets seminar ser på prosjekt og kunstverk der formidling og verk er eitt og det same, eller ikkje kan tenkjast uavhengig av kvarandre.

– Kunstfeltet utfordrar stadig seg sjølv og samtida, og nye formidlingsformer blir utvikla på løpande band. Vi som sit i institusjonane som forvaltar store nasjonale oppdrag må opne formidlingsflatene for den nye kunsten, men utan å slipe ned den potente uvissa ho ber på, seier Kyrre Bjørkås, som er fagansvarleg for visuell kunst i Kulturtanken – Den kulturelle skulesekken Noreg.

I løpet av dei to dagar til seminaret, vil ein få møte internasjonale namn som Bob and Roberta Smith (UK), britisk kunstnar, forfattar og musikar, kjent for sin "Campaigning Art". I 2015 stilte Bob og Roberta Smith til val for Storbritannias parlament som "Independent Art Party Candidate", han skriv for The Guardian og har laget dokumentaren; Bob og Robertas excellent protest adventure for BBC4.

Vi får òg besøk av tyske Rimini Protokoll / Daniel Wetzel (D), som er kjent for ein særeigen og innovativ type dokumentarteater, der vanlege folks ekspertise over eigne liv og fagfelt speler hovudrolla. Rimini Protokolls arbeidar tek gjerne form som teater, høyrespel, film eller installasjonar. På seminaret presenterer Wetzel prosjektet Bubble Jam, som hadde premiere i Athen i 2018, og som blir henta til Den kulturelle skulesekken i Asker i 2020.

Det blir òg ein samtale med kunstnarar som har skapt debatt i det offentlege rommet; når formidlinga har forlate verket - om kulturinstitusjonane og utøvarars roller i formidling med Fadlabi (Kongolandsbyen), Hanan Benammar (Ways of seeing) og Joar Nango (Hacking Objects of Desire).

– Vi ser i dag ein aukande tendens til normalisering av feilaktige forteljingar om kunstprosjekt i offentlege rom. Det skaper negative haldningar til kunsten, seier Bo Krister Wallström, seniorrådgivar i KOROs kunstseksjon. Han spør seg: Kva ansvar og kva formidlingsstrategiar har kunstinstitusjonane ovanfor desse kunstnarane?

Andre namn på programmet er Kathryn Potts (Whitney Museum of American Art, NY), Sisters Academy (DK), Merete Jonvik & Hans Edward Hammonds (N), Jennie Bringaker (N), Oslo Kunsthall (N), Rachel Ara (Artist-in-recidence V&A, London), Kiyoshi Yamamoto (N), Sebastian Kjølaas & Siri Hjorth (N), Boel Christensen-Scheel (N), Hai Nguyen Dinh (N), Nicolas Gjefle (N), 1857 (N), med fleire...

Forfattar, kritikar og kurator Bjørn Hatterud vil avslutte og samanfatte dei to dagane.

Kva: Formidlingsseminaret 2019
Når: 2. – 3. mai 2019
Kvar: Kulturtanken (Gullhaug Torg 2b, Nydalen) og Kunstnernes Hus (Wergelandsveien 17)