Illustrasjonsbilde med rapportforside

Kulturtankens årsrapport 2017

Samanstilling av Kulturtankens aktivitetar og resultat i 2017.

Dei samla aktivitetane for verksemda i 2017 har handla om siste runde av omstillingsprosessen, ei styrt avvikling av Rikskonsertenes portefølje og dessutan å byggje opp nye aktivitetar for DKS-ordninga og etaten Kulturtanken. Også i 2017 har relativt store delar av aktivitetane knytt til det som tilhøyrde Rikskonsertenes mål og oppgåver prega arbeidet til organisasjonen; gjennom skulekonsertar, barnehagekonsertar, internasjonal avdeling og Barnas verdsdagar. Sjølv om dette blir fasa ut må kvar konsert, kvar festival og kvar avtale blir gjennomført profesjonelt, og med den bemanninga som krevst.

Samtidig har etaten sett i verk tallause aktivitetar, både når det gjeld kartlegging av styrings- og rapporteringssystem, dialog og informasjonsdeling, tilknyting til forskingsmiljø og utvikling av forprosjektet til ein ny DKS-portal.