Elevmedvirkning - logo

Ressursgruppe for elevar og lærarar i vidaregåande skule

Kan ressursgrupper for DKS gi betre forståing for Den kulturelle skolesekken og ei oppleving av at tilbodet har større relevans til læreplanane i skulen? DKS Vestfold og Telemark og ressursgruppa ved Bø vidaregåande skule samanfattar eit spennande pilotprosjekt.

Prosjekt elevmedverknad har som mål å sjå på moglegheiter for meir elevmedverknad i Den kulturelle skulesekken.


– DKS handlar primært om elevane. Det er viktig at dei kjenner eigarskap til ordninga og tilboda, poengterer Anne Hermansen, som er rådgivar i DKS-administrasjonen i fylket og har halde i piloten frå deira side.

Ei spørjeundersøking blant vidaregåandeelevar i tidlegare Telemark viste at dei hadde lite kjennskapar til Den kulturelle skulesekken og heller ikkje fann relevans i det tilbodne programmet. Undersøkinga viste samtidig at elevane ønskte nettopp relevans og involvering.

DKS Vestfold og Telemark starta derfor opp eit samarbeidsprosjekt med Universitetet i Søraust-Noreg (USN) om elevmedverknad, og blei seinare òg ein av Kulturtankens samarbeidspartnarar i det treårige utviklingsprosjektetet DKS-skule og delprosjektet Elevmedverknad i Den kulturelle skulesekken .

Eit pilotprosjekt på Bø vidaregåande skule med ei ressursgruppe beståande av lærarar og elevar er ein del av denne satsinga.

Ressursgruppa ved Bø vidaregåande skule
Ressursgruppa med Anne Hermansen frå DKS Vestfold og Telemark på Marked for Musikk 2020.

Elevmedverknad frå første stund

I skuleåret 2020-21 består ressursgruppa av fire elevar, kulturkontakten til skulen, ein avdelingsleiar og Anne Hermansen.

Elevrådsleiar og erfaren ressursgruppe-medlem Jon Engravslia Aarebakk blei teken med på råd om korleis best velje elevar til den avsluttande perioden til piloten.

– Det har vore viktig for oss å få reell elevmedverknad frå start, og dermed var det naturleg òg å få innspel om organiseringa i gruppa, forklarer Hermansen.

Elevrådsleiaren tilrådde at dei prioriterte kvalitet over kvantitet, og dermed lette etter svært motiverte elevar som primært burde rekrutterast frå elevrådet.

– Det førte til ei litt mindre gruppe der alle brenn meir for DKS. Det meiner eg er svært positivt, forklarer Aarebakk.

– Innstillinga vår har heile tida vore å vere opne og fleksible, supplerer Hermansen, som velvillig følgde råda til elevrådsleiaren.

Jon Engravslia Aarebakk er elevrådsleiar og erfaren ressursgruppe-medlem.

Ei stemme for medelevar

I utgangspunktet meinte skulen at elevar ikkje hadde tid til å bidra. Men då DKS-administrasjonen fekk etablert direktekontakt med dei fire elevane og forklart dei formålet med piloten, blei dei meir interesserte.

– Bodskapen vår har vore at DKS ikkje er noko som skal prakkast på elevane, at det er til for dei og er noko dei skal like. Ved å bidra i ei slik ressursgruppe, kan dei vere med å påverke tilbodet.

Kristina Bø Haugland forklarer kvifor ho ønskte å vere med i ressursgruppa:

– Eg har ikkje opplevd noko i DKS som har treft meg, så eg ville vere med for å betre tilbodet. Vi i ressursgruppa i kan vere ei stemme for medelevane våre - vi veit godt kva unge liker og kva som er aktuelt.

Daniel Røssing med band på scenen i Larvik
Tre av elevane i ressursgruppa deltok på Marked for Musikk 2020. – Chuck Berry-hyllesta er det beste stykket eg har sett i DKS. Energien, innlevinga og musikken kan ikkje samanlikna med noko eg har sett før, seier Jon Engravslia Aarebakk.

Teams som verktøy

Hermansen poengterer at DKS-administrasjonen må innsjå at arbeid med Den kulturelle skulesekken kjem i tillegg til alt anna i ein travel skulekvardag. Sjølv om samarbeidet med ressursgruppa er godt, så er det eit faktum at DKS og piloten ikkje er førsteprioritet.

– Tolmod har vore heilt vesentleg. Tilnærminga vår har vore at vi i DKS-administrasjonen ikkje kan komme med krav om korleis vi ønskjer at noko skal vere.

Microsoft Teams har vist seg å vere eit svært godt verktøy for å kommunisere direkte med elevane. Dei bruker Teams dagleg til skulerelaterte oppgåver og treng dermed ikkje å logge seg på ei anna plattform. Det gjer det lettare å ta kontakt begge vegar.

Bodskapen vår har vore at DKS ikkje er noko som skal prakkast på elevane, at det er til for dei og er noko dei skal like.

Anne Hermansen, DKS Vestfold og Telemark

Elevar kan inspirere og informere

Elevane i ressursgruppa meiner at det har større verdi og effekt at dei, og ikkje lærarar, formidlar DKS-tilbodet skulen har til medelevar.

– Eg trur vi kan føre vidare informasjon om DKS på ein meir effektiv måte. Informasjonsspreiinga blir meir flytande og naturleg, seier Aarebakk.

– Vi spreier ordet, skaffar tilbakemeldingar på ein uformell måte og prøver å gjere DKS til noko alle kan like – ikkje berre noko ein må sjå på fordi lærarane seier det, men noko som skaper engasjement og diskusjon, stadfestar Elisa Damberg.

Anne Hermansen og fleire av elevane i ressursgruppa har inntrykk av at mange lærarar ikkje heilt ser poenget med DKS.

– Det viktigaste elevane kan bidra med, i tillegg til utveljing, er «marknadsføring» ovanfor elevar og lærarar, understrekar Randi Stokland, som har vore kulturkontakten til skulen i cirka fem år.

Som fleire andre kulturkontaktar, opplevde ho å få rolla litt «kasta på seg». Ho fortel at arbeidet med DKS går inn i den store potten, og at ho ofte føler at det blir eit venstrehandsarbeid.

Elisa Damberg er med i ressursgruppa.

– Leiinga ved skulen opplevast som positiv til ordninga, men det er framleis nokre lærarar som meiner at DKS stel undervisningstid. Timeteljing kan vere utfordrande i vidaregåande skule. Det kan vere litt demotiverande, men samarbeidet med elevane i ressursgruppa hjelper, fortel ho.

Det viktigaste elevane kan bidra med, i tillegg til utveljing, er «marknadsføring» ovanfor elevar og lærarar.

Kulturkontakt Randi Stokland

Om å velje DKS-produksjonar

DKS-tilbodet på Bø vidaregående skule i 2021/22 vil vere prega av innspel frå ressursgruppa.

Hermansen fortel at kulturkontakten til skulen noterte at det har skjedd ei maktflytting frå lærarar til elevar i utveljinga, og at dei dermed har mindre kontroll. Men ho blei trygd av Hermansens forsikringar om at DKS-administrasjonen kvalitetssikrar alle produksjonar som blir tilbodne.

Er det så skilnad på kva DKS-produksjonar ungdom vel, samanlikna med vala til pedagogisk utdanna vaksne?

– Lærarar gjettar på kva vi elevar liker, medan elevar veit det, seier Haugland.

DKS-rådgivaren meiner at DKS-programmet lett kan bli veldig «korrekt» når berre lærarar vel, og at skuletilbodet då kanskje ikkje heilt treffer elevane.

– For mange elevar er DKS berre noko som gir dei fri frå undervisninga. Vi i ressursgruppa kan oppmuntre medelevane våre til å sjå meir positivt på DKS, seier Kristina Bø Haugland.

– Som regel ønskjer lærarane produksjonar som kan knytast opp til fag på eit eller anna vis, medan elevane føretrekkjer at dei gir eit avbrekk frå den faglege delen av skulekvardagen, noterer elevrådsleiaren.

– Elevar bør sterkare inn i programmeringa og så er det opp til lærarar å gjere det relevant, poengterer Anne Hermansen.

Elevar bør sterkare inn i programmeringa og så er det opp til lærarar å gjere det relevant.

Anne Hermansen, DKS Vestfold og Telemark

Kan påverke lærarars haldning

Målet for piloten er å få elevar meir engasjert i DKS. Hermansen meiner at viss ein klarer å oppnå det, så skal det ikkje mykje til før lærarar kastar seg på. Neste steg for DKS Vestfold og Telemark er derfor nettopp å sjå om entusiasmen til elevane kan skape større engasjement òg hos lærarar.

– Eg trur heilt klart at dersom presset på lærarar kjem frå elevar, så er det lettare å få ei betre forståing for DKS og korleis det kan brukast inn i læreplanane, påpeikar kulturkontakten til skulen.

Tre av dei fire elevane som er med i ressursgruppa. Marte Grindem var ikkje til stades.
Å delta på ein visningsarena som Marked for Musikk er inspirerande og gir viktig innsikt i DKS. Her er gjengen samla før Spot On i oktober 2020.

Positive til tidsbruken

Kulturkontakt Randi Stokland understrekar at det berre er positivt at elevane er med å bestemme DKS-programmet til skulen:

– DKS er jo til for elevane.

DKS-rådgivar Anne Hermansen har sjølv fått mykje igjen av å vere ein del av pilotprosjektet.

– Det har skjerpa meg på mi eiga rolle, det er veldig mykje læring i å komme tettare på elevane.

Også dei fire elevane synest det har hatt stor verdi å bruke tid på ressursgruppa. Fleire visste i utgangspunktet lite eller ingenting om Den kulturelle skulesekken.

– Eg skjønte ikkje DKS før, kjende det var mykje tull, men no synest eg det er spennande og lærerikt. Eg synest det er viktig å bruke tid på ei slik ressursgruppe, å få ungdom interessert i nye ting og gi oss litt ansvar, seier Kristina Bø Haugland.

– Det er viktig at vi elevar har ei stemme i dette. Det er trass alt vi som skal sjå på det som skjer på scena, tilføyer Elisa Damberg.


Tilgjengelege ressursar

Metoden blir beskriven i verktøyarket Ressursgruppe for elevar og lærarar i vidaregåande skule (under utarbeiding). Her finn du tips for både planlegging, samarbeid og gjennomføring.

Verktøyark

Fakta

Piloten med Ressursgruppe for elevar og lærarar i vidaregåande skule var ein del av Kulturtankens utviklingsprosjekt DKS-skule og delprosjektet Prosjekt elevmedverknad.

Målet med piloten var at elevar og lærarar skulle få ei betre forståing for DKS og oppleve større relevans til læreplanane i skulen gjennom kulturprogrammet DKS Telemark tilbaud.

Ressursgruppa på Bø vidaregående skule bestod av seks elevar det eine året og fire elevar det siste året.

Året 2020-2021 bestod ressursgruppa av følgjande medlemmer:

    Rådgivar Anne Hermansen er kontakten i gruppa i DKS Vestfold og Telemark.

    Lærdom

    Kva fungerte godt?
    Teams som arbeidsverktøy.
    Deltakelse på visningsarenaer.
    Samarbeidet mellom elevar, kulturkontakt og DKS-rådgivar.

    Kva var utfordringane?
    Fråvær. Elevane fekk godkjent fråvær, men særleg på VG3 så betyr deltaking i ressursgruppa at dei mistar undervisning og vurderingssituasjonar.
    Å bli samde om val av produksjonar.

    Rammefaktorar som må vere på plass for å lykkast med ressursgrupper i VGs

      Ønskjer du å dele metodane og ideane dine for elevmedverknad i DKS? Ta kontakt med Bente Aasheim, baa@kulturtanken.no

      Alle foto: Knut Sørhusbakken/Kulturtanken