Sjekkliste: Skulen som kulturarena

Sjekkliste: Skulen som kulturarena

Ei sjekkliste for bygging og utbetring av kulturlokale i skulebygg.

Ravi på skulekonsert. Foto: Lars Opstad/Kulturtanken

Skulebygg er viktige kulturarenaer i lokalsamfunnet. Dei er i hyppig bruk av kulturskular, det frivillige livet lokalt, så vel som av profesjonelle aktørar. Skulebygg er ein stor ressurs i norsk arenapolitikk, men bygga er ikkje alltid godt tilrettelagde for kulturaktivitet.

Om sjekklista

Kulturalliansen, Kulturtanken og Kulturrom har utarbeidd ei rådgivande sjekkliste til hjelp i planlegginga av nye skulebygg og for tilpassing av skulebygg til kulturformål. Arbeidet blei påbyrja etter ein innspelskonferanse med tema «Skulen som kulturarena» i 2017. Tipsa i lista kan òg vere aktuelle for andre kulturbygg enn skular. Lista er ikkje uttømmande og innspel blir gjerne motteke på post@kulturrom.no.

Sjekklista er òg tilgjengeleg på kulturrom.no

Planlegging og kartlegging

  • Bruk fagfolk alltid, også i planleggingsfasen.
  • Aller først bør det kartleggjast kven som bruker eller treng lokale i dag. Om gymsalen skal bytast ut med idrettshall, kven treng då nye lokale? Kven vil treng lokale til kulturaktivitet i framtida?
  • Inviter dei som skal bruke lokala inn i planleggingsprosessen tidleg. Då blir lagt grunnlagt for å skape rom for kultur som kan og vil bli brukt.

Materialval

Materialval i golv, vegger og tak må veljast med tanke på bruken av rommet. Til dømes:

  • I rom som skal brukast til dans må golva vere eigna til dette. Harde betonggolv gir lett belastningsskadar.
  • I rom som skal brukast til husflid og handverk må golva vere lette å reingjere. Dei må òg tole at handverktøy fell i golvet og kan lage riper, og dessutan vatn og fargestoff.
  • Rom som skal brukast til framføring må ha stor nok plass til både scene og publikum. Det skal vere kort innriggsvei og breie dører som går rett inn i salen. Framføringslokalet skal ikkje vere eit transittareal.
  • Hugs at både romvolum og materialval har stor innverknad på akustikken i rommet, les meir om dette under akustikk.

Kva aktivitet skal vere i rommet?

  • Ulike typar kulturaktivitet stiller ulike krav til storleiken, utforminga og eigenskapane til lokalet. Det er derfor viktig at ein allereie før planar for rehabilitering, ombygging eller nybygging blir utforma, bestemmer kva slags aktivitet lokala skal brukast til.
  • Til enkelte kulturaktivitetar er det nødvendig med fleire rom. Nokre kulturaktivitetar treng større plass.

Akustikk

  • Det er utarbeidd ein nasjonal standard som gir kriterium for romakustikk i lokale som blir brukte for musikkutøving, anten dette er den primære bruken til lokalet eller det er eit fleirbrukslokale. Det er òg gitt krav til romhøgd, nettovolum og -areal saman med dei akustiske kriterieriene. Standarden kan kjøpast på Standard Norge sine nettside Akustiske kriterium for rom og lokale til musikkutøving.
  • Norsk Musikkråd (NMR) og Musikkens studieforbund (MSF) har gitt ut eit supplement med forklaringar, normer og tilrådingar i forhold til NS8178:2014. Denne finn du som nedlastbar PDF på musikklokaler.no
  • Ulik bruk stiller ulike akustiske krav til lokala. Bruk akustikarar tidleg i planleggingsprosessen for å oppnå eigna akustikk til tilpassa bruk. God akustikk bidreg til ei betre lydoppleving, og kan forhindre eventuelle høyrselsskadar.
  • Ulike kultursjangrar stiller ulike krav til akustikken i rommet. Eit fleirbruksrom bør derfor ha fleksible løysingar for å skape eigna akustikk (lydabsorberande teppe, gardiner eller vendbare element som enkelt kan endre dei akustiske eigenskapane til rommet).
  • Det er mogleg å søkje Kulturrom om tilskot til akustiske tiltak og til akustisk forprosjektrapport. Du kan lese meir om Kulturrom sine tilskotsområde. NB: Skulebygg vil i dei fleste tilfelle vere utanfor formålet med ordninga, men i nokre tilfelle der det blir lagt til rette for stor grad av sambruk med lokalt kulturliv kan delar av søknaden vurderast. Ta gjerne kontakt før de formar ut ein eventuell søknad til Kulturrom.

Støy

  • Bakgrunnsstøy frå anten ventilasjon, viftar, elektriske artiklar eller frå andre rom er ofte svært forstyrrande, spesielt under øving og/eller framføring av akustisk lydsvak musikk.

Lagringsplass

  • God lagringsplass er heilt nødvendig for alle typar kulturaktivitet, både i samanheng med øving og framføring. Lagerbehovet er aller størst for dei store ensembla (korps, storband, orkester). Desse treng plass til instrument som ikkje er i bruk, notar, notestativ, arkivmateriale, uniformer, slagverksinstrument, m. m.
  • Rom som skal kunne fungere som fleirbruksrom er spesielt avhengig av god lagringsplass.
  • Utstyr som er i vekefast bruk skal ha eit eige rom i kort avstand og med brei nok tilkomst til samspellokalet. Arkiv og utstyr som ikkje er i dagleg bruk treng ikkje vere like lett tilgjengeleg.
  • Husflid og handverk treng òg lagerplass til materiale, tekstil, handverktøy, symaskiner, og anna utstyr. Dei treng òg skap med låsehøve til mindre utstyr.

Teknisk utstyr

  • Før ein går til innkjøp av teknisk utstyr, må ein ha ein klar visjon om kven som skal bruke rommet. Utstyr til store produksjonar krev kunnskap og fagleg kompetanse av brukarane. I fleirbruksrom bør derfor lyd- og lysanlegg både vere brukarvennleg for personar utan fagleg kompetanse, men også ha kapasitet til bruk på større produksjonar.
  • Alt teknisk utstyr krev jamleg vedlikehald.
  • Kva som krevst av teknisk utstyr i øvelokale varierer mellom dei ulike sjangrane. Du finn fleire detaljar rundt dette nedst i saka.
  • Mange former for scenekunst krev gode moglegheiter for blending, men rommet bør òg både ha god tilgang på dagslys og kunstig lys. Det må òg vere moglegheit for å slå av taklys manuelt. God tilgang på straum er viktig, særleg i nærleiken av scene.
  • God belysning og tilgang på straum er òg viktig i øvelokale.

Tilgang og praktisk

  • For at eit lokale skal vere godt eigna til kulturaktivitet er ein avhengig av at brukarane har reell tilgang.
  • Skulen og brukarane må ha eit godt samordna samarbeid, og ein vilje til at lokala blir brukte. Dette inneber at låsesystem og alarmsystem ikkje blir aktiverte etter skuletid, og ein er avhengig av gode system for planlegging slik at ein unngår at det kolliderer med Aktivitetskolen, vasking eller andre aktivitetar.
  • Lokala må vere oppvarma, òg til bruk om kvelden eller frå morgonen av.
  • Stolar bør vere mogleg å stable. Om fleire kulturelle aktivitetar skal nytte same lokale, vil nokon trenge stolar medan andre vil trenge golvplassen.
  • Det bør vere god belysning, samtidig må det vere god blending.

Kva har dei spesifikke kulturuttrykka behov for?