Undringstimen (videoar til fri bruk)
Videosnuttar for lærarar om Den kulturelle skulesekken.
Eit besøk frå Den kulturelle skulesekken kan knyte nye band mellom ein lærar og ein elev. Filmen “Undringstimen” gir tre døme på akkurat det.
Du er hjarteleg velkommen til å bruke filmane våre. "Undringstimen" ligg på YouTube og kan også lastast ned via Vimeo. I tillegg til fullversjonen har vi delt han inn i små snuttar basert på dei tre scenarioa. Alt er tilgjengeleg med undertekstar på bokmål, nynorsk og engelsk.