Prototypen viser den maleriske effekten på nettbrettet.

Digitale skilnader i hensikt og meining

Tankar om den digitale kunstformidlinga frå fagansvarleg for visuell kunst, Kyrre Bjørkås.

Teksten er skriven som ein kommentar til Øyepå 2020 og temaet digital formidling av visuell kunst for barn og unge.

Det "digitale" breiar om seg. Dette gamle omgrepet blir brukt i stadig aukande grad, og det er ikkje så rart, for kva skulle vi no elles seie? 

Kyrre Bjørkås - portrett
Kyrre Bjørkås, fagansvarleg for visuell kunst i Kulturtanken.

Digitale opplevingar, digitale rom, digitale møte. Digitaliseringa av offentlege tenester, digitaliseringa av skulen, og no òg digitalisering av kunstformidlinga. Det er støytt som noko deskriptivt og noko ideologisk går i beina på kvarandre i det digitale. Digitaliseringa kjem med løfte om smittefri effektivitet på den eine sida, og med lovnader om nye disruptive praksisar på den andre. Presisjonsnivået søkk endå eitt hakk når omgrep om "digital kunst» blir blanda inn i miksen, altså den typen kunst som er laget i eller for eller av ikkje-analoge rom og verktøy.

Det er på tide å byrje å rydde i omgrepa, gjennom samtalar og felles utforsking. Under Øyepå fekk vi så vidt byrja, med å slå fast at det er ein vesenskilnad mellom A) ein meir eller mindre tvinga digitalisering av kunstformidlinga, og B) programmeringa av kunst som i ein eller annan forstand hentar den kunstnariske substansen sin frå eit digitalt domene, og derfor eignar seg ekstra godt for visning på skjerm. 

A) og B) kan gjerne sjå og høyrast heilt like ut, men den store skilnaden ligg i hensikt og meining: Digitalisert kunstformidling hentar gjerne legitimiteten sin frå eit eksternt mål, som til dømes å nå eit større publikum, spare pengar på å reise, eller å ikkje overføre smitte mellom formidlar og vurderer.

Digital kunst (les: elektronisk kunst, media art, etc.), hentar legitimiteten sin i seg sjølv, for seg sjølv. I prinsippet i alle fall. Derfor er det ingen garanti for at verk som sorterer i kategorien «digital kunst» blir verande i eit digitalt rom. Ein instagrampost kan fort ende opp som taktile målingsstrøk på eit heimepreparert lerret. Hengt opp som måleri flest, med ryggen mot veggen, i eit godt gammaldags fylkesgalleri.