Omslag på "Forslag til rammeverk for formidling av dataspill i Den kulturelle skolesekken"

Forslag til rammeverk for formidling av dataspel i DKS + spelstudieark

Dei første resultata frå dataspelpilot i Rogaland er klare.

Dataspela Embracelet og Never Alone blei pilotert i Den kulturelle skulesekken (DKS) på utvalde skular i Rogaland våren 2021. No kjem dei første resultata frå piloten i form av eit forslag til rammeverk for formidling av dataspel i DKS og to spelstudieark.

Dataspelpiloten og utviklinga av forslag til rammeverk og spelestudieark har vore eit samarbeid mellom Kulturtankens Spillab, DKS Rogaland og Didaktisk Digitalt Verksted (DDV) ved Universitetet i Stavanger (UiS).

Forslag til rammeverk for formidling av dataspel i DKS

– Spelemediet omfattar så mange ulike sjangrar og uttrykk at ingen dokument kan gi alle svar på korleis dataspel bør formidlast i DKS. Men målet med forslaget til rammeverk har vore å beskrive nokre grunnprinsipp for å formidle dataspel som ei kunstoppleving, inspirere til meir bruk av dataspel i DKS, og opne for dialog om dataspel som kunst- og kulturuttrykk, forklarer seniorrådgivar Jørund Høie Skaug og rådgivar Thomas Grønvoll i Kulturtankens Spillab.

Rammeverket er meint å:

  • vere ein vegvisar til korleis spelformidlarar kan stimulere til kritisk refleksjon og ettertanke rundt spelopplevingar og spelkultur.
  • vere eit utgangspunkt for utvikling av formidlingsopplegg for dataspel i DKS.
  • bidra til å identifisere nokre eigna spelsjangrar og uttrykk.

–Dataspel i DKS kan vere ein måte å utvide elevars spelkompetanse på, ved å introdusere dei for andre typar spel og sjangrar enn det dei speler i kvardagen. Vidare peikar vi i forslaget til rammeverk på at dataspel i DKS kan vere eit rom for kritisk refleksjon rundt korleis spel inngår i ulike sosiale, kulturelle og politiske kontekstar, seier Skaug og Grønvoll.

Spelstudieark

Spelstudiearka er utvikla for lærarar i skulen og formidlarar i Den kulturelle skolesekken.

Illustrasjon frå Never Alone
Never Alone

Kulturarv som plattformspel – Never Alone byggjer på mytologiske forteljingar frå urfolket lñupiat, som har dei tradisjonelle landområda sine i Alaska.

Se spelstudieark

Illustrasjon frå Embracelet
Embracelet

Embracelet er eit norsk eventyrspel som handlar om 17-åringen Jesper, som må løyse eit mysterium med eit magisk armband han arvar frå bestefar sin.

Se spelstudieark

– Spelstudiearka oppstod når det blei behov for å gi skulane tilstrekkeleg og kvalitetssikra informasjon om spelopplegga elevane skulle gjere, fortel Skaug og Grønvoll. Dei er inspirerte av filmstudiearka til NFI, og inneheld mellom anna koplingar til kompetansemål, forslag til punkt for samtale med elevar, og fakta om spelet og spelinnhald. Det har òg komme verdifulle innspel frå speleskapar Mattis Folkestad, fortel Marianne Stenerud.

Ein eigen prosjektrapport med skildringar av korleis dataspelpiloten blei organisert, rollene til dei ulike samarbeidspartnarane, og korleis praktiske utfordringar blei løyst, kjem seinare.