Scenekunst i DKS: nettverksmøte og fagsamtaler

Scenekunst i DKS: nettverksmøte og fagsamtaler

Årets fagsamtaler blir arrangert 8.-9. september under Teaterfestivalen i Fjaler.

Foto: David Zadig

I samarbeid med Vestland fylkeskommune, Teaterfestivalen i Fjaler, Teater Vestland og Norsk Scenekunstbruk arrangerer Kulturtanken det årlege nettverksmøtet sitt med fagsamtaler om scenekunst i DKS. Møtet finn i år stad i Dale og er integrert i programmet til Teaterfestivalen i Fjaler.

Programmet under er sett saman spesielt for deltakarer på DKS-nettverksmøtet og fagsamtalene, og omfattar torsdag og fredag. I tillegg er det ordinært festivalprogram laurdag og søndag som det òg er mogleg å delta på. Sjå oversikt her.

Representantar frå DKS-forvaltninga, scenekunstinstitusjonane, utøvarar, kunstnarorganisasjonar og andre som er interessert i spørsmål rundt samarbeid, forvaltning, produksjon og programmering av scenekunst i DKS er velkomne til å delta.

Opptak

Se opptak fra torsdag 8. september:

Se opptak fra fredag 9. september:

Program

Torsdag 8. september
  • 13:45 Lunsj (Jakob Sande-løa)
  • 14:30 Nettverksmøte og fagsamtaler om scenekunst i DKS (Kommunestyresalen)
    • Velkomen (Fjaler kommune og Vestland fylkeskommune)
    • Årsrapport frå scenekunstfeltet i DKS (Kulturtanken, DKS Rogaland og DKS Viken)
    • Moglegheitar og utfordringar for teateret i DKS.
      Torsdagspanel ved Teater Vestland sin teatersjef Cecilie Lundsholt, med gjestar.
  • 17:00 Middag (Jakob Sande-løa)
  • 18:00 Master of the Universe (Beatur, Ungdomshuset Trudvang)
  • 19:30 Dette livet eller det neste (Østfold Internasjonale Teater, Fjalerhallen)
  • 21:30 Labyrint (Karawane, Dalsåsen)
  • 22:30 Buss Dale-Førde
Fredag 9. september
  • 09:00 Buss Førde-Dale
  • 10:00 Jorda rundt på 80 dager (Feil teater, Dingemoen)
  • 12:00 Zappzarapp (Fyllingsdalen teater, sirkustelt)
  • 13:00 Blåmåka (Flying Seagulls, Jakob Sande-tunet)

    eller
  • 13:00 To ulver (Beatur og Taro, Ungdomshuset Trudvang)
  • 14:00 Lunsj (Jakob Sande-løa)
  • 15:00 Nettverksmøte og fagsamtaler om scenekunst i DKS (Kommunestyresalen)
    • Radio Fjaler: Om Norsk Scenekunstbruk sitt prosjekt Unge Stemmer og samarbeidet mellom KHiO og Fjaler ungdomsskule. Leia av scenekunstkritikar og dramaturg Mariken Lauvstad.
    • Om nyproduksjon og tilgang til produksjonsmiddel i DKS. (Med Kulturrådet, DKS Oslo, Norsk Scenekunstbruk og Kulturtanken)
    • Turnésamarbeid på scenekunstfeltet for born og unge. Panelsamtale med representantar frå Norsk Scenekunstbruk, Teaterfestivalen i Fjaler, DKS Asker og Kulturtanken.
  • 17:30 Middag (Jakob Sande-løa)
  • 18:00 To ulver (Beatur og Taro, Ungdomshuset Trudvang)

    eller
  • 18:30 Buss til Holmedal for å sjå Den sorte dame (Stangfjord Teater, Helle Knivfabrikk)
  • 20:30 Mor og barn (Agder Nye Teater, Straumsneset)
  • 22:00 Tacobitch (dansekonsert, Fjaler ungdomsskule)
  • 23:30 Buss Dale-Førde

Praktisk informasjon

Vi tilrår deltakarar på nettverksmøtet og fagsamtalene å bu på Thon Hotel Førde. Oppgi gjerne «Teater Vestland» som referanse når de bestiller. Det blir arrangert felles busstransport mellom hotellet og festivalområdet i Dale, med høve til å plukke opp folk på flyplassen rundt kl. 13:15 torsdag. Kryss av for behova dine i påmeldingsskjemaet. Widerøe har to aktuelle avgangar frå Oslo til Førde torsdag, kl. 08:25 eller kl. 12:00. Tilbake er det avgangar fredag kl. 19:00, laurdag 11:20, eller søndag 11:20, 13:20, 16:05 eller 19:00.

Festivalpakke for DKS-nettverket til kr 2500,- omfattar festivalpass, billettar til alle framsyningane på programmet over, lunsj og middag torsdag og fredag og felles transport.

Hjarteleg velkomne skal de vere!

Opptak fra Fagdag for scenekunst i DKS 2021

Se fagdagen 3. september 2021 i opptak.