Skip to main content
Mandatet vårt

Mandatet vårt

Kulturtanken får mandatet sitt frå Kultur- og likestillingsdepartementet og Kunnskapsdepartementet i årlege tildelingsbrev.

Mål for 2022 (frå tildelingsbrevet)

Overordna mål

Barne- og ungdomskulturfeltet er presentert som eit samla politisk satsingsområde på nasjonalt nivå i Meld. St. 18 (2020–2021) Oppleve, skape, dele. Kunst og kultur for, med og av barn og unge. Stortinget har slutta seg til målsetjingane om at alle barn og unge skal ha eit kunst- og kulturtilbod av høg kvalitet, at dei skal oppleve kunst og kultur som er laga for dei, som involverer dei, og som dei kan delta i, og at barn og unge skal få tilgang til dei arenaene dei treng for å utvikle skaparglede, engasjement og utforskartrong, jf. Innst. 622 S (2020–2021). Løyvingane til Kulturtanken skal byggje opp under desse overordna målsetjingane, jf. omtale under kap. 325 Allmenne kulturformål i Prop. 1 S (2020–2021).

Stortinget har slutta seg til dei nasjonale måla for DKS med ei tydeleggjering av at DKS framleis skal medverke til at elevar får eit profesjonelt kunst- og kulturtilbod, jf. vedtak av 8. juni 2021 i sak 29. DKS skal på denne bakgrunnen vere er ei nasjonal ordning som skal formidle profesjonell kunst og kultur av høg kvalitet til barn og unge, og skal:

  • vere eit gratis tilbod for alle barn og unge i grunnskulen og vidaregåande skule og skal tilbydast jamleg
  • sikre at barn og unge får eit likeverdig og profesjonelt kunst- og kulturtilbod av høg kvalitet, uavhengig av kvar dei bur, slik at dei kan gjere seg kjend med og utvikle forståing for eit variert spekter av kulturuttrykk
  • bidra til danninga og utdanninga til barn og unge, slik dette er formulert i overordna del og læreplanar i fag
  • formidle eit kulturtilbod som blir opplevd som relevant, og som representerer eit kulturelt mangfald av tilbod og utøvarar
  • vere eit samarbeid mellom kultursektoren og utdanningssektoren på alle nivå for å sikre god planlegging, forankring og tilrettelegging
  • bidra til å styrkje norsk språk, dei samiske språka, dei nasjonale minoritetsspråka og norsk teiknspråk som grunnleggjande kulturberarar
  • bidra til å formidle kunst- og kulturtilbod til barnehagebarn

Mål for Kulturtanken

Kulturtanken er organisert som ei verksemd under Kultur- og likestillingsdepartementet, med eit oppdrag for arbeidet med Den kulturelle skulesekken (DKS) som er fastsett av Kultur- og likestillingsdepartementet og Kunnskapsdepartementet i fellesskap.

Følgjande mål gjeld for Kulturtanken i 2022:

  1. Effektiv og god forvaltning og styringsstruktur
  2. Høy kunstnarisk og formidlingsmessig kvalitet på tilbodet i Den kulturelle skulesekken innan alle kunstretningar, som samspiller med læreplanane i skulen
  3. Samarbeid med kultur- og utdanningssektor om innhald og kvalitet i Den kulturelle skulesekken
  4. Styrket barne- og ungdomskultur med moglegheit for deltakinga til barn og unge