Skip to main content
Forvaltning og rapportering

Forvaltning og rapportering

Kulturtanken forvaltar statlege midlar til DKS-ordninga, og har ansvaret for oppfølginga.

Kulturtanken har ansvaret for oppfølginga av Den kulturelle skulesekken (DKS): Rapportering, statistikk, forsking, analyse, iverksetjing og gjennomføring av kvalitetshevande tiltak.

Avdeling for organisasjon og forvaltning har som hovudformål å sikre god ressursutnytting, effektiv forvaltning og lage gode og tydelege styringsstrukturar i DKS-ordninga.

Årsrapportar for Kulturtanken

Kulturtankens årsrapport 2021

Sammenstilling av Kulturtankens aktiviteter og resultater i 2020, inkludert årsregnskap og vurdering av framtidsutsikter.

Kulturtankens årsrapport 2020

Sammenstilling av Kulturtankens aktiviteter og resultater i 2020, inkludert årsregnskap og vurdering av framtidsutsikter.

Kulturtankens årsrapport 2019

Sammenstilling av Kulturtankens aktiviteter og resultater i 2019, inkludert DKS-portalen, BUSK-rapporten og kvalitetsrapporten.

Tildelingsbrev

Kulturtanken får mandatet sitt frå Kulturdepartementet og Kunnskapsdepartementet i årlege tildelingsbrev. Les meir om tildelingsbrevet under Mandatet vårt.

Tilskotsbrev

Overskotet frå Norsk Tipping AS går mellom anna til kulturformål, under dette Den kulturelle skulesekken. Midlane til DKS blir fordelt vidare av Kulturtanken etter fordelingsnøkkel der følgjande variablar inngår: elevtal i grunnskule og vidaregåande skule, geografiske avstandar og infrastruktur. Endeleg tilskotsbrev for skuleåret 2022–2023 vart sendt ut til fylkeskommunar i juni 2022.

I 2022 vart det utarbeidd nye kriterium for direktekommunar i DKS.

Samarbeidsavtalar