Omslag på Kulturtankens årsrapport 2021

Kulturtankens årsrapport 2021

Samanstilling av Kulturtankens aktivitetar og resultat i 2021, inkludert årsrekneskap og vurdering av framtidsutsikter.

Samarbeid, utvikling og medverknad

2021 blei, som året før, i stor grad prega av koronapandemien. Optimismen var stor etter at sommaren gav låge smittetal og ein ganske så normalisert situasjon på starten av det nye skuleåret. Men i november blei vi kjende med den nye omikronvarianten av viruset, som igjen førte til nedstenging.

For dei tilsette i Kulturtanken har dette medført endå eit år med mykje heimekontor og digitale møte og arrangement. For Den kulturelle skolesekken (DKS) har det medført endå eit år med redusert aktivitet, alternative løysingar og raske endringar.

Samtidig har 2021 òg vore eit jubileumsår der vi saman med fylkeskommunar og kommunar har markert at det er 20 år sidan DKS blei ei nasjonal og landsdekkjande ordning. Vi publiserte eit festskrift der ei rekkje bidragsytarar blei inviterte til å dele erfaringane sine, refleksjonar og historier om den beste ordninga i verda for kunst- og kulturformidling til barn og ungdom.

I samarbeid med Norsk Tipping reetablerte vi òg ein jubileumsversjon av Gullsekken. Prisane blei delt ut under ein jubileumskonferanse i Stavanger som Kulturtanken arrangerte i samarbeid med Rogaland fylkeskommune. Marja Mortensson Trio og Lost and Found Productions fekk velfortent heider og ære, og dessutan 150 000 kroner kvar i prispengar frå Norsk Tipping.

(Utdrag frå leiars melding.)