Illustrasjonsbilde med rapportforside

Kulturtankens årsrapport 2018

Samanstilling av Kulturtankens aktivitetar og resultat i 2018.

«Kunst- og kulturaktivitetar gir trygge barn, leikne barn, medfølande barn, sosialt kompetente barn, ja til og med akademisk sterke barn. For ikkje å snakke om kunst- og kulturkompetente barn. Derfor er eg stolt av oppdraget til Kulturtanken, som skal, gjennom koordinering, forvaltning, utvikling og forsking på og i skulesekken, føre vidare og vidareutvikle Den kulturelle skulesekken (DKS) som kjernen i politikken til regjeringa for kulturformidling til barn og unge.»

Dette er innleiinga på Kulturtankens årsrapport for 2018. Kulturtanken er ein relativt ung etat (2016), og dei første to åra har vore prega av omstilling og etablering av ein ny organisasjon, med mange nytilsetjingar, nye rutinar som skal etablerast og strategiarbeid som skal utviklast og forankrast.

Fornying, samarbeid og kvalitet er tittelen på Kulturtankens strategi (2018-2020), og eit resultat av ein krevjande prosess i året som gjekk. Kulturtankens direktør Lin Marie Holvik er godt fornøgd med resultatet av arbeidet.

– Det å lande eit så viktig og krevjande arbeid som ein strategiprosess, og å lande godt, med ein strategi vi har tru på og som gir viktig retning for Kulturtankens arbeid framover, er ein siger, seier Holvik.

Av andre viktige milepælar frå 2018, trekkjer Holvik fram arbeidet med dialogmøta med alle tilskotsmottakarane i Den kulturelle skulesekken, Kulturtankens første årsrapport for DKS, spennande utvikling av pilotar med både VR og AR og ikkje minst utviklingsarbeidet med ny portal og nytt fagsystem for DKS. I tillegg har dialog og samarbeid med DKS-feltet vore ein prioritet.

– Vi har i 2018 igangsett ei rekkje samarbeid, arrangert konferansar, seminar og andre arrangement som har vore viktige møteplassar for feltet vi jobbar saman med og oss i Kulturtanken, seier Holvik.