Omslaget på Kulturtankens årsrapport 2023

Kulturtankens årsrapport 2023

Samanstilling av Kulturtankens aktivitetar og resultat i 2023, inkludert årsrekneskap og vurdering av framtidsutsikter.

2023 har vore eit år med forventning, avklaringar og nye moglegheiter. Kartlegginga av Den kulturelle skulesekken og gjennomgangen av Kulturtanken, gjort av Oxford Research på bestilling frå Kultur- og likestillingsdepartementet, kom i slutten av mars. Rapporten konkluderte mellom anna med at Kulturtanken er ein nødvendig del av ei velfungerande DKS-ordning, og etaten fekk stort sett gode skotsmål frå andre aktørar. Rapporten peika på at Kulturtanken har ei viktig rolle med å lage fellesløysingar, samhandlar godt og løyser oppgåvene sine som statleg fagetat.

Dette speglar opplevinga vår av at samarbeidet med fylkeskommunar og andre aktørar i ordninga har utvikla seg i positiv retning dei siste åra. Samtidig blei det påpeika at nyproduksjon og rammevilkåret av ordninga må styrkjast. Det blei gitt tilrådingar om at den juridiske kompetansen til etaten blir styrkt, og at dialogen med utdanningssektoren blir utvikla vidare. Vi har gjennom hausten jobba med å vurdere forslaget rapporten har til grep, og vi tek dette inn i arbeidet med verksemdsplan og ny strategi for det vidare arbeidet vårt. Rapporten tilrådde òg at måla til etaten burde oppgraderast. Målet om styrkt barne- og ungdomskultur med moglegheit for deltaking for barn og unge blei rekna som vagt, og må vurderast på nytt og avstemmast med politiske ambisjonar. I forslag til statsbudsjett i oktober kom det ei ny formålsbeskriving for Kulturtanken, som gir etaten ansvar for å koordinere tiltak for barn og unge på kunst- og kulturfeltet.

Nye målformuleringar vil liggje til grunn for arbeidet framover med å utvikle ein ny strategi for å leggje til rette for samarbeid og samordne innsats på feltet i dialog med relevante aktørar, ha oversikt over og vidareutvikle kunnskap på området og forvalte ulike verkemiddel.

(Utdrag frå leiars melding.)