llustrasjonsbilde med rapportforside

Kulturtankens årsrapport 2019

Samanstilling av Kulturtankens aktivitetar og resultat i 2019, inkludert DKS-portalen, BUSK-rapporten og kvalitetsrapporten.

Utvalde hovudpunkt

  • Viktig kunnskap om barn og unge er utvikla gjennom eigne utgreiingar. I tillegg til BUSK-rapporten lanserte vi hausten 2019 rapporten Kvalitetsarbeid i Den kulturelle skulesekken 2018–2019, som er den mest omfattande DKS-kartlegginga nokosinne.
  • Kulturtankens største satsing dei siste åra, DKS-portalen, vart lansert i september 2019. Portalen fungerer både som ein inngangsport for nye og eksisterande utøvarar i DKS-ordninga, som eit fagsystem for alle som har arbeidsprosessane sine i ordninga, og som publiseringsløysing ut til det offentlege, først og fremst til elevar og lærarar i norsk skule.
  • For utøvarar er ein stor del av gevinstane allereie realisert ved at det har vorte enklare, meir oversiktleg og tidssparande å sende inn forslag til DKS. I 2020 er det forventa at svært mange av dei resterande gevinstane for fylke og kommunar også kan realiserast.
  • I 2019 vart det for første gong gjennomført nasjonale visningsarenaer for alle kunst- og kulturuttrykka i DKS.
  • Kulturtanken forvalta i 2019 288 mill. kr til fordeling frå overskotet frå Norsk Tipping, alle midlar vart fordelte til Den kulturelle skulesekken for skuleåret 2019–2020.