
SKUP-rapport: Tverrfaglegheit, djupnelæring, metodemangfald – estetiske læringsprosessar
Kan SKUP bidra til innføring av LK20?
Skulane sine eigne utviklingsprosjekt (SKUP) har vore ein del av DKS i Osloskulen sidan 2006. SKUP gir skulane høve til å arbeide med mål og utfordringar gjennom eit kunstprosjekt over tid. Lærarar og kunstnarar som deltek i SKUP møter rettleiarar som støttar opp om kompetansedeling og samarbeid mellom kunst- og skulesektor, og styrkjer elevfokuset i prosessen.
For første gong har SKUP blitt forska på, og denne rapporten kartlegg og identifiserer det uttrykte utviklingsbehovet til skulane og kompetansebehov når det gjeld innføring av det nye læreplanverket LK20, og undersøkjer korleis skulane sjølv reknar at deltaking i SKUP-prosjekta bidreg til å løyse dette. Eit viktig tema i rapporten er korleis estetiske læringsprosessar skal få ein naturleg plass i skulen.
Last ned ein PDF av rapporten.
Bla i rapporten her: