Rettleiar for filmframsyning i DKS

Rettleiar for filmframsyning i DKS

Rettleiaren for film blir tilrådd som eit utgangspunkt for avtalar om filmframsyning i DKS.

Filmrettleiaren er meint å styrkje samordninga rundt prisregime og praksis knytt til filmframsyning i DKS, og rettleie både DKS-programmerarar i fylke og kommunar og tilbydarar av film og visningsrom.

Prisrettleiaren består av priskategoriar, og dessutan ein rettleiar til praksis rundt filmframsyning på kino og skule. Følgjande prisrettleiar blir tilrådd som eit utgangspunkt for avtalar om filmframsyning i DKS.

Kinovisning: kr. 60/65* pr. elev

*gjeldande frå neste skuleår (23/24)

Sats på kr 60/65 per elev ligg til grunn for kinovisning i rettleiaren. Satsen bør vere uavhengig av storleiken på kinoen, eller om kinoen er privat eller kommunalt eigd og driven.

Rettleiar til avtalar om kinovisning

DKS-ansvarleg gjer avtale om visning av filmen med den aktøren som har meldt filmen inn i DKS-portalen. Deretter blir avtale gjord om filmvising med kinoen med tilvising til satsen kr 60/65. Kinoen bestiller filmen av distributør. DKS melder inn talet på deltakande publikum (elevar) til kinoen.

Kinoen fakturerer DKS billettpris på kr 60/65 per elev.
Kino og distributør gjer opp seg imellom, basert på eigne avtalar, utan å involvere DKS.

Kinoen skal følgje vanleg rapportering der publikumstal (elevtal) blir lagt inn i Rapportserver.

Reklamefri kinovisning

Reklame før filmframsyning stel av tidsbruken til DKS, og går dermed utover formidlingsopplegg knytt til filmframsyninga. DKS er òg ein del av skulen, og må ta omsyn til rammene til skulen.

Skuleeigar pliktar å skjerme elevane for uønskt påverknad: Opplæringslova § 9-6. Det bør derfor ikkje visast reklame i samband med kinovisningar i DKS.

Visning av kinofilm* på skule: kr. 30 pr. elev

Sats på kr. 30 pr. elev ligg til grunn for visning av kinofilm* på skule. Når «billettpris» blir lagd til grunn for skulevisning, er det for å følgje logikken frå kinovisning for visning av kinolangfilm på skule.

Rettleiar til avtalar om skulevisning

Filmframsyning på skule blir avtalt med den aktøren som har meldt filmen inn i DKS-portalen, som så sørgjer for nedlastbar fil til skulevisning, og fakturerer DKS i fylke/ kommune.

Dersom filmen blir vist både på skule og på kino i same turné, blir dette avtalt med filmprodusent/distributør. Ved kinovisningane fakturerer kino (sjå punktet over) og ved skulevisningane fakturerer filmprodusenten DKS.

Kommentar
Det må noterast at det ikkje er eit førsteønske å vise kinofilm på skule i regi av DKS, og at det ikkje skal sjåast som ein «billigare måte å vise film», men ei løysing der det av andre omsyn (demografi, transport osv.) er beste løysing for å få vist filmen til elevar.

Visning av kortfilm** på skule: kr 500 pr visningsdag

DKS betaler vederlag for vising av kortfilm på skule, på kr. 500 pr. dag. Visninga blir avtalt med produsent som også fakturerer for vederlaget.

Ei ramme med dagspris blir rekna som utjamnande, då det er stor variasjon i både talet på elevar og talet på visningar av film på kvar enkelt skule.

Visning av kortfilm på kino

Ved visning av kortfilm på kino, blir vederlag utbetalt for kortfilm (500,- pr visningsdag) og dessutan salsleige (blir avtalt med kino).

Utøvarhonorar

Utøvar(e) som følgjer filmen på kino eller til skulen som formidlar bør få satsar frå rammeavtalen for oppdrag i DKS, forhandla fram av Creo/KS (ASA 4401) (pr. 1.08 2022 kr. 5 342,-).

DKS-samarbeid med filmfestival

Veilederen omfattar ikkje samarbeid med filmfestivalar. Det blir gjort eigne avtalar mellom DKS i fylke el. kommune og festival.

*Kva er ein kinofilm?
DKS reknar langfilm med ordinær kinodistribusjon som kinofilm. Viss opphavleg langfilm for kino blir klipt ned til under 60 minutt (for f. eks TV-visning), og denne versjonen blir vist i DKS, blir filmen framleis rekna som kinofilm.

**Kva er kortfilm?
DKS viser til lovdata og forskriftene som er grunnlag for NFIs tilskot og reknar 60 minutt som grensa for kortfilm og langfilm, uavhengig av sjanger. Ein DKS-produksjon som består av fleire korte utdrag frå ein og same kinofilm blir rekna som film under 60 minutt.

Rettleiaren er ei tilråding utarbeidd av fagansvarlege for film i DKS i fylka og Kulturtanken, i dialog med Film & Kino, Produsentforeningen Virke og Norske filmdistributørars foreining (NFF). Arbeidsutvalet for DKS er orientert.

For meir informasjon om bakgrunnen og arbeidet med rettleiaren eller spørsmål rundt rettleiaren ta kontakt med Cathrine Jakobsen, fagansvarlig for film i Kulturtanken (post@kulturtanken.no).