Øystein Strand - portrett

DKS treng ein felles foreldreskap

Om 20-åringen vår skal ha ei framtid, så må kultur- og skulesektoren nærme seg kvarandre med gjensidig respekt, skriv direktør Øystein Strand.

I år markerer Den kulturelle skulesekken (DKS) 20 år som ei nasjonal ordning. Korleis skal vi jobbe vidare for å sikre at ordninga held fram med å vere relevant òg i dei neste tiåra?

Eg følgjer opp innlegget til DKS-ansvarleg i Oslo kommune, Kristin Falck (25.06), og etterfølgjande intervju med Vidar Thorbjørnsen (2.07) i Morgenbladet.

La meg først gi uttrykk for at eg applauderer alle som løftar fram betydninga av DKS og behovet for at budsjettrammene for ordninga held tritt med kostnadsutviklinga. I år prioriterte Kulturdepartementet å auke tilskotet frå spelemidlane med 21,5 millionar kroner, det vil seie ein auke på rundt 7,5 prosent. I tillegg er det avsett fire millionar kroner i statsbudsjettet til utvikling av nytt innhald i DKS. Det er altså teke eit steg i rett retning i år.

Eg stiller meg sjølvsagt eitt hundre prosent bak Vidar Thorbjørnsens skildring av DKS som ei fantastisk ordning. Vi har all mogleg grunn til å vere stolte av ei ordning som i 20 år har sikra kunst- og kulturopplevingar til alle skuleelevar i landet, og utan å gå inn i gamle farskapsdiskusjonar så fortener dei som var med og setje det heile i gang ros for det!

Thorbjørnsen uttrykkjer at han fryktar for framtida til DKS, og at det som i første omgang trengst er ein diskusjon om kva DKS skal vere: «… og det er kultursektoren som må ta den debatten», uttaler han. Kultursektoren bør absolutt ta debatten, men det blir heilt feil å gjere det utan skulesektoren. Og eg synest det kan vere vel så viktig å diskutere kva DKS ikkje skal vere. DKS må ikkje brukast som argument for mindre satsing på dei praktisk-estetiske faga i skulen. Det er tvert imot behov for ei styrking av desse faga og skulen sin eigen kompetanse på feltet for at DKS skal fungere optimalt.

Eg er derfor glad for at stortingsmeldinga, Oppleve, skape, dele — Kunst og kultur for, med og av barn og unge, er tydeleg på dette i målskildringa for ordninga:

«Sidan starten av DKS-ordninga har det blitt poengtert at ordninga er eit supplement til vanleg undervisning, og at tilboda ikkje må komme til å erstatte ei satsing på dei praktisk-estetiske faga i skolen.»

Oppleve, skape, dele — Kunst og kultur for, med og av barn og unge

Essensiell forankring

Heilt sidan eg på slutten av 90-talet jobba som produsent for skulekonsertar i Buskerud fylkeskommune, har eg vore på arenaer der engasjerte aktørar frå kultursektoren snakkar om manglande engasjement og forståing frå skulesektoren – utan at skulesektoren deltek i samtalen.

Det er eit faktum at samspelet mellom skule- og kultursektor har vore den store utfordringa i ordninga heile vegen. Då Rikskonsertane fekk nye oppgåver i 2015, var bakteppet at det var heilt essensielt å sikre ei betre forankring av DKS i skulen. DKS blei omtalt som ein av «tidstjuvane i skulen» og dersom ordninga skulle halde fram med å få tid og rom i ein pressa skulekvardag så måtte noko blir gjort.

I tillegg er det verd å merke seg at det på den tida var mange kritiske stemmer til den statlege dominansen som Rikskonsertanes skulekonsertordning representerte. Det var viktig å løfte andre kunst- og kulturuttrykk enn berre musikk i kunstformidlinga til barn og unge.

Kulturtankens oppdrag

Rikskonsertane, som etter kvart fekk det nye namnet Kulturtanken, fekk eit tydeleg oppdrag om å skape betre samhandling og forståing mellom to sektorar. Oppdraget blei gitt frå både Kulturdepartementet og Kunnskapsdepartementet, og rolla Kulturtanken fekk inneber altså å byggje bru mellom skulesektoren og kultursektoren. Dette er viktig fordi dei gode kunstmøta i skulen er avhengig av at dette samarbeidet fungerer, og det er avgjerande for legitimiteten til skulesekken at ordninga bidreg til at begge sektorar oppfyller måla og visjonane sine.

At dei to departementa har samarbeidd tett i arbeidet med den nye stortingsmeldinga, har òg resultert i samarbeid på nivået rett under departementa, mellom Kulturtanken og Utdanningsdirektoratet. Vi er ikkje i mål med å forankre DKS i skulen. Men Kulturtanken arbeider systematisk og målretta med dette saman med fylkeskommunar, kommunar og i samarbeid med organisasjonen til kommunesektoren KS, og vi byrjar no å sjå resultat.

Skulen er konteksten

Vi som har ståstaden vår i kultursektoren kan ikkje einsidig stille krav og forvende tid, rom og merksemd i skulen utan å ta innover oss at DKS-ordninga må bidra til måloppnåing òg i skulesektoren. Dette meiner eg er fullt mogleg å få til utan at autonomien og eigenverdien til kunsten blir trua. Men det fordrar at kvalitetsdiskursen er breiare i DKS-samanheng enn i kunstfeltet elles.

Kunstnarisk kvalitet åleine er ikkje tilstrekkeleg dersom eit kunstmøte i DKS skal fungere. Kvalitet i sjølve formidlinga er òg heilt avgjerande. Kunsten og kulturen må formidlast og setjast i kontekst for målgruppa. Skal vi med nokon som helst legitimitet gjere krav på tid og rom i skulen, så må vi forstå, og ta omsyn til, kvalitetsdefinisjonane i skulesektoren. Eg meiner at vi må ha med oss fleire perspektiv og snakke om «kvalitetar» i fleirtal.

«Kunstnarisk kvalitet åleine er ikkje tilstrekkeleg dersom eit kunstmøte i DKS skal fungere.»

Framleis ein veg å gå

Det utfordrande samspelet blei poengtert av kulturministeren og kunnskapsministeren i ein felles kronikk i år: «…eit tilbakevendande tema i DKS er at samarbeidd mellom kultur og skule ikkje har fungert godt nok. Dette går ut over barn og unge og opplevinga deira av det kunstnariske innhaldet.» (Klassekampen, 11. mai 2021).

Guri Melby og Abid Raja med kulturinnspill fra barn
Kunnskapsminister Guri Melby og kulturminister Abid Raja. (Foto: Irene Skaara Imset/Kunnskapsdepartementet)

Om 20-åringen vår skal ha ei framtid, så må endring til. Skal vi lykkast med å skape eigarskap og forankring i skulesektoren så må vi snakke meir med, og mindre om skulen, og nærme oss kvarandre med gjensidig respekt for ulike kvalitetsforståingar og faglege ståstader.

Til slutt ønskjer eg å poengtere noko eg meiner er viktig og rett: Stortingsmeldinga løftar fram betydninga av å lytte til stemmene til barn og unge i utvikling av politikk og verkemiddel på dette feltet.

Personleg meiner eg at det er på tide at vi vågar å overlate noko av definisjonsmakta til målgruppa vi jobbar for. Eg trur ikkje vi skal vere redde for å streve etter relevans og representativitet i kulturpolitikken. Snarare tvert imot.

Kanskje er det nettopp der vi finn nøkkelen til at interessa for kunst og kultur blir vidareført til stadig nye generasjonar av barn og unge. Ja, kanskje er det akkurat det som skal til for å sikre at 20-åringen, som vi alle er så stolte av, får eit verkeleg godt og langt liv? Og det i eit ekte og naturleg felles foreldreskap mellom skulesektoren og kultursektoren.


Innlegget blei først publisert i Morgenbladet.

Relaterte artiklar

Meir midlar til Den kulturelle skulesekken

I 2021 blir det fordelt 306,5 mill. kroner til Den kulturelle skulesekken som skal bidra til å gi barn og unge eit likeverdig kunst- og kulturtilbod over heile landet.

Øystein Strand på Kulturtankens årskonferanse 2021

Kunst og kultur for, med og av barn og unge

Den første stortingsmeldinga i historia om barne- og ungdomskultur er lagt fram. Kva betyr det?

Stortingsmeldinga «Oppleve, skape, dele – Kunst og kultur for, med og av barn og unge»

Oppleve, skape, dele

Den første stortingsmeldinga i historia om barne- og ungdomskultur er lagt fram.