Tre vegar til nyskaping for kulturarv i DKS

Tre vegar til nyskaping for kulturarv i DKS

Sjå eleven og stol på utøvaren: desse DKS-produksjonane femnar breitt, men siktar mot same mål.

"Formidlings-ingeniør" Sander Shaumann under fagsamtalane. Foto: Trine Grønningen/Kulturtanken

Korleis skape godt innhald og gjere DKS-prosjekt enda betre?

Temaet for årets fagsamtalar om kulturarv i Den kulturelle skulesekken sette nyskapande prosjektutvikling under lupa.

DKS-LAB for det visuelle kunstfeltet har vore eit inspirerande føregangsprosjekt, og fagdagen markerte starten på samtalen rundt ei liknande satsing for kulturarvsfeltet.

Men korleis løyser utøvare innhalds- og formidlingsknuten for kulturarvproduksjonar i dag? Tre DKS-prosjekt som har hatt særleg fokus på nyskaping presenterte sine prosessar for å hjelpe feltet å stake ut vegen framover.

Mie olen mie: elevfokus og kollektiv eigarskap

Lisbeth Dragnes frå Vadsø museum - Ruija Kvenmuseum.

– På museet jobbar vi med å byggje tilhøyrsel, respekt og anerkjenning for den kvenske og norskfinske kulturarven. Men relevansen til elevane sine eigne liv og verkelegheit kjem ikkje av seg sjølv, spesielt ikkje når det gjeld aktivitetar knytte til fortida, noterer formidlar Lisbeth Dragnes frå Vadsø museum – Ruija kvenmuseum.

– Derfor syntest museet at det er spesielt spennande å samarbeide med kunstfeltet om ein DKS-produksjon der identitet er hovudfokuset.

Mie olen mie – Jeg er meg er laga på bestilling frå Kultur- og likestillingsdepartementet og skal bidra til å løfte statusen til kvensk og norskfinsk kultur. Prosjektet er utvikla som eit samarbeid mellom museet, Nordnorsk kunstnarsenter og DKS Troms og Finnmark.

Opplegget er ein kunstnarleidd verkstad som reiser rundt på skular og lèt elevar laga eigne kunstverk med utgangspunkt i både kvensk/norskfinsk samtidskunst og elevane sine eigne identitetar og tilhørigheiter. Med på vegen er video-opptak frå ei fast utstilling på Vadsø museum-Ruija kvenmuseum som skal gi ein historisk og kulturell bakgrunn om kvener og norskfinnar.

Les ein artikkel om produksjonen.

Kristina Junttila er norskfinsk utøvar, medskapar, regissør, forskar og pedagog.

– Premissen for ein vellykka DKS-produksjon er at eigarskapen til prosjektet ligg hos kunstnaren sjølv. Det er vi som er til stades i klasserommet, og det er vi som skal engasjere elevane, poengterer performancekunster og pedagog Kristina Junttila.

Ho sa ja til å ta på seg ansvaret for det faglege innhaldet i verkstaden på vilkår av at fleire utøvarar vart involverte saman med henne. Fire kunstnarar i ulike disiplinar er påkopla produksjonen i dag, alle med kvenske eller norskfinske røter.

Ifølgje Junttila gir fleire utøvarar ein fleksibilitet til prosjektet som gjer det meir rusta til å tilpassast moglege utfordringar på kvar enkelt skule. Ho krediterer kollektivt ansvar og samskaping som ein viktig suksessfaktor for prosjektet.

– Målet mitt er alltid at alle elevane skal finne ein slags nerve og ei interesse ein eller annan gong i løpet av opplegget, forklarer kunstnaren.

Måloppfyllinga byrjar med det ho definerer som det aller viktigaste: avtale pausar og halde dei. Deretter er det sjuandeklassingane sin eigne kreativitet og kulturelle opphav som er fokus.

Relevansen til elevane sine eigne liv og verkelegheit kjem ikkje av seg sjølv, spesielt ikkje når det gjeld aktivitetar knytte til fortida.

Lisbeth Dragnes

– Måten vi jobbar med å gjere det relevant på, er å gi elevane ei forståing av at identiteten deira og kvar dei kjem frå har noko å seie. I tillegg til at elevane sjølv er dei som skaper noko, seier Junttila.

Elevane lager kunstverk med materiale dei finn rundt seg, noko som i seg sjølv er ei viktig øving i kvensk og norskfinsk kulturarv.

Gi plass til kompleksitet

Mie olen mie har vorte godt teke imot på skulane og er no ein del av det faste DKS-tilbodet i Troms og Finnmark. Når prosjektet no skal vidareutviklast er det for å stramme det opp og gjere det endå meir fleksibelt.

– Kunstnarar som blir kopla på må få tid til å utvikle sin eigen eigarskap og skape ein kompleksitet i si eiga formidling, meiner Junttila.

– Opplegget fungerer godt slik det er, men vi ser at vi formidlarar og kunstnarar som er involverte i prosjektet må vere på heile vegen. Vi må møte det elevane gir oss og utvikle samspelet mellom oss. Vi bruker det vi har – og det er ein fin kvensk tenkjemåte, avsluttar Lisbeth Dragnes.

– No har eg lyst til å snu litt på situasjonen, og stille eit spørsmål til dykk: korleis synest de vi skal vidareutvikle produksjonen? spør Kristina Junttila på slutten av presentasjonen og lar publikum stemme over fire ulike modellar.

Verdensarvtur Rjukan: ein meir eventyrleg busstur

– No er du minst like traust som den bussturen!

Ein bebrillet type i topplue, raggsokkar og tøyryggsekk brasar inn i fagdagen midt i innlegget til Thorild Osdalen, kulturarvsansvarleg i DKS Vestfold og Telemark. Tilsynelatande er det ganske så frekt, spesielt sidan ho snakkar om eit av dei store hjartebarna sine: Verdensarvtur Rjukan, kulturarvproduksjonen som bussar vgs.-elevar frå heile Vestfold og Telemark fylkeskommune til Vemork og Norsk Industriarbeidermusem.

Skodespelar Sander Jordbakke har med seg verdsarven i ryggsekken.

Ideen har vore med Osdalen heilt sidan verdensarvssøknaden vart skriven på fylkeskontoret i 2015. Saman med kulturkontaktar på 14 vidaregåande skular tok ho initiativ til produksjonen og jobba saman med formidlarane på Rjukan for å utvikle eit formidlingsopplegg for Den kulturelle skulesekken.

Verdsarvstatus og flotte naturomgivnader i all ære: opplegget hadde likevel nokre store problem. Tilbodet til DKS Vestfold og Telemark strekkjer seg over store avstandar, og enkelte skuleklassar sit på bussen i fem timar om dagen for å oppleve Rjukan i ein relativt kort stund.

– 17-18-åringar vil sjeldan på slike bussturar, noterer Osdalen tørt.

Thorild Osdalen frå DKS Vestfold og Telemark.

Det vart ei utfordring å halde energien til elevane oppe gjennom dagen, spesielt med eit så omfattande kulturarvstema.

Ho har prøvd ulike grep gjennom åra for å prøve å løfte produksjonen. Til slutt vart Grenland friteater kopla på - og det i grevens tid. Produksjonen stod i fare for å bli nedlagd då skodespelar Sander Jordbakke og regissør Tor Arne Ursin vart spurd om å vidareutvikle formidlinga.

Innsatsen deira omtaler Osdalen som eit nøkkelgrep i å løfta verdsarvsturen til «eit eventyr frå verkelegheita».

Showmann som følgjesperson

Mange av tinga vi såg for oss i idéfasen fungerte ikkje før vi fekk inn Sander og stramma inn opplegget.

Thorild Osdalen

På Notodden stasjon dukkar «Formidlings-ingeniøren» Sander Schaumann (eller Showmann) plutseleg opp på bussen og startar dermed produksjonen allereie ein times tid før elevane er framme på Rjukan. Ingeniøren er energisk og engasjerande, og introduserer elevane for verdsarven gjennom forteljingar, quiz og mykje humor.

– Eg har aldri vore med på noko liknande. Men det har gått overraskande bra, og har vore både veldig gøy og kjempeslitsamt, seier skodespelaren som fekk ein knapp månad til førebuingar før skuleturane starta.

«Schaumann» følgjer elevane til Vemork, byvandring i Rjukan sentrum, Det raude bibliotek og lunsj på det gamle Varelageret. Museumsformidlarane som møter elevane på Rjukan har tett kontakt med skodespelaren slik at dei kan spele vidare på det han allereie har sagt til elevane.

– Å vere på ein buss med mange tenåringar klokka 9 på morgonen er ikkje akkurat det ein drøymer om som skodespelar, så i starten sa eg mest ja til å vere med for å vere hyggjeleg, innrømmer skodespelar Sander.

– Det at eg er med heile vegen bind på ein måte opplegget saman, forklarer Jordbakke.

Osdalen fortel at den vidareutvikla produksjonen skulle skje på premissane til kunstnaren, og at Jordbakke skulle ha eigarskap over formidlinga.

– Det hadde vore eit kjipt prosjekt å jobbe på om nokon på kontoret hadde skrive manus trur eg - no offense, Thorild! seier Jordbakke til latter frå salen.

– Mange av tinga vi såg for oss i idéfasen fungerte ikkje før vi fekk inn Sander og stramma inn opplegget, fortset Osdalen og er tydeleg glad for at produksjonen no får halde fram med å eksistere også etter den framtidige fylkesdelinga.

– Alle på laget jobbar saman for å gjere turen til Rjukan til den beste skuledagen den veka. Vi vil at elevane skal kjenne på stoltheit.

Brettspillworkshop: historisk empati og utforskartrong

– Vi er alle grunnleggjande nysgjerrige. Spel som Den forsvunne diamant fungerer fordi vi menneske elskar å plukke opp ting og sjå kva som ligg under, meiner Markus Moestue.

Sjølv er kunstnaren nysgjerrig på historiene vi fortel oss sjølve, noko som blir spegla med satirisk blikk gjennom heile hans kunstnariske virke: Han har mellom anna sykla på ein svær dinosaur gjennom det tjukkaste bibelbeltet og laga eit kritisk turistkart over Oslo som hamna på Haustutstillinga i 2022.

Då han laget sitt eige brettspel var det for å utforske psykologien bak finansbobler. Arbeidet med Equity vart utgangspunktet til DKS-produksjonen Brettspillworkshop, som har vorte testa gjennom DKS-LAB og turnert for 4.-7.-klassingar.

-Verdas første analoge, heilt spionfrie Tiktok. Det verste kortet ein kan trekkje er at far din har byrja å følgje deg, forklarer Markus Moestue om eit av spela elevane har laga.

Med tusj, papp, terningar og brikker skal elevane få konstruere sine eigne spel, etter ei innføring i spelemekanismar frå Moestue.

– Det er viktig for meg å starte med å spørje elevane sjølve om kva spel dei liker, fortel kunsteren. Når dei ofte nemner Monopol, fortel han om det aller første monopolspelet The Landlord's Game frå 1904. Det vart eigentleg laga som eit politisk argument for å innføre eigedomsskatt, og ingen kunne vinne spelet til slutt.

–Det er jo forferdeleg kjedeleg! Det er mykje morosamare å knuse familien sin, det er elevane alltid samde i.

Når elevane byrjar å lage sine eigne spel, fortel Moestue at han har éi veldig viktig oppgåve: å gi dei rom til å jobbe sjølvstendig. Jo mindre velmeint rettleiing elevane får, og jo meir personlege og lokale spela er, jo kulare og meir kreative endar dei opp med å vere.

Kindereggformidling

- Vi spør oss sjølv om det er ein histore vi vil fortelje med produksjonen, og i så fall kva for ein, fortel Vibeke Hegg.

I desse dagar blir produksjonen tilpassa i regi av DKS Viken, som ser fleire moglegheiter utover ein rein verkstad.

– Vi tenkte at dette kunne eigne seg godt som samproduksjon mellom kulturarv og visuell kunst. Det er så mange ting ein kan ta tak i her - formidlinga er som eit kinderegg! fortel Vibeke Hegg, produsent for visuell kunst.

 Eg vil ta med barna på dette med kor viktige spel var, kor lenge vi har spelt dei, men òg at vi kan leike at vi er arkeologar saman.

Markus Moestue

Ho nemner aspekt som design og strategisk tenking som døme på kva elevane kan få ut av formidlinga.

Moestues eigne tankar om vidareutvikling har leidd han endå lengre tilbake i spelehistoria. The Royal Game of Ur stammar tilbake til år 2600 f. kr. og er eit av fleire døme han ønskjer å ta med seg i formidlinga. Spel har alltid spegla samtida si, blant anna har terningen hatt ei direkte kopling til Guds vilje når ho har avgjørt avrettingssaker.

– Eg vil ta med barna på dette med kor viktige spel var, kor lenge vi har spelt dei, men òg at vi kan leike at vi er arkeologar saman, noterer han. Vibeke Hegg fortel at eit anna viktig mål med produksjonen er å vekkje «historisk empati» hos elevane.

 Gjennom spel kan vi oppleve same spenningskjensle som ein farao gjorde for fleire tusen år sidan, konkluderer ho.

Bilete frå fagdagen

DSC_7393
DSC_7459
DSC_7435
DSC_7497
DSC_7583
DSC_7592
DSC_7642
DSC_7692
DSC_7693
DSC_7716
DSC_7727
DSC_7743

Alle bilete: Trine Grønningen/Kulturtanken

Fakta om produksjonane

Mie olen mie - Jeg er meg

  • Uttrykk: visuell kunst og kulturarv
  • Målgruppe: 8. trinn til VG3
  • Vart testa skuleåret 2021/22 gjennom DKS-LAB.
  • Under årets turné alternerer kunstnarane  Kristina Junttila Valkoinen, Liv Bangsund og Siri Mari Vitalis Larsen på å halde verkstaden.

Les meir om Mie olen mie - jeg er meg

Verdensarvtur Rjukan

  • Uttrykk: kulturarv og scenekunst
  • Målgruppe: VG1 til VG3
  • Består av ulike komponentar avhengig av lengd på busstur og tidsressurs på kvar enkelt skule.

Les meir om Verdensarvtur Rjukan

Brettspillworkshop

  • Uttrykk: visuell kunst og kulturarv
  • Målgruppe: 4. til 7. trinn
  • I løpet av to timar lagar elevane ein ferdig prototype av eit spel som dei kan spele saman, og utfordrast til å gjennomføre eit komplekst prosjekt i samarbeid med andre.

Les meir om Brettspillworkshop

Relevante artiklar

Mie olen mie – Jeg er meg

Alle sanser tas i bruk i en nyproduksjon som gir elever en smak av kvensk og norsk-finsk kunst og kultur.

En kvinne og to ungdommer smiler, de står inne på et kjøpesenter med hver sin skriveplate i hendene.

DKS-LAB går inn i sitt tredje år

15. februar 2023 åpner utlysingene til faglige utviklingsplattformer på 15 kunstinstitusjoner over hele landet.

Fem musikere spiller i en gymsal. Barn og unge danser foran dem

Setesdalsfolk med Vegar – eit utvida prosjekt i DKS

Skulane i Bykle, Valle og Bygland har delteke i eit fleirårig DKS-prosjekt. Målet er å gi elevane stoltheit og kunnskap om den unike kulturarven i Setesdal.