
Evaluering og tilbakemelding på DKS-produksjonar
Metode som lèt elevane sleppe til, utvikla i Prosjekt elevmedverknad.
Direkte tilgang til elevars meiningar om DKS-produksjonar kan bidra til kvalitetssikring og framtidig læring. Seks DKS-administrasjonar har i samarbeid med Kulturtanken utvikla ein metode som lèt elevane sleppe til.
– Den viktigaste erfaringa etter dette prosjektet er kor lett det er og kor nyttig det var å få tilbakemeldingane, seier Bjørn Kristiansen, fagkonsulent og produsent i DKS Viken.
At elevar skal vurdere, evaluere og gi tilbakemeldingar, er nedfelte som ei eiga forskrift i opplæringslova. I tillegg kan elevars evaluering og tilbakemeldingar bidra til å styrkje den kunstnariske og formidlingsmessige kvaliteten på DKS-tilbodet.
Piloten Evaluering og tilbakemeldingar på DKS-produksjonar var ein del av Kulturtankens utviklingsprosjekt DKS-skule og delprosjektet Prosjekt elevmedverknad.
Som eit resultat av pilotprosjektet blei metodikken Samtalebasert evaluering og tilbakemeldingar på DKS-produksjonar utvikla. Den er basert på Beate Børresens arbeid med filosofiske samtalar i klasserommet. Metodikken er utvikla og gjennomført av DKS-administrasjonar i Viken, Oslo, Rogaland, Trondheim, Asker og Bergen i samarbeid med Kulturtanken ved prosjektleiar Bente Aasheim.

Unik moglegheit
Bjørn Kristiansen og Inger Johanne Molven, fagkonsulent og produsent i DKS Oslo, var to av dei som deltok i pilotprosjektet.
Kristiansen påpeikar at kunsten å evaluere er noko som må lærast. Du må vite at du skal vere positiv, konkret og at synspunkt skal grunngivast.
– Dette må du bli fortald. Så må du øve på det – og det kan starte tidleg, poengterer han.
Molven understrekar at evaluering og tilbakemeldingar frå elevar òg har stor verdi for formidlarar i DKS. I tillegg til å få konkrete tilbakemeldingar på produksjonane sine, så kan DKS-administrasjonen ta dei med inn i klasserommet for å delta i evalueringar og få tilbakemeldingar.

– Det gir formidlarar eit unikt høve til å bli kjend med klassen, elevane, skulesystemet og korleis halde ein klassetime. Rett og slett øve seg på klasseromsleiing. Det vil dei ha bruk for når dei skal formidle produksjonen for elevane.
Sjå Bjørn Kristiansen frå DKS Viken og Inger-Johanne Molven frå DKS Oslo fortelje om erfaringane sine:
Verdifulle fysiske møte
Metoden blir gjennomført i eit fysisk møte med elevar etter ei DKS-oppleving. Evalueringar og tilbakemeldingar blir innhenta gjennom ein organisert samtale som tek i bruk verktøy som loggark utvikla spesielt for den aktuelle produksjonen. Svara blir brukte som grunnlag for ein samtale.
– Eit digitalt svarskjema er bra det, men når du reiser ut, ser og deler opplevinga med elevane og samtaler etterpå, så får du så mykje meir, forklarer Kristiansen.
Han nemner mellom anna verdien av gruppedynamikk, tonefall og andletsuttrykk.
– Du får infoen som seier, men ikkje beskriv. Og ikkje minst; dobbeltkommunikasjonen.

DKS Oslo testa metodikken på to ulike produksjonar frå programmet i fjor: Kunsten å utforske ei anna verkelegheit, som er ein samtidskunstverkstad på 90 min på skulen, og skuleframsyninga Star Wårs (med å).
– Vi valde medvite to ulike typar produksjonar for å sjå om det var skilnad på korleis samtalane arta seg og for å få erfaring med begge deler, forklarer Molven.
Samtalane viste seg å bli ulike, men det er usikkert om det kom av endringane som blei gjorde i rigginga av samtalane i etterkant eller forskjellen mellom produksjonane.
– Etter samtidskunstverkstaden teikna nesten alle elevane på loggarket dei fekk delt ut - då er det nærliggjande å tru at verkstaden hadde sett i gang kreative prosessar hos elevane. Samtidig må eg understreke at dei i samtalen etter verkstaden sat gruppevis og påverka kvarandre på ein heilt annan måte enn i den andre samtalen. I samtalen etter framsyninga sat elevane éin og éin, poengterer Molven.

Det som var likt og som DKS Oslo òg ville finne ut av, var om metoden kunne nyttast på heilt ulike produksjonstypar.
– Det viste seg uproblematisk. Grupperinga og plasseringa av elevane i klasserommet, spørsmåla og oppsettet for samtalen kan tilpassast, uavhengig av produksjonstype.
Eit godt verktøy for å dele tankar
I eit elevmedverknadsperspektiv er det vesentleg at elevane blir gitt høvet til å evaluere og gi tilbakemeldingar på DKS-produksjonar på lik linje med andre fag i skulen. DKS er ikkje kunstopplevingar eleven vel, men som dei får som ein del av opplæringa.
Molven poengterer viktigheita av å møte eleven ut frå ståstaden til eleven, så får heller diskusjonen om grada av tilpassing komme i kjølvatnet.
– Eg meiner at det ikkje nødvendigvis er ein motsetnad mellom å tilpasse kunsten til målgruppa og å tilby elevane kunst dei aldri visste dei kunne engasjere seg i. Det er ein openberr skilnad på den tilrettelagde kunsten og den autonome kunsten. Eg meiner vi treng begge delar i DKS. Den nyskapande kunsten og/eller meir utilgjengelege kunsten kan òg treffe sjølv om eleven ikkje omgåande elskar/liker/forstår han. Filosofiske samtalar er eit godt verktøy for å få elevane til å dele eigne tankar utan at dei rår over spesifikk forkunnskap eller kjennskap til Den kulturelle skulesekken, seier Molven.

Ikkje «skulsk kunst»
Molven understrekar at det ikkje er den skulske kunsten som skal lagast når dei tek med formidlarar inn i klasserommet. Med «skulsk kunst» meiner ho kunst som mistar seg sjølv fordi han går for langt i å komme skulens i møte og DKS' forventningar.
– Kunstnarar og utøvarar skal ha den faglege integriteten sin og det kunstnariske prosjektet sitt heilt tydeleg for seg så det ikkje forsvinn i det skulske og svaret til elevane. Tilbakemeldingane til elevane er viktige, men ikkje førande. Dei skal koplast på der ein ser at det er behov for det.
Representantane for DKS Oslo og DKS Viken er tydelege på verdien av metodikken utvikla gjennom pilotprosjektet:
– Metodikken har fungert godt overfor elevane på 7. trinn og er eit godt verktøy for å få elevar til å dele eigne tankar utan spesifikk forkunnskap. Overordna ønskjer vi å tilby skulane eit DKS-program som treffer målgruppa samtidig som kravet til fagleg kvalitet og nyproduksjon blir vareteken. Denne metodikken kan bidra til dette, seier Molven.
Kristiansen poengterer verdien for DKS-administrasjonen:
– Som produsent i DKS med ansvar for å sende ut tilbodet til skulane, så er det veldig verdifullt å få spørje elevane direkte om kva dei synest og spørje dei om råd og tips til korleis vi kan bli betre.
Tilgjengelege ressursar
Video
Verktøyark
Last ned verktøyark (PDF / 0,7 MB)
Fagartiklar

Eigenverdien til kunsten (og litt om tilbakemeldingar)
Med humor og kløkt tek Eirik Willyson oss med inn i universet sitt og klargjer medverknad og verdien av kunsten i lys av eigne erfaringar frå både barndommen og sitt kunstnariske virke.

Samtalar med barn om kunst- og kulturproduksjonar
I denne artikkelen beskriv Beate Børresen verktøy og samtalegrep for ein strukturert samtale, og forklarer korleis det kan bidra til større engasjement og deltaking frå elevar. Slike samtalar kan òg gi verdifulle tilbakemeldingar om produksjonar for produsentar og utøvarar i Den kulturelle skulesekken.

Vurderingskultur i skulen
Vurdering står sterkt i læreplanen. I denne artikkelen foranker Line Margrethe Tyrdal evaluering og tilbakemeldingar på DKS-produksjonar i skulen, og klargjer verdien skulen og Den kulturelle skolesekken kan ha for kvarandre.
Døme på utfylte loggark
Fakta
Piloten med Evaluering og tilbakemeldingar på DKS-produksjonar var ein del av Kulturtankens utviklingsprosjekt DKS-skule og delprosjektet Prosjekt elevmedverknad.
Deltakarane forma ut og testa éin eller fleire metodar for innhenting av tilbakemelding frå elevar på arrangement i regi av DKS.
Målet med piloten var å velje ut og standarisere éin eller fleire metodar frå testfasen og sørgje for at erfaringane blei gjorde tilgjengelege nasjonalt. Dette for å styrkje kunsterisk og formidlingsmessig kvalitet på tilbodet og styrkje banda mellom Den kulturelle skulesekken og skulen.
Deltakarar i piloten:
Vidareutvikling i DKS Viken
Bjørn Kristiansen har utvikla metoden i eit delvis webbasert svar i tillegg til det fysiske møtet, og har òg hatt opplæring i eigen administrasjon.
Kunnskapen om dette opplegget blei gitt vidare til to kollegaer på fagområda film og litteratur.
– Kunnskapsoverføringa tok maks eit kvarter, og dei gjennomførte opplegget med stort utbytte, fortel Kristiansen.
Han har hatt behov for å kunne evaluere med større elevgrupper og har i samband med dette sløyfa loggark og gått over til Mentimeter – eit online dialog- og meiningsmålingsverktøy. Spørsmåla er dei same, pluss nokon fleire. Elevane bruker mobiltelefon og svara kan presenterast på morosame og fancy måtar på storskjerm. Svara blir lagra og kan hentast fram etterpå.
– Det var ei ny programvare som skulle lærast og blir meistra – og det tok tid. Det var ein del finessar og innstillingar som måtte lærast og blir forstått, seier Kristiansen.
Han påpeikar at når ting blir gjort online, så bør ein lære nokre køyrereglar. Han testa opplegget med nokre elevar og gjorde så justeringar før han prøvd det ut to gonger i mars etter visning av DKS-tilbodet Dampmaskinen på Inspiria Science centar, utanfor Sarpsborg. Det var to grupper på cirka 60 elevar frå 9. trinn.
– Med så mange elevar og høve til å vere anonyme, blei svara av varierande kvalitet, men dei aller fleste oppførte seg skikkeleg, og vi fekk nyttige tilbakemeldingar.
















