Konsert for ungdommer - stillbilde fra Produksjonshåndboka

Produksjonshåndboka

Produksjonshåndboka er ei digital handbok for deg som jobbar med musikkproduksjonar for barn og unge.

I Produksjonshåndboka finn du relevant kompetanse og kunnskap innan mellom anna produksjon, turnéverksemd, marknadsføring og kvalitetssikring.

Produksjonshåndboka vart oppretta av Rikskonsertene i 2015 og blir ikkje lenger oppdatert, men ligg framleis tilgjengeleg som ein digital ressurs.

Produksjon

Kvar einaste konsertproduksjon er unik, og gir oss nye erfaringar og lærdom. Når vi deler erfaringane våre med andre, styrkjer vi heile produksjonsmiljøet til skulekonsertar.

Turné

Ein vellykka skulekonsertturné er avhengig av mykje meir enn god konsertproduksjon. Grundig og nøyaktig logistikkarbeid, god distribusjon og eit godt mottaksapparat er like avgjerande for musikkopplevinga til elevane som musikken som blir spelt frå scena.

Informasjon og marknadsføring

Forventninga og spenninga som knyter seg til det som skal komme er også avgjerande i forhold til skulekonsertane. Informasjonsarbeid knytt til skulekonsertane er er ein viktig del av kunstopplevinga.

Kvalitetssikring

Evaluering av ein skulekonsert er ei omfattande sak. Alle dei involverte; alt frå elevar til lærarar, musikarar, produsentar og administratorar har ulike suksesskriterium for konserten. Kor mykje veg alle dei ulike synspunkta, og korleis kan dei påverke produksjonsprosessen i positiv retning?