Ungdom eksperimenterer med et mobilt pop up galleri

DKS-kartlegging avdekkjer store skilnader

Kulturtanken har gjennomført den mest omfattande DKS-kartlegginga nokosinne, og no er rapporten klar. Innsikta har allereie ført til oppstart av nytt pilotprosjekt.

Frå DKS-produksjonen «Piksel - eit mobilt popt up galleri», av Buskerud kunstsenter og Haugen & Zohar arkitektar i samarbeid med DKS Buskerud 2018. Foto: Lars Opstad / Kulturtanken

Sidan våren 2018 har Kulturtanken samla inn tidlegare forsking om DKS-ordninga og halde samtalar med alle tilskotsmottakarar, i alt 30 fylkes- og direktekommunar. Hensikta har vore å kartleggje korleis og i kva grad det blir jobba systematisk med kunstnarisk og formidlingsmessig kvalitet.

No er endeleg funna samla i rapporten Kvalitetsarbeid i Den kulturelle skulesekken 2018-2019.

Meir detaljert enn før

Prosjektleiar i FoU-prosjektet for kvalitet og formidling, Gustav Jørgen Pedersen, har vore over 60 timar i telefonsamtalar med alle tilskotsmottakarane. Han fortel at rapporten dekkjer eit konkret kunnskapsbehov for Kulturtanken og Den kulturelle skulesekken, som ikkje har vore dekt tidlegare.

Prosjektleder Gustav Jørgen Pedersen
Prosjektleiar Gustav Jørgen Pedersen

–Tidlegare forsking har sett på meir avgrensa område av DKS-ordninga, til dømes ved å samanlikne enkelte av tilskotsmottakarane. Det har òg blitt forska breiare, men mindre detaljert. Det er ei stor oppgåve å få oversikt over arbeidet som blir gjort hos alle fylka og kommunane som er med i DKS-ordninga, og det har ikkje blitt prioritert før no. Så dette er første gong fleire av tilskotsmottakarane får sjå sitt eige arbeid i lys av korleis det blir gjort andre stader, seier Pedersen.

I rapporten er det systematiske arbeidet med kunstnarisk og formidlingsmessig kvalitet delt inn i fem område: initiering, programmering, produksjon, mottakingskvalitet og tilbakemeldingar og evalueringar.

– Vi har prøvd å identifisere kva hovudprosessar som inngår i ordninga. Kvar, og av kven, blir produksjonane igangsett? Korleis blir dei valde ut? Korleis går produksjonsprosessen føre seg med idéutvikling og tilrettelegging? Korleis jobbar tilskotsmottakarane opp mot skulen? Vi har òg sett på om produksjonane blir evaluerte, og om det blir samla inn tilbakemeldingar frå elevane, fortel Pedersen.

Ulik bruk av fagråd

Rapporten avdekkjer at tilskotsmottakarane jobbar ulikt på alle desse områda, noko som i seg sjølv ikkje er særleg overraskande.

– Vi visste at det var store skilnader, men visste ikkje kva skilnadene var. Tidlegare forsking har vist at det er 30 ulike system, men dette er første gong dei er beskrivne i ei viss detaljgrad. Og det er hovudpoenget med rapporten, for det gir oss grunnlag til å meine noko om skilnadene, seier Pedersen.

Eit tydeleg døme på viktigheita av detaljering, er bruken av fagråd i programmeringsprosessen. Det vil seie at tilskotsmottakarane har eit fagleg råd som bidreg i utveljinga av innhaldet i årsprogrammet. Det har tidlegare vore gjenteke at eit fagråd er kvalitetssikrande, men rapporten avdekkjer at dette varierer veldig.

–Nokre fagråd er innstillande, nokon er godkjennande, andre igjen er berre rådgivande. I enkelte fagråd er det nesten ikkje kunstfagleg kompetanse representert. Det er viktig for både utøvarane og elevane å vite kven det er som bestemmer, med kva legitimitet og kva for nokre kunstfaglege grunngivingar. Eg håpar rapporten bidreg til å klargjere dette, seier Pedersen.

Manglar gode system for tilbakemeldingar – nytt pilotprosjekt er sett i gang

Eit anna interessant funn handlar om systema for innhenting av tilbakemeldingar, særleg frå elevane.

– Så godt som alle, 28 av 30 tilskotsmottakarar, har eit eller anna system for å innhente tilbakemeldingar. Samtidig er det ingen som oppgir at dei har gode nok system for å få tilstrekkeleg med tilbakemeldingar frå elevane. Så det er behov for å utvikle noko betre, fortel Pedersen.

Denne innsikta ber allereie frukter. Kulturtanken har sett i gang eit pilotprosjekt for få mest mogleg ut av meiningane til elevane om DKS-arrangement, og målet er at det skal munne ut i eit nasjonalt verktøy våren 2020.

Se video fra presentasjonen av rapporten:

Eit augneblinksbilete før regionsreforma

Samtidig er prosjektleiaren klar over at rapporten er eit augneblinksbilete av DKS-ordninga i skuleåret 2018-2019. Situasjonen endrar seg raskt. Som følgje av regionsreforma vil dei 30 tilskotsmottakarane, som i dag består av 18 fylkeskommunar og 12 direktekommunar, bli reduserte til 11 allereie neste år.

–Håpet er at rapporten kan vere eit nyttig innspel i arbeidet med omstruktureringane i DKS-ordninga, i samband med regionsreforma. Forhåpentleg vil ho bidra til at tilskotsmottakarane i større grad hentar inspirasjon og tips frå kvarandre, slik at DKS-ordninga samla sett blir endå betre. Tusen takk til alle som har stilt opp og bidrege i dette omfattande arbeidet, avsluttar Pedersen.

Rapporten blir no send til alle Kulturtankens tilskotsmottakarar.


Les samandrag og last ned rapporten her