Ungdommer snakker sammen mens de sitter ved et bord

– Vi ungdommar har meir til felles med vaksne enn de trur

Kva kan kritikk for, med og av eit ungt publikum vere? Åtte ungdommar bidrog med viktige perspektiv på Den kritiske skulesekken.

Frå seminaret Den kritiske skulesekken. Foto: Trine Grønningen/Kulturtanken

– Eg synest generelt at det er viktig med kritikk frå mange typar menneske. Då kan ein opne for fleire meiningar og perspektiv.

Det seier ein av ungdommane som er samla rundt eit stort, opplyst bord midt i scenerommet på Black Box teater. Dei er her for å delta på seminaret Den kritiske skulesekken der dei skal diskutere framsyningane dei har sett under årets Showbox-festival, og reflektere rundt kunst- og kulturkritikk generelt.

ungdommer snakker sammen mens de sitter ved et bord

Dei er åtte rundt bordet – to frå Oslo og seks frå Nittedal, alle i ungdomsskulealder. Bak dei igjen sit eit vakse publikum på fire tettpakka rader rundt bordet. Dei er stille tilskodarar; samtalen til ungdomskritikarane er bokstaveleg talt plassert i sentrum for arrangementet.

Korleis opplever barn og unge kunsten? Kva meiningar har dei om han, og kva slags opplevingar og erfaringar får dei gjennom DKS?

Nye refleksjonsverktøy

Seminaret Den kritiske skulesekken er eit samarbeid mellom Scenekunstbruket og Kulturtanken og ein del av ei større satsing på kritikk for, med og av eit ungt publikum.

Portrett av Anette Therese Pedersen
Anette Therese Pettersen

Kritikk i Den kulturelle skulesekken har dei siste åra blitt utforska gjennom både DKS-LAB for kritikere og pilotprosjektet Den kritiske skulesekken; eit samarbeid mellom Kulturtanken og Norsk kritikerlag.

– Prosjektet undersøkte korleis kunstkritikk kan gi barn og unge verktøy til å reflektere kritisk om kunst frå ulike felt, og til å formidle kritisk refleksjon munnleg og skriftleg, fortel Anette Therese Pettersen, som har vore initiativtakar gjennom rolla si som stipendiat i Kulturtanken.

Pettersen har mangeårig erfaring som kunstkritikar og har leidd arbeidet med pilotprosjektet. I etterkant av kritikkseminaret er ho imponert over korleis ungdommane klarte å sjå framsyningane i ein større kontekst, og dessutan diskutere strukturelle trekk ved kulturtilbodet til barn og unge.

– Det er ei krevjande øving, uavhengig av alder – særleg når ein sit med publikum rundt seg!

Meir action på scena, takk!

Ungdommane som er med på seminaret er langt frå uvande med kritikarrolla. Dei er her på oppdrag frå elevjuryen til DKS Oslo og Unge Stemmer, nettsida til Scenekunstbruket der ungdommar mellom 13 og 20 år får skrive om profesjonell scenekunst. Prosjektet feirar 10 år i 2022.

Med utgangspunkt i kva dei har sett på festivalen trekkjer dei konklusjonar om kva som fungerte bra av form («det kjendest litt som å sjå på film, berre endå meir imponerande») og tematikk («Dei prøvde ikkje openlyst å appellere til oss som publikum, det synest eg var bra»).

En skuespiller har på seg et håndkle og trekker ned buksene sine, Hun ser litt usikkert ut på publikum
Under Showbox 22 har kritikarane frå Unge Stemmer mellom anna sett "What The F… is Going On" av NIE Theatre.

– Det er viktig at det er ein raud tråd - at ein skjønner kva ein ser på, seier Thormod (15).– I tillegg er det viktig at det sceniske er visuelt bra. Eg liker at det skjer noko!

Kjøkkenbord-formatet legg til rette for ein uformell og open diskusjon. Gjennom samtalen fortel ungdommane òg korleis dei pleier å jobbe med Unge Stemmer.

– Vi er ærlege når vi ikkje liker noko. Men viss ingen ønskjer å ta på seg å komme med negativ kritikk kan vi skrive ein felles tekst, fortel dei og legg vekt på at kritikken alltid må vere konstruktiv.

– Vi seier alltid noko om kva som kan bli betre og kvifor vi ikkje likte det.

Ungdommer snakker sammen mens de sitter ved et bord

Ungdommane saknar fleire kanalar for kritikk av og for unge, også i skulen.

– Der får vi berre servert det vi skal lære. Det er ikkje så mykje rom for å dele meiningar eller reflektere over det vi har sett.

Ikkje fortel oss kven vi er

På slutten av dei tilmålte 45 minutta blir det opna for spørsmål frå publikum:

Er de ofte usamde om framsyningane de ser?

Meld deg på vårt nyhetsbrev, og hald deg oppdatert om Den kulturelle skulesekken og kunst og kultur for barn og unge.

– Vi er på same alder og ofte frå same stad, og har derfor ofte like erfaringar og meiningar, er svaret. – Viss vi er usamde, pleier det ikkje ta lang tid før vi finn ei kollektiv meining.

Kva synest de om at vaksne prøver å lage scenekunst for ungdom?

– Eg er litt lei av å sjå dei same temaa heile tida, i alle fall når dei ikkje tenkjer nytt, seier Vera (15).

Ungdommane peikar på overtydelege og unyanserte framstillingar av problemstillingar som døme på framsyningar som ikkje treffer like godt som dei kanskje trur, men som nærmast står fram som «pensum».

– Det er det eg kallar typisk skuleframsyning – hadde ikkje reist inn til byen for å sjå det saman med mamma, liksom, utdjupar Vera til humring frå salen.

To ungdommer smiler til kamera og viser fredstegnet med hendene
Vera og Thormod, fornøgde etter vel gjennomført seminar.

Dei unge kritikarane er samde om at scenekunst til målgruppa deira må vere noko som den vaksne sjølv synest er bra og ikkje noko ein berre går ut frå at barn og unge vil like.

– Ungdommar og vaksne har ofte meir til felles enn de kanskje trur!

Ovanfrå og ned

Ein kort pause og liten omrokkering seinare er det klar for neste og siste runde av kritikkseminaret. Ungdommane har fått fri og no er det dei vaksne kritikarane som sit rundt bordet.

Kva observerte dei under den førre samtalen, og kva beit dei seg spesielt merke i?

– Det var litt overraskande at dei sa at det var stor semje i gruppa, seier Ida Habbestad som mellom anna har erfaring med unge kunstkritikarar i programarbeidet til DKS Oslo. –  Eg opplever det ikkje sånn! Det pleier å vere mange ulike synspunkt som kjem fram og at det kan ta lang tid å falle på ein felles konklusjon.

Seks personer sitter rundt et bord fylt av papirer
Dansar og scenekunstkritikar Grace Tabea Tenga.

Helge Heikkilä, som i si tid starta nettsida teaterungdom.no, synest det er interessant at ungdommane sa at framsyningar ikkje treng å ha blitt laga til dei spesifikt.

– Det at dei kallar det skuleframsyning botnar kanskje i ei kjensle av at "no har eg skjønt kva det er vi skal sjå".

Ida Habbestad peikar på at unge ofte kan veldig mykje om tema i typiske «skuleframsyningar» allereie, og responderer dårleg når desse blir iscenesette på ein stereotypisk måte.

–  Det kan fort kjennast veldig ovanfrå og ned, supplerer scenekunstkritikar Grace Tabea Tenga.

Gi plass til kritikken

Eit viktig spørsmål som blir løfta under samtalen er korleis kritikken kan styrkjast og opnast for fleire elevar.

– Ein kan komme med nokre andre innfallsvinklar enn dei som står i norskboka, foreslår Johannes Hafnor frå DKS Viken. – Det igjen kan smitte over på lærebøkene, ved at ein utviklar eller tek i bruk nye verktøy.

To mennesker snakker med hverandre mens de sitter ved et bord
Johannes Hafnor og Ida Habbestad.

Dramatikar og kritikar Runa Borch Skolseg meiner kritikkarbeid fortener meir plass i skulen for å kunne tenkje kollektivt og nytt rundt kunst. – Det krev tillit og ambisjon. Prosessen får ofte får dårleg tid.

– Kritikk som totaluttrykk kan løftast gjennom meir demokratiske metodar. Teikning i staden for skriving er eit døme på det, noterer kunstkritikar Andreas Breivik. – Vi må involvere nye stemmer, ikkje berre dei som er skuleflinke og snakkar høgast.

Vi må involvere nye stemmer, ikkje berre dei som er skuleflinke og snakkar høgast.

Andreas Breivik

Håpar på vidareutvikling

 Eg var imponert over refleksjonsnivået til ungdommane. Dei var tydelege på at dei synest den subjektivt forankra kritikken er mest interessant, og at det er mangel på stader der kritikk laga av unge faktisk vender seg til andre unge, forklarer Pettersen i etterkant av samtalen.

– Det gav òg vaksenpanelet eit godt utgangspunkt for vidare samtale, som då kunne fabulere og tenkje vidare i forlenginga av ungdommanes og eigne erfaringar. Eg synest begge samtalane rakk over ganske mykje, og mest av alt skulle eg gjerne hatt meir tid.

En dame sitter ved et bord og smiler til andre mennesker som sitter med ryggen til kameraet
Anette Pettersen under kritikkseminaret.

Sjølv om seminaret markerte avslutninga for pilotprosjektet, håpar forskaren på meir kritikk i skulesekken, spesielt for å vidareutvikle modellane som blei testa ut og at andre modellar kan skapast.

– Det var fleire av temaa vi var innom i seminaret som eg òg håpar ein kan få tid til å diskutere og undersøkje nærmare, noterer ho.

– Mellom anna sjå meir konkret på korleis vi kan bringe underrepresenterte stemmer inn i kritikken, og kva slags format og publiseringsmoglegheiter for kritikk av, med og for unge dette kan gjerast innanfor.

Desse kritikarane var med på seminaret:

Anette Therese Pettersen (kritikar og stipendiat hos Kulturtanken), Pernille Welent Sørensen (forskar) Andreas Breivik (kunstkritikar), Ida Habbestad (kritikar), Helge Heikkila (teatermenneske og kritikar), Johannes Hafnor (einingsleiar produksjon, DKS Viken), Grace Tabea Tenga (scenekunstkritikar) og Runa Borch Skolseg (dramatikar, forfattar og scenekunstkritikar).

Les kritikk frå Showbox-programmet på ungestemmer.no

Lær meir: oversikt over norske og internasjonale kritikkprosjekt

Barnehagebarn rekker opp hånda

Kritikk for, med og av barn og unge

Oversikt over prosjekter som jobber eksplisitt med kritikk, både i Norge og internasjonalt.

Fleire bilete frå Showbox 2022

To skuespillere ler og holder rundt hverandre, de har på seg vinterklær og ryggsekker
En skuespiller står på en scene og gestikulerer med armene, hun har på seg et håndkle og svømmebriller
En utøver står på en scene med to skuespillere bak seg, hun har et trist ansiktsuttrykk
Folk snakker sammen i et stort rom med et juletre i midten
En gutt sitter ved et bord og kikker ut til siden. Rundt ham sitter andre ungdommer og et publikum.
Fire ungdommer snakker sammen mens de sitter ved et bord
Ungdommer snakker sammen mens de sitter ved et bord
En utøver står på en tåkefylt scene og ser ut til siden
En utøver smiler og holder en dukke som ser ut som en andunge
To utøvere står på en tåkefylt scene, de står ved siden av hverandre og ser i hver sin retning
To utøvere lager skyggespill ved hjelp av et laken og lys på en scene
En utøver sitter på huk på en scene, hun har et overrasket uttrykk i ansiktet
En utøver opptrer med en rockering på en scene

Relevante artiklar

Portrettbilde av Anette Therese Pettersen, stipendiat i Kulturtanken.

Forskar på scenekunstopplevingar i DKS

Anette Therese Pettersen er stipendiat i Kulturtanken. Med lang erfaring som kritikar og scenekunst for barn og unge som spesialfelt, er ho no i gang med ei doktorgrad der ho fordjupar seg i feltet.

DKS-LAB utvides i 2022

Det landsdekkende utviklingsprogrammet for visuell kunst i DKS fortsetter med samme modell og flere nye prosjekter.