
ADA utviklingslab med tre nye prosjekt
Gjenbruk av kasserte biblioteksbøker. Lydbølgjer som kroppsleg erfaring. Scenekunst om helse. Tematikken er mildt sagt variert i den nyaste runden til ADA utviklingslab.
ADA utviklingslab i Kristiansund er eit nasjonalt tilbod som gir kunstnarar og formidlarar høve til å utvikle, teste eller utforske prosjekt opp mot ny teknologi – i samspel med barn og unge.
I dei første åra blei teknologi og infrastruktur lagt vekt på. I denne runden jobbar ein mest med innhald, såkalla kunstbaserte læringsopplevingar for barn og unge. I tillegg er samarbeidsperioden med kunstnarane utvida frå eitt vekeopphald til eit halvt års samarbeid, som inkluderer to labbar.

Kvart prosjekt får det prosjektleiar Elin Kanck Lorentzen omtalar som «ein skreddarsydd landsby», for best mogleg å spisse og utvikle det kunstnarlege og pedagogiske opplegget.
I denne utlysingsrunden blei tre prosjekt plukka ut etter ein pitsjerunde.
– Vi var ikkje på jakt etter eit ferdig prosjekt, men etter interessante idear vi kunne få lov til å vere med på å utvikle. Og så var det viktig at søkjarane hadde interesse for å jobbe med målgruppa barn og unge med funksjonsvariasjonar, fortel prosjektleiaren.
Medskaping frå målgruppa
Prosjekta deltok på sin første lab i november 2025. Labben føregjekk over tre dagar på kulturhuset Normoria i Kristiansund, med born og unge frå ein barnehage, ein ungdomsskule og ein vidaregåande skule som aktive medskaparar.
– Medskaping frå målgruppa og innspel frå ressurspersonar som kjenner henne, er heilt essensielt. Eg trur rett og slett at vi får betre kunstopplevingar av det. Gjennom ADA-labbane byggjer vi både publikum og forståing for at veldig mykje kunst blir skapt i samspel og relasjon
Medskaping fra målgruppa og innspill fra ressurspersonar som kjenner den, er heilt essensielt.
Elin Kanck Lorentzen
Ifølgje prosjektleiaren blir både prosessen og resultatet betre jo lenger opp i samspelstrappa dette skjer.
– Tradisjonelt har ein vist noko til målgruppa som nesten er ferdig. Det er ikkje medskaping, det er tilbakemelding. Jo tidlegare i prosessen medskaping skjer, jo betre. Samtidig har eg respekt for kunstnarar som ikkje ønskjer «innblanding» i sin kunstnarlege prosess.
Tre nye prosjekt
Hvert år kastes over én million biblioteksbøker.
Kristin Reitan, barne- og ungdomsbibliotekar frå Sunndal bibliotek, ønskjer å utforske korleis slike bøker kan få eit nytt liv – som byggemateriale. Prosjektet har arbeidstittelen «Frå bok til byggekloss».
– Prosjektet er spennande fordi det er lågterskel. Det finst veldig mykje materiale som kan gå frå bok til byggekloss. På sikt er målet å kome fram til ei metodebeskriving som både bibliotek og barnehagar kan bruke.
Scenekunstgruppa K:13 ønskjer med prosjektet sitt «Det stille ropet» å setje søkjelys på sjølvmord og psykisk helse. K:13 Scenekunst består av Steinar Thorsen, Jorunn Lullau og produsent Hjørdis M. Steinsvik.
– Landsbyen vi bygde rundt utøvarane bestod av kompetanse frå rådgjevarapparatet på skulen, kommunepsykolog og ein teaterregissør, i tillegg til prøvevisinga for elevar på vidaregåande skule.
Inntrykket til prosjektleiaren er at denne produksjonen hadde ekstra nytte av medverknaden frå målgruppa. Kommunepsykologen peikte mellom anna på kor viktig det er å leggje vekt på alt som skjer før eit eventuelt sjølvmord

Musikarane Ane Elise Lassen og Julia Palmer ønskjer å utforske korleis born og unge kan møte lyd gjennom vibrasjon, rørsle og improvisasjon. Prosjektet har fått namnet «Soundwaves».
Under labben oppretta dei ulike «stasjonar» der målgruppa kunne kjenne musikken i kroppen og i tillegg dirigere han ved hjelp av plastelina. Ved for eksempel å dra materien langt ut fekk du ein lang tone tilbake frå bassisten.
– Vi fekk verdifull erfaring då vi jobba med eit testpublikum med tunge funksjonsvariasjonar, seier Lorentzen.
Det var høg gåsehud-faktor under heile den første laben.
Eitt barn om gongen fekk oppleve produksjonen. På førehand hadde nokre følgjepersonar gitt beskjed om at det kunne bli vanskeleg å få tilbakemeldingar eller merksam nærvær frå borna.
– Men det vi faktisk opplevde, var nærvær, kontakt og direkte samspel mellom musikar og born.
Ifølgje Lorentzen blei dette ei viktig bevisstgjering om at det ikkje er nok å jobbe med publikum, ein må også jobbe med apparatet rundt målgruppa.
– Det var høg gåsehud-faktor under heile den første labben, oppsummerer prosjektleiaren.

Ønskjer å utvikle publikum
Frå mars 2026 overtek Normoria drifta av ADA utviklingslab. Lorentzen skildrar labbane som ein metodikk.
– Det er framleis mange hinder for deltaking i kultur- og samfunnsliv. Mange har ikkje fått oppleve kunst og kultur fordi dei til dømes ikkje klarer å sitje i ro eller vere stille. Framover håpar eg at ADA utviklingslab kan utvikle gode tilbod og opplevingar ved at nye publikumsgrupper blir involverte på eit mykje tidlegare tidspunkt.
Neste Ada-lab blir arrangert 9.–10. mars i Kristiansund. Då blir det hovudfokus på prøvevisingar, vidare publikumsutvikling og rettleiing for iverksetjing av prosjekta.
Vil du holda deg oppdatert om kunst og kultur for barn og unge, inkludert Den kulturelle skulesekken?

