Skip to main content
En gruppe elever går etter en person kledd i kamuflasje

Tiltak for å auke samarbeid mellom kultur- og utdanningssektor

Gjennom ulike tiltak og prosjekt, arbeider Kulturtanken for å styrkje samarbeid mellom kulturfeltet og skulane.

Bilde: "Knekke greine" med KompaniTO og ENT. Foto: Marte Glanville

Kulturtanken skal bidra til høg kunstnarisk og formidlingsmessig kvalitet på tilbodet i Den kulturelle skulesekken (DKS) innan alle kunstretningar, som sampiller med læreplanverket for grunnopplæringa. Arbeidet med innhald og kvalitet i DKS skal skje i samarbeid med kultur- og utdanningssektor.

DKS skal vere eit samarbeid mellom kultursektoren og utdanningssektoren på alle nivå for å sikre god planlegging, forankring og tilrettelegging.

Kilde: Statsbudsjettet 2023 - Tildelingsbrev til Kulturtanken

Kulturtanken har sett i gang ei rekkje prosjekt og samarbeider med mange aktørar for å sikre desse måla:

DKS-forum i samarbeid med KS og Utdanningsdirektoratet

DKS-forum blir arrangert i samarbeid med KS og Utdanningsdirektoratet, og samlar sentrale aktørar frå utdanningssektoren og kunst- og kultursektoren. Målet for forumet er å skape dialog mellom dei to ulike sektorane og vidareutvikle DKS-ordninga, og å synleggjere verdien kunst og kultur har i grunnopplæringa.

DKS i vidaregåande skule

DKS i VGS handlar om å dele gode erfaringar, spennande prosjekt og god organisering på tvers av fylka, og å synleggjere dette.   Fokusområda er godt samarbeid mellom skulesektor og kultursektor i fylkeskommunane og moglegheit for relasjonsbygging mellom DKS-einingane.

Verktøy for elevtilbakemeldingar

Verktøyet for elevtilbakemeldingar er tilgjengeleg for alle 5.–10.-klassar i Noreg gjennom DKS-portalen. Dette verktøyet gir elevane ein enkel og engasjerande måte å gi tilbakemeldingar etter å ha delteke i Den kulturelle skulesekken (DKS). For lærarane blir det ei praktisk plattform for å starte refleksjon og samtaler om opplevingane. 

DKS-digital

Utviklingsprosjektet DKS-digital fokuserer på å styrkje DKS sin plass i skulen, og leggje til rette for at DKS-ressursar blir meir tilgjengelege for elevar og lærarar på dei digitale læringsplattformene dei allereie bruker, eksempelvis Elevkanalen. Auka tilgjengelegheit kan gjere det enklare for skulen å planleggje og leggje til rette for relevante læringsaktivitetar rundt kunst- og kulturopplevingane.

Meld deg på nyheitsbrevet vårt og få nyttig informasjon rett i innboksen!

Koplingsverktøyet

Koplingsverktøyet i DKS-portalen koplar DKS-produksjonar til læreplanverket, noko som synleggjer DKS sin relevans for innhaldet i skulen. Bruk av koplingsverktøyet kan bidra til betre for- og etterarbeid knytt til DKS-produksjonar.

DKS i lærarutdanninga

Fleire lærarutdanningar har no pilotar eller obligatorisk undervisning om DKS som ein del av utdanninga. Dette bidreg til å styrkje framtidige lærarars kompetanse om korleis å bruke kunst- og kulturopplevingar i undervisninga, og dessutan auka kunnskap og kjennskap til ordninga.

Les meir om satsingsarbeidet for å få DKS inn i lærarutdanninga

DKS kommer: ressursside om DKS for alle i skulen

Nettsida dkskommer.no er skreddarsydd til lærarar, kulturkontaktar og skuleleiarar. Vi har samla informasjon om ordninga, gir døme på rettleiingsmateriell og byr på inspirasjon.

Sjå også:

En kvinne står på scenen foran en gruppe barn, og smiler til en jente som står foran henne.

Legg til rette for kunstmiljøa

Kulturtankens arbeid fokuserer på utvikling, nettverksbygging, rettleiing og inspirasjon for kunstnarar som ønskjer å engasjere seg i Den kulturelle skulesekken (DKS).

Elever rekker opp hånda i klasserommet.

Kunst og kultur i skolen

Kulturtanken skal bidra til koordinering av feltene kunst, kultur og skole. Skolen trenger kunsten og kulturen i sitt dannelsesoppdrag.

Sittende publikum ser på en presentasjon. Kulturtanken-logo på rollup i forgrunnen.

Om Kulturtanken

Kulturtanken er ein statleg fagetat for kunst og kultur til barn og unge.