Skip to main content
En gruppe på seks forskjellige unge kvinner som står utendørs om høsten, iført varme kåper og jakker langs et rekkverk.

Ungdomsrådet

Ungdomsrådet hjelper Kulturtanken med råd innan ungdomskultur, trendar og teknologi og samarbeid mellom skule, elevar og DKS.

Ungdomsrådet er oppretta i samarbeid med Elevorganisasjonen (EO), Ungdom og Fritid (UoF) og Landsrådet for Norges barne- og ungdomsorganisasjoner (LNU).

Medlemmene i rådet er valde frå dei respektive medlemsorganisasjonane sine. Medlemmene representerer berre seg sjølv, men kan hente inn råd frå organisasjonane og nettverka sine elles. Rådet har ei styringsgruppe, beståande av ein representant for kvar av dei fire partnarorganisasjonane.

Mandatet til ungdomsrådet er å hjelpe Kulturtanken med råd innan ungdomskultur, trendar og teknologi og samarbeid mellom skule, elevar og DKS. Ungdomsrådet skal kunne gi råd til Kulturtanken om arbeidet med Den kulturelle skulesekken (DKS) på nasjonalt, regionalt og lokalt nivå. Sakene rådde kan drøfte, skal vere innanfor utdanningssektoren, kultursektoren og dei ulike kunstartane i DKS.

Rådet skal møtast 4-6 gonger i året.

Medlemmar for 2024/25: Shruti Bojedla (UoF), Ida Haugen Skulstad (LNU), June Karine Køhncke Urholt (LNU), Tea Kristine Varsi (EO), Alette Lehne Bergli (EO) og Dilara Kara (UoF).

Ahmet Titrek satt i panelet under Nettverkssamling for DKS i april 2023.
En ung kvinne står lent mot et bord. På skjermen bak henne står navnet hennes.
Ida Haugen Skulstad holdt innlegg under DKS-forum i april 2023.